Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Rapport

Rapport om svangerskapsavbrot for 2015

I 2015 vart det utført 14 001 svangerskapsavbrot, det er om lag same talet som i 2014. Aborttala går ned både blant tenåringar og i aldersgruppa 20–24 år, viser 2015-tala frå Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet.


  • Utgitt: 2016
  • Av: Folkehelseinstituttet
  • Forfattere:
  • ISSN ELEKTRONISK: 1891-6392

Bestill

Last ned:

Sammendrag

Kommentar til statistikken for 2015

I 2015 vart det sendt inn 15 778 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 14 001 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 65 (0,5 %) færre svangerskapsavbrot enn i 2014 (Tabell 1).

Abortrata er tilnærma uendra; frå 11,8 i 2014 til 11,7 per 1 000 kvinner i fertil alder (15–49 år) i 2015. Oslo, Finnmark og Troms er som tidlegare år dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 16,0 i Oslo, 15,5 i Finnmark og 13,6 i Troms. Vest-Agder, Møre og Romsdal og Aust-Agder hadde dei lågaste ratene for svangerskapsavbrot; med 8,6 per 1 000 kvinner i Vest-Agder, 8,8 i Møre og Romsdal og 9,0 i Aust-Agder (Tabell 2).

Talet på svangerskapsavbrot i aldersgruppa 15–19 år er historisk låge og fallande

Tala for aldersgruppa 15-19 år inkluderer også tal for aldersgruppa under 15 år. I 2015 vart det utført 19 svangerskapsavbrot i aldersgruppa under 15 år.  

Nedgangen i svangerskapsavbrot ein har sett blant dei yngste kvinnene sidan 2008, heldt fram frå 2014 til 2015; med eit fall i abortrata frå 9,6 til 8,3 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner i alderen 15–19 år. I år 2000 var talet 20,1 per 1 000 kvinner i alderen 15–19 år (Tabell 1).

Finnmark hadde høgast førekomst av svangerskapsavbrot blant kvinner i aldersgruppa 15-19 år, med 13,1 per 1 000 kvinner, etterfølgt av Troms og Nordland med 13,0 og 10,9 per 1 000 kvinner. Lågaste førekomst av svangerskapsavbrot finn ein i Aust-Agder med 5,3 per 1 000 kvinner i alderen 15–19 år. (Tabell 3 og Figur 3). Bortsett frå dei tre nordlegaste fylka ligg alle på ei rate under 10 per 1 000 kvinner. Aust-Agder hadde den største nedgangen frå 9,8 i 2014 til 5,3 i 2015 per 1 000 kvinner i aldersgruppa.

Førekomst av svangerskapsavbrot i aldersgruppa 20-24 år er no lik med den i aldersgruppa 25-29 år.

Aldersgruppa 20–24 år (Figur 1) har lenge hatt den høgaste førekomsten av svangerskapsavbrot, men og i denne gruppa har abortrata vore fallande dei siste åra, og den har no vorte lik den for aldersgruppa 25–29 år. I 2015 var rata 21,1 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner både i alderen 20–24 og 25–29 år mot 21,8 og 20,7 i 2014 (Tabell 1). Oslo hadde høgast førekomst med 28,9 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner, medan Sør-Trøndelag hadde lågast førekomst med 15,7 svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner i alderen 20–24 år. Buskerud og Finnmark hadde den største nedgangen i førekomst i denne aldersgruppa frå 2014 til 2015; frå 24,5 til 19,9 avbrot per 1 000 kvinner i Buskerud og 30,2 til 26,4 i Finnmark.

Framleis auke i bruk av medikamentell behandling som avbrotsmetode

Medikamentell behandling har vore den mest brukte avbrotsmetoden sidan 2008 ved sjølvbestemte svangerskapsavbrot, og bruken har vore gradvis aukande (Figur 4). I 2015 vart 86,4 % av dei sjølvbestemte avbrota gjennomført medikamentelt, medan andelen var 45,3 % i 2006 (Figur 4). Finnmarksykehuset Klinikk Kirkenes (60,9 %), Sykehuset Østfold (66,8 %) og Sykehuset Namsos (68,4%) har lågast bruk av medikamentell avbrotsmetode, medan Stavanger universitetssjukehus (0,8%), Ringerike sjukehus (1,2 %) og St. Olavs Hospital (2,1%) har lågast bruk av kirurgisk avbrotsmetode (Tabell 8).

Sjølvbestemte og nemndbehandla svangerskapsavbrot

Dei fleste sjølvbestemte avbrot vert utført før 9. svangerskapsveke (80,3 %) (Tabell 8). Av alle utførte svangerskapsavbrot i 2015 var 13 411 (95,8 %) sjølvbestemte, og 590 (4,2 %) nemndbehandla (Tabell 9). Dei to sjukehusa med lågast forekomst av svangerskapsavbrot før 9. veke er Nordlandssykehuset Lofoten (64,8 %) og Sykehuset Namsos (67,1 %) (Tabell 8). Blant universitetssjukehusa ligg St. Olavs Hospital (67,8 %), Universitetssykehuset Nord-Norge (72,7%) og Stavanger universitetssjukehus (75,8 %) under landsgjennomsnittet for svangerskapsavbrot utført før 9. veke (Tabell 8). Helsedirektoratet starta eit prøvprosjekt med medikamentell abort opp til 9 vekers graviditet hjå 9 avtalespesialistar i Bergen, Oslo og Stavanger i 2015. I løpet av året har 204 kvinner tatt i mot dette tilbodet.

Særskilt om nemndbehandla svangerskapsavbrot

Ei begjæring om svangerskapsavbrot etter utgangen av 12. svangerskapsveke vert handsama i nemnd; fyrst i ei primærnemnd, og dersom den gir avslag, skal primærnemnda straks sende vedtaket og dokumenta i saka til ei sentral klagenemnd, jf. abortlova § 8 andre ledd. Frå 15. februar 2010 har klagesakene vorte sendt til Den sentrale klagenemnda som vert administrert av Helsedirektoratet og er lagt til Oslo universitetssykehus. Det vart utført 590 nemndbehandla avbrot i 2015, som er 43 (7,9 %) fleire enn i 2014. Av dei utførte nemndbehandla svangerskapsavbrota i 2015 vart 575 (97,5 %) innvilga i primærnemnd og 15 (2,5 %) i Den sentrale klagenemnda (Tabell 9). Talet på avbrot innvilga etter abortlova § 2 tredje ledd bokstav c, dvs. grunna stor fåre for at barnet kan få ein alvorleg sjukdom som følge av arvelege anlegg, sjukdom eller skadelege påverknader under svangerskapet, har auka dei seinare åra, men frå 2013 til 2015 har dette talet gått ned (Figur 8). Dei fleste av dei nemndbehandla avbrota vert utført før 18. svangerskapsveke (Figur 9). Dei 590 nemndbehandla avbrota vart i stor grad (382, 64,7 %) handsama og utført ved dei største helseinstitusjonane (Tabell 15).

Rapport om svangerskapsavbrot 2015.jpg