Avdeling
Smittevern og vaksine
Avdeling for smittevern og vaksine er ein del av Folkehelseinstituttets område for smittevern. Avdelinga er inndelt i tre seksjonar: Seksjon for luft-, blod- og seksuell smitte 1 & 2 og Seksjon for vaksineforsyning.
Seksjonar for luft-, blod- og seksuell smitte har felles fagleiing, men delt personalleiing. Avdelinga har 52 tilsette inkluderte leiarar.
Avdeling for smittevern og vaksine ledes av Are Stuwitz Berg. 4 medarbeidarar (fagdirektørar og andre tilsette med eit avdelingsovergripande ansvar) er plassert i stab hos avdelingsdirektør
- Seksjon for vaksineforsyning ledes av Knut Jønsrud og har 16 medarbeidarar
- Seksjon for luft-, blod- og seksuell smitte 1 ledes av Hilde Kløvstad og har 16 medarbeidarar
- Seksjon for luft-, blod- og seksuell smitte 2 ledes av Berit Løkken Finess og har 15 medarbeidarar
Seksjon for luft-, blod- og seksuell smitte
Seksjonane har same faglege portefølje og blir derfor omtalt under eitt.
Oppgåver
- Rådgivning, infeksjonsovervaking, forsking og beredskap på sjukdommar som smittar mellom menneske via luft, blod eller seksuell omgang.
- Rådgivning og utarbeiding av faglege vaksinasjonstilrådingar, overvaking, forsking og beredskap for forhold rundt vaksiner og vaksinasjon.
- arbeidet med den epidemiologiske overvakinga av luftvegsjukdommar, og har ei leiande rolle i Folkehelseinstituttets handtering av covid-19
- Lede arbeidet med vaksinasjonsprogramma: barnevaksinasjonsprogrammet, influensavaksinasjonsprogrammet og koronavaksinasjonsprogrammet.
- Lede den smittevernfaglege delen av tuberkulosekontrollprogrammet.
Kompetanse
- Seksjonane har brei kompetanse innan smittevern- og vaksinerådgiving, infeksjonsepidemiologi og analyse og metodekompetanse relatert til dette. Medarbeidarane våre har også brei erfaring innan immunologi og vaksinologi, og forhold rundt haldningar til smitteverntiltak inkludert vaksinasjon.
- Tilsette: Seksjonane har til saman 31 medarbeidarar og består av seniorrådgivarar med ulik fagbakgrunn, leger, overleger, forskarar og seniorforskarar og i tillegg to seksjonsleiarar.
Seksjon for vaksineforsyning
Seksjonen har ansvaret for vaksineforsyning og vaksineberedskap
Oppgåver
- Avrop (innkjøp) på avtalar til vaksinasjonsprogram
- Innkjøp av vaksiner med marknadsføringsløyve og definerte beredskapsprodukt utan marknadsføringsløyve
- Lagerhold av vaksiner inkludert rullerande beredsapslager
- Distribusjon av vaksiner til helsestasjonar, legekontor, apotek og grossistar
Kompetanse
- Farmasøytkompetanse med god forståing for legemiddelhandtering knyttet til utlevering, grossistverksemd og kuldekjededistribusjon
- Økonomi – rekneskap og logistikk
Lagerarbeid
Tilsette: 17 medarbeidarar inkludert seksjonsleiar
Medarbeidere
Trine Skogset Ofitserova
seniorrådgiver, MA i russiske områdestudier; BA i russiske områdestudier; BA i idéhistorie; BA i tolking i offentlig sektor
- Mob: 920 38 310
- Send e-post