Hopp til hovedinnhold
FHI logo

Folkehelseprofilar for kommunar, bydelar og fylke 2020

Rapport

|

Publisert

Folkehelseprofilane inneheld statistikk og vurdering av temaområda befolkning, oppvekst og levekår, miljø, skader og ulykker, helserelatert åtferd og helsetilstand. Tema i 2020 er sosialt berekraftige lokalsamfunn. Profilane følger den nye kommune- og fylkesinndelinga.

Det er utarbeida ein profil for kvar kommune og fylke og for bydelane i fire byar. Profilen er på fire sider med ein felles temaartikkel og i tillegg statistikk som er spesifikk for den enkelte kommune, bydel og fylke.

Byane som kan hente bydelsprofilar er Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim. Folkehelseprofilar for kommunar og fylke er utgjevne på bokmål og nynorsk frå og med 2012. Bydelsprofilar kom med i 2015.

Alle profilane tilbake til 2012 kan lastast ned frå nettsida Hent folkehelseprofil Sjå relaterte dokument, her finn du eksempel på 2020-profilane.

Temaartikkelen for 2020 handlar om sosial berekraftige lokalsamfunn. Statistikken som blir vist i profilen, er tilpassa dette temaet. I tillegg kan kommunar og fylke hente statistikk frå Kommunehelsa statistikkbank  og Norgeshelsa statistikkbank.

Ifølgje lov om folkehelsearbeid skal kommunane skaffe seg oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar folkehelsa. Folkehelseprofilane og statistikkbankane er viktige hjelpemiddel i dette arbeidet. I tillegg må kommunane bruke lokalkunnskap og andre relevante kjelder.

Publisert