Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Rusmidler og tobakk»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Rusmidler og tobakk

Avdeling

Rusmidler og tobakk

Avdeling for rusmiddel og tobakk har det overordna ansvaret for å koordinere og drive forsking samt helseanalyse knytt til alkohol-, narkotika- og tobakksbruk i befolkninga.


Avdeling for rusmiddel og tobakk har det overordna ansvaret for å koordinere og drive forsking samt helseanalyse knytt til alkohol-, narkotika- og tobakksbruk (ANT) i befolkninga, inkludert bruksmønster, marknader for omsetting, brukskultur og haldningar til rusmiddelbruk. I tillegg har avdelinga det overordna ansvaret for kunnskap om strukturelle tiltak som kan førebygge eller redusere ANT-bruk og relaterte skadar, i første rekke politiske verkemiddel som prisregulering og regulering av tilgjengelegheit. Avdelinga har òg kunnskap om utforming, implementering og effektar av ulike førebyggande tiltak, inkludert politiske verkemiddel på individ- eller befolkningsnivå, og legitimiteten til virkemidla i befolkninga. Politiske prosessar når det gjeld ANT er òg eit forskingstema i avdelinga. Både prosess- og effektevaluering står sentralt i avdelinga, og avdelinga bidreg aktivt inn i tiltaksforskinga i området.

Avdelinga har tverrfagleg ekspertise (epidemiologi, psykologi, sosiologi, helseøkonomi, etc.), brukar ulik metodikk (kvantitativ og kvalitativ) og ulike analytiske tilnærmingar og datakjelder (intervju, surveyar, marknads- og registerdata osv.). Medarbeidarane i avdelinga har kompetanse på brukskarrierar og betyding av individuelle og miljømessige faktorar for oppstart, bruk og utvikling av omfattande bruk av ANT. Desse sentrale temaa speglas i forskingsprosjekta våre, inkludert kvalitative studiar om bruksmotiv og identitetar; kvantitative studiar på lovlege og ulovlege marknader; studiar om rusmiddelbruk i til dømes uteliv, festivalar og feiringar ved bruk av undersøkingar og biologiske prøvar. Avdelinga utførar òg longitudinell kvalitativ og kvantitativ forsking på kontekst, årsakar og konsekvensar av bruk av tobakk, alkohol og illegale rusmiddel og annan relatert åtferd blant unge.

Avdelinga gjennomfører i samarbeid med Statistisk sentralbyrå årlege befolkningsundersøkingar om tobakk og rusmiddel, deltar i ei europeisk skuleundersøking som blir gjennomført kvart fjerde år (European School Survey Project on Alcohol and Other Drugs, ESPAD) og er det norske kontaktpunktet for narkotikaovervåkingssenteret til EU (European Monitoring Centre for Drugs and Drug Addiction, EMCDDA).

Forsking og helseanalyse på konsekvensar av ANT er i hovudsak avgrensa til sosiale konsekvensar for brukaren sjølv, og konsekvensar for tredjepart og samfunnet i vid forstand. Det er viktig å kjenne til omfanget av slike konsekvensar for å kunne prioritere den offentlege ressursbruken best mogleg. Langtidsoppfølging av brukarar av illegale rusmiddel og overdoseproblematikk er eksempel på sentrale tema samt forsking på avhengigheit og strategiar for sjølvregulering. Konsekvensar av rusmiddelbruk for arbeidslivet er eit viktig tema innanfor tredjepartsskader.

Resultat frå forskinga blir presentert gjennom publikasjonar i internasjonale tidsskrift, norskspråklege rapportar og populærvitskaplege artiklar, og gjennom foredrag i ulike fora. Målgrupper er dei som tar politiske avgjerder, fagfolk, studentar og journalistar. Avdelinga er delt inn i tre faggrupper med ekspertise på alkohol-, narkotika- og tobakksrelaterte tema. Faggruppeleiarane bidrar aktivt med å laga faglege møteplassar for alkohol-, narkotika- og tobakksforsking på FHI. Forskarane i avdelinga arbeider både substansspesifikt og på tvers av substans. Det er tett fagleg samarbeid mellom faggruppene.

Kontakt

Sentralbord: 21 07 70 00

Avdelingsdirektør

Elisabeth Kvaavik

Mobiltelefon: 93 43 98 89

Besøksadresse

Sandakerveien 24C, bygg B, 4. etg.

0473 Oslo

Vis i kart

Postadresse

Folkehelseinstituttet, Postboks 222 Skøyen

0213 Oslo

Vis i kart

Medarbeidere

Bilde av Elisabeth Kvaavik

Elisabeth Kvaavik

Avdelingsdirektør, PhD

M: 934 39 889

Bilde av Anne Line Bretteville-Jensen

Anne Line Bretteville-Jensen

Seniorforsker, Dr.polit.

M: 988 26 225

Ansatt bilde

Daniel Bergsvik

Bilde av Elin Kristin Bye

Elin Kristin Bye

Senior forsker, Ph.D

M: 959 45 568

Bilde av Ellen Johanna Amundsen

Ellen Johanna Amundsen

Forsker 1183, Dr. philos og Cand real

Bilde av Geir Scott Brunborg

Geir Scott Brunborg

Seniorforsker, Ph.D

M: 411 04 842

Bilde av Gunnar Sæbø

Gunnar Sæbø

Seniorforsker, Dr polit

M: 406 38 503

Ansatt bilde

Ingeborg Lund

Bilde av Ingeborg Margrete Rossow

Ingeborg Margrete Rossow

Seniorforsker, dr philos

M: 922 04 540

Bilde av Inger Synnøve Moan

Inger Synnøve Moan

Seniorforsker, Doktorgrad

M: 959 72 064

Bilde av Janne Scheffels

Janne Scheffels

Seniorforsker, Dr polit (PhD)

M: 412 55 945

Bilde av Jasmina Burdzovic

Jasmina Burdzovic

Seniorforsker (Forsker I), PhD

M:

Bilde av Jørgen Gustav Bramness

Jørgen Gustav Bramness

Seniorforsker, Professor dr. med.

M: 481 32 975

Bilde av Karl Erik Lund

Karl Erik Lund

Seniorforsker, Dr polit

Tlf:

M: 907 33 758

Ansatt bilde

Kristin Buvik

Seniorforsker, Ph.D

M: 934 27 270

Bilde av Linn Gjersing

Linn Gjersing

Senior forsker, PhD

M: 934 10 236

Ansatt bilde

Maja Weemes Grøtting

Forsker, PhD, PhD Economics

Bilde av Marianne Lund

Marianne Lund

Forsker, PhD in sociology

Tlf: 40 63 74 45

M: 907 32 151

Bilde av Marit Edland-Gryt

Marit Edland-Gryt

PhD student og rådgiver, Mastergrad i sosiologi

M: 908 10 250

Bilde av Ola Røed Bilgrei

Ola Røed Bilgrei

Seniorforsker, PhD

M: 986 04 260

Ansatt bilde

Solveig Tobie Glestad Christiansen

Bilde av Thomas Anton Sandøy

Thomas Anton Sandøy

Forsker, PhD

Ansatt bilde

Tord Finne Vedøy

Forsker, Ph.D.

M: 975 86 435

Ansatt bilde

Torleif Bjordal Halkjelsvik