Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Rapport
Rapport 2011:5

Barnepass fram til 18 måneder. Sammenhenger mellom barnepass fram til 18 måneder og språklige ferdigheter og psykisk fungering ved 5 år

Rapporten ”Barnepass fram til 18 måneder. Sammenhenger mellom barnepass fram til 18 måneder og språklige ferdigheter og psykisk fungering” bygger på data fra Den norske mor og barn-undersøkelsen (MoBa) ved folkehelseinstituttet. Den tar utgangspunkt i opplysninger fra de vel 60 000 mødrene i utvalget med barn som hadde fylt 18 måneder innen høsten 2009.

Trykt og nedlastbar. Bokmål.

  • Utgitt: September 2011
  • Pris: 100 kr
  • Schjølberg, Lekhal, Vartun, Saugestad Helland og Schjeldrup Mathiesen. Barnepass fram til 18 måneder. Sammenhenger mellom barnepass fram til 18 måneder og språklige ferdigheter og psykisk fungering ved 5 år. Rapport September 2011. Tilgjengelig på www.fhi.no

Bestill

Last ned eller bestill

Dei fleste førskulebarn i Noreg er i dag i ulike barnepassordningar, og langt den største delen er i barnehage. Til forskjell frå i dei fleste andre land er barn i Noreg med funksjonsvanskar vanlegvis integrerte i barnegruppene. Barnepassordningar er dermed viktige arenaer for språk og læring og for førebygging og meistring av psykiske problem uavhengig av funksjonsnivået til barnet. Dette inneber også at vi har god tilgang til å skaffe oss kunnskap om korleis forholda kan leggjast til rette for læring og meistring av daglege utfordringar hos barn med ulikt utgangspunkt. Kva for betydning ulike barnepassordningar har for barns utvikling, blir hyppig diskutert i mange fagmiljø. 

Hensikta med rapporten ”Barnepass fram til 18 måneder. Sammenhenger mellom barnepass fram til 18 måneder og språklige ferdigheter og psykisk fungering ved fem år” har vore å skaffe meir kunnskap om kva slags barnepassordningar som blir nytta og korleis ulike ordningar påverkar korleis barna fungerer.

Oversiktsbilete

Rapporten gir eit oversiktsbilete over situasjonen i dag og byggjer på tilgjengeleg litteratur og data frå Den norske mor og barn-undersøkinga (MoBa) ved Folkehelseinstituttet. Først blir det presentert kunnskap om barnepassordningar basert på opplysningar om dei vel 60 000 barna i MoBa som har fylt 18 månader i tidsrommet mellom 2001 og utgangen av 2009. Deretter ser ein på bruk av barnepassordningar fram til 18 månaders alder i samanheng med språklege ferdigheiter, språkrelaterte vanskar og psykisk fungering hos dei knappe 13 000 av barna som har fylt 5 år innan utgangen av 2010.

Kva er bra for kva for barn?

Samla sett viser rapporten at verken dei språklege ferdigheitene eller den psykiske fungeringa hos barn flest varierer med kva slags passordning dei har vore i, kor gamle dei var då dei starta i barnehage eller i anna barnepass utanfor heimen, om dei brukte kombinerte passordningar eller berre éin type eller kor mange timar per veke dei var i barnepassordninga.

- For barn flest er det ikkje haldepunkt ut frå funna våre for å seie at det er skadeleg å begynne i barnehage ved 12 månader, seier forskar og spesialist i klinisk psykologi Synnve Schjølberg.

- Funna tyder heller ikkje på at barn flest som har vore heime heile perioden fram til 18 månader, er betre rusta enn barn som blir passa av andre i den same perioden, sier Schjølberg.

Nokre få av faktorane som skildrar barnepassforløp viser likevel ein svak samanheng med språkrelaterte vanskar og åtferdsvanskar, særleg hos gutar. Dei forskjellane som blir avdekte, er så små at dei neppe er viktige i behandlingssamanheng.

- Kanskje kan årsaken til forskjellane vere at nokon barn er særleg sårbare for tidspunktet for start i pass utanfor heimen eller for talet på timar dei er borte. Andre forklaringar kan finnast i kvaliteten på omsorgstilboda, seier Schjølberg.

- Desse forholda ønskjer vi å forske vidare på. Debatten rundt barnehagar bør nyanserast og fokusere på kva som er bra eller uheldig for kva for barn, seier ho.

10 hovudfunn

  1. Mesteparten av barn som blir passa utanfor heimen i perioden før dei er 18 månader, er i barnehage.
    I 2009 blir fleire barn passa av andre enn foreldra frå dei er 12 månader enn det som var tilfellet få år tidlegare. Også no blir likevel dei fleste passa heime til dei er 10–12 månader. Delen av dei som blir passa utanfor heimen, aukar deretter med aukande alder. På tvers av årstal for datainnsamling, og derved dekningsgrad, går den største gruppa av 18 månader gamle barn i barnehage (40 %), medan kvart fjerde barn (26 %) er hos dagmamma/i familiebarnehage. Ser vi berre på åra 2008 og 2009, finn vi at 59 % av barna på 18 månader går i barnehage, medan 15 % er hos dagmamma/i familiebarnehage.
  2. Talet på timar barna er i barnepass utanfor heimen når dei er 18 månader, aukar. 
    I tidsperioden frå 2001 t.o.m. 2009 blei dei fleste (63 %) av barna på 18 månader passa frå 25 til 40 timar per veke av andre enn foreldra. Gjennomsnittleg tal på timar barna blir passa av andre, blir endra frå 27 timar for barna som var 18 månader mellom 2001 og 2003 til 31 timar for dei som var 18 månader mellom 2007 og 2009.
  3. Vel halvparten av 5-åringane går i kommunal barnehage.
    98 % av 5-åringane i MoBa går i barnehage. Rundt halvparten av barna (52 %) går i kommunal barnehage, medan ein litt mindre del (45 %) går i privat barnehage.
  4. Val av barnepassordning heng saman med lengda på mødrene si utdanning.
    Generelt går delen av 18 månader gamle barn som blir passa heime frå 2003 og fram til ut 2009 ned. I MoBa har den største endringa vore hos mødre som ikkje har fullført vidaregåande skule, ei endring frå 40 % som blir passa utanfor heimen i 2003 til 63 % i 2009. Ser vi alle åra under eitt, finn vi også at ein større del av mødrene med kort utdanning passar barnet heime til det er 18 månader enn tilfellet er for mødre med lengre utdanning (50 % vs. 14 %). Barn av mødre med kort utdanning som blir passa utanfor heimen, er oftare hos dagmamma/i familiebarnehage enn barn av mødre med lengre utdanning. 
  5. Barnet sin alder ved oppstart av passordning utanfor heimen varierer med foreldra sin språkbakgrunn. 
    Ein noko større del av barna med to norskspråklege foreldre blir passa utanfor heimen når dei er 18 månader enn barna i familiar der ingen av foreldra har norsk som morsmål (74 % vs. 65 %). 
  6. Det er ein liten samanheng mellom språkrelaterte vanskar ved 5 år og barnepassforløp fram til 18 månaders alder. 
    Ein noko større del av gutane som startar i barnepass utanfor heimen før dei er 18 månader, har språkrelaterte vanskar ved 5-års alder enn gutane som blir passa heime. Forskjellane i oppstartstid forklarer likevel berre vel 1 promille av variansen i språkrelaterte vanskar. 
  7. Det er ein liten samanheng mellom åtferdsvanskar ved 5 år og barnepassforløp fram til 18 månaders alder.
    Ein litt større del av gutane som startar i barnepass utanfor heimen før dei er 18 månader, har symptom på åtferdsvanskar ved 5-års alder samanlikna med gutane som blir passa heime. Dette forklarer vel 1 promille av variansen i symptom ein finn ved 5 år. 
  8. Det er ein liten samanheng mellom åtferdsvanskar ved 5 år og det å vere i pass utanfor heimen i meir enn 40 timar i veka. 
    Ein litt større del av både jenter og gutar som blir passa utanfor heimen 40 timar eller meir per veke når dei er 18 månader, har symptom på åtferdsvanskar ved 5-års alder samanlikna med barn som er mindre enn 40 timar per veke i barnepass utanfor heimen. Dette forklarer vel 1-2 promille av variansen i symptom ein finn ved 5 år. 
  9. Det er ingen samanheng mellom emosjonelle problem ved 5 år og barnepassforløp. 
    Uavhengig av når barna startar i barnepass utanfor heimen, er verken jenter eller gutar som blir passa av andre meir engstelege og triste enn dei som blir passa heime. 
  10. Mange barn har dokumenterte utviklingsvanskar, eller auka risiko for å utvikle slike, allereie frå første leveår. 
    Ved fødselen blir det rapportert at knappe 5 % av 5-åringane har fødselsskadar, syndrom eller alvorlege medisinske problem. Ein reknar også med at vel 7 % er i risikosona for utviklingsvanskar. I tillegg har foreldra til kvar tredje 5-åring i MoBa ein eller annan gong i løpet av dei første fem leveåra til barnet uttrykt at dei er engstelege for barnet si utvikling, at dei er bekymra for at noko kan vere gale eller at fagfolk har gitt barnet ein diagnose/merknad. Ein trur at vel 8 % av 5-åringane kan ha ein spesifikk språkvanske som er meir eller mindre alvorleg og av varierande varigheit.
Rapport 2011:5.jpg

Relaterte saker

Relaterte prosjekter