Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv

Rapport

Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret): Rapport om svangerskapsavbrot for 2018

  • Utgitt: Mars 2019
  • Av: Folkehelseinstituttet
  • Forfattere: Løkeland M, Heiberg‐Andersen R, Akerkar R, Pedersen Y, Askeland OM, Hornæs M, Seliussen I, Juliusson PB..
  • ISSN ELEKTRONISK: 1891‐6392
Abortrapport-forside_Side_1.png

Rapporten viser  tal over begjæringar om og utførte svangerskapsavbrot i Noreg i 2018.


Har du funnet en feil?

Bestill

Last ned:

Sammendrag

2018 vart det sendt inn 13 641 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 12 380 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 364 (2,9 %) færre svangerskapsavbrot enn i 2017.

Avbrotsraten har ein nedgang frå 10,6 i 2017 til 10,3 per 1 000 kvinner i fertil alder (15‐49 år) i 2018. Finnmark, Oslo og Troms er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 14,1 i Finnmark, 13,5 i Troms og 12,6 i Oslo. Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Rogaland hadde dei lågaste ratene for svangerskapsavbrot; med 7,3 per 1 000 kvinner i Sogn og Fjordane, 8,2 i Møre og Romsdal og 8,6 i Rogaland (Tabell 2).

Sidan 2008 har det vore ein nedgang i talet på abortar per 1000 fødslar for alle kvinner i fertil alder (15‐49 år).

Talet på svangerskapsavbrot i aldersgruppa 15‐19 år går ytterlegare ned

Nedgangen i svangerskapsavbrot ein har sett blant dei yngste kvinnene sidan 2008 heldt fram frå 2017 til 2018; med eit fall i abortraten frå 6,3 til 5,5 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner i alderen 15‐19 år. I 1980 var talet 22,5 per 1 000 kvinner i alderen 15‐19 år og den gongen var det denne aldersgruppa som hadde den høgste abortraten av alle.

Finnmark hadde høgast førekomst av svangerskapsavbrot blant kvinner i aldersgruppa 15‐19 år, med 11,5 per 1 000 kvinner, etterfølgt av Troms og Oslo med 8,3 og 7,5 per 1 000 kvinner. Lågaste førekomst av svangerskapsavbrot finn ein i Sogn og Fjordane med 2,2 per 1 000 kvinner i alderen 15‐19 år. Bortsett frå Finnmark ligg alle på ein rate under 10 per 1 000 kvinner. Hedmark hadde den største nedgangen frå ein rate på 7,1 til 2,8 per 1000 kvinner frå 2017 til 2018.

Avbrotsraten er høgast i aldersgruppa 25‐29 år

Aldersgruppa 20‐24 år har lenge hatt den høgaste førekomsten av
svangerskapsavbrot, men den har vore fallande dei siste åra, og har no vorte lågare enn avbrotsraten i aldersgruppa 25‐29 år. I 2015 var raten 21,1 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner både i alderen 20‐24 og 25‐29 år mot 16,9 og 17,6 i 2018.

Finnmark hadde høgast førekomst med 25,0 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner, medan Vest‐Agder hadde lågast førekomst med 12,2 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner i alderen 20‐24 år. Bortsett frå Finnmark og Troms har alle no ein rate under 20 per 1 000 kvinner.

Framleis auke i bruk av medikamentell behandling som avbrotsmetode

Medikamentell behandling ved svangerskapsavbrot vart gjort tilgjengeleg i Noreg i 1998. Etter det har vi sett ei tilnærma total omlegging av behandlinga frå kirurgisk til medikamentell avbrotsmetode. Medikamentell metode har vore den mest brukte avbrotsmetoden sidan 2008 ved sjølvbestemte svangerskapsavbrot, og bruken har vore gradvis aukande. I 2018 vart 91,0 % av dei sjølvbestemte avbrota gjennomført medikamentelt, medan andelen var 45,3 % i 2007. Nordlandssykehuset Vesterålen (63,2 %) har lågast bruk av medikamentell avbrotsmetode, medan Ringerike sykehus (0,7 %) har lågast bruk av kirurgisk metode. Skilnad i prosentdelen medikamentell abort kan skuldast at ikkje alle sjukehus har tilbod om medikamentell abort i 9‐12 svangerskapsveke.

Sjølvbestemte og nemndbehandla svangerskapsavbrot

Dei fleste sjølvbestemte avbrot vert utført før 9. svangerskapsveke (82,6 %) (Tabell 8). Av alle utførte svangerskapsavbrot i 2018 var 11 816 (95,4 %) sjølvbestemte, og 564 (4,6 %) nemndbehandla. Dei sjukehusa med lågast førekomst av svangerskapsavbrot før 9. veke er Lofoten sjukehus (64,6 %), Ålesund sjukehus (71,6 %) og Haukeland sjukehus (75,2 %). Dette er under landsgjennomsnittet for svangerskapsavbrot utført før 9. veke på 82,6 %.

Særskilt om nemndbehandla svangerskapsavbrot

Ei begjæring om svangerskapsavbrot etter utgangen av 12. svangerskapsveke vert handsama i nemnd; fyrst i ei primærnemnd, og dersom den gir avslag, skal primærnemnda straks sende vedtaket og dokumenta i saka til ei sentral klagenemnd, jf. abortlova § 8 andre ledd. Frå 15. februar 2010 har klagesakene vorte sendt til Den sentrale klagenemnda som vert administrert av Helsedirektoratet og er lagt til Oslo universitetssykehus.

Det vart utført 564 nemndbehandla svangerskapsavbrot i 2018, som er 11 (2 %) fleire enn i 2017. Av dei utførte nemndbehandla avbrota i 2018 vart 550 (97,5 %) innvilga i primærnemnd og 14 (2,5 %) i Den sentrale klagenemnda.

Det var 430 begjæringar om avbrot før 18 veke. Av dei var 400 innvilga i primærnemnd og 385 utført. Av dei 8 som fekk avslag i primærnemnd møtte 5 i klagenemnd der 4 vart innvilga og ei fekk avslag. Tre av desse vart utført. Dersom ein ser bort frå fråfall har 1/430 kvinner som begjærte abort før utgangen av 18. veke fått avslag i både primærnemnd og klagenemnd.

Vi ser ein nedgang i talet på avbrot innvilga etter § 2 tredje ledd bokstav a og b som omhandlar kvinna si helse og livssituasjon. Dette følger nedgangen i abortraten generelt. I staden ser vi ein auke i talet på avbrot innvilga etter abortlova § 2 tredje ledd bokstav c, dvs. grunna stor fare for at barnet kan få ein alvorleg sjukdom som følge av arvelege anlegg, sjukdom eller skadelege påverknader under svangerskapet (Figur 9). Noko av denne auken kan forklarast ved at kvinner får barn seinare i livet. Dei fleste av dei nemndbehandla avbrota vert utført før 18. svangerskapsveke.

Av dei 564 nemndbehandla avbrota vart 398 (70.6 %) handsama og utført ved dei 7 største helseinstitusjonane.