Avdeling
Smittevern og beredskap
Avdelinga har blant anna hovudansvar for koordinering av Folkehelseinstituttet sin operative beredskap på B-området (biologisk beredskap), og har ansvar for utbrotsberedskap og er kontaktpunkt for nasjonale (VESUV) og internasjonale varslingssysteme (IHR/EWRS).
Vi har ansvar for beredskap, overvaking, antibiotikabruk, smittevernrådgjeving og forsking for ei rekke sjukdommar og har særskilt ansvar for etterforsking av utbrot, helsetenesteassosierte infeksjonar og overvaking av resistens overfor antimikrobielle legemiddel.
Vi utfører løpande oppgåver innan beredskap, infeksjonsovervaking, epidemietterretning, smittevernrådgjeving, antibiotikastyring, i tillegg til rådgjeving innan mikrobiologi og vasshygiene og bidrar til mikrobiologisk diagnostikk og forsking på smittestoff som har særskild betydning for beredskapssituasjonen i Noreg. Avdelinga bidrar også i mange ulike internasjonale aktivitetar innan helseberedskap og global helsesikkerheit. Vi er kontaktpunkt for det Europeiske smittevernsenteret (ECDC) innen fagfeltet vårt og samarbeidar tett med Verdens helseorganisasjon (WHO).
Avdeling for smittevern og beredskap har høg fagleg kompetanse på beredskap, antibiotikabruk, smittevern og overvaking av sjukdommar som fell innunder avdelinga sitt ansvarsområde. Vi har nasjonal og internasjonal epidemiologisk oversikt over aktuelle fagfelt og leverar råd og tenester av høg kvalitet. Avdelinga prioriterar arbeidet med å avdekke utbrot og gi råd ved utbrot, dette inkluderar høgpatogene agens og helsetenesteassosierte infeksjonar.
Vi skal søke eksterne midlar og styrke overvakinga ved å utnytte tilgjengelege data endå betre. Vi skal styrke det gode samarbeidet med kommunelegane, smittevernpersonell i helsetenesta og vannverka og bidra til godt tverrsektorielt samarbeid. Vi skal levere arbeid av høg kvalitet og ha tilsette som trivast, har god fagleg utvikling og som opplever at dei har eit meningsfullt arbeid. Avdelinga har omlag 40 tilsette.
Leier for avdelinga er Siri L Feruglio. Avdelinga er organisert i tre seksjonar.
Seksjon for zoonoser og vann
Seksjonen har ansvar for beredskap, overvaking og rådgjeving for sjukdommer som smittar fra mat, vatn og dyr, vasshygiene, i tillegg til utbrotsshåndtering og forsking innan desse områda. Vi utfører oppgåver innan beredskap, infeksjonsepidemiologi, smittevernrådgjeving, rådgjeving innan mikrobiologi og vasshygiene, og bidrar til å ta hand om referansefunksjonar på relevante smittestoff. Seksjonen har ansvar for oppfølgingen av de nasjonale måla for vatn og helse (protokoll for vatn og helse) og har eit særlig fokus på ein-helse tilnærming. Vi har ansvaret for flere myndigheitssamarbeid (Joint Actions) og Direct Grant-prosjekt som blant annet JA Terror, EU-WISH, United4Surveillance og OneHealth Surveillance.
Seksjon for resistens- og infeksjonsforebygging
Seksjonen utarbeidar kunnskapsbaserte nasjonale råd for å forebygge helsetenesteassosierte infeksjonar og spreiing av antimikrobielle resistente mikrobar, i tillegg til å sikre tilgang til og legge til rette for riktig antibiotikabruk. Seksjonen bidrar til tidsriktige og gode overvakingsdata til helsetenesta og helsemyndigheiter. Vi har eit omfattande samarbeid internasjonalt, spesielt med dei andre nordiske landa for å skaffe ny kunnskap og utveksle erfaring. Seksjonen har ansvar for fleire større myndigheitssamarbeid internasjonalt (Joint Actions) og forskingsprosjekt.
Seksjon for epidemietterretning
Seksjonen har ansvar for koordinering for avdelinga sitt tverrfaglige team som utfører oppgaver innan helseberedskap, epidemietterretning og utbrotshandtering. Seksjonen bistår med rådgjeving, særleg ved utbrotshandtering, gjennomføring av øvelsar og erfaringsgjennomgangar, utarbeiding og implementering av beredskapsplanar i tillegg til oppdatering og vedlikehald av kvalitetsdokument for varsling og epidemietterretning.
Seksjonen har ansvar for drift av varslingssystemet for utbrot (Vesuv) og er nasjonalt kontaktpunkt for fleire internasjonale varslingssysteme (IHR og EWRS).