Høyringsinnspel frå FHI: NOU 2023:29: «Abort i Norge – Ny lov og bedre tjenester»
Artikkel
|Publisert
Folkehelseinstituttets høyringssvar til Helse- og omsorgsdepartementet si høyring om NOU 2023:29: «Abort i Norge - Ny lov og bedre tjenester» frå 14.12.2023.
Oppsummering av Folkehelseinstituttets innspel
- FHI støtter at forslag til ny abortlov gir gravide som vurderer abort rett på informasjon, rettleiing og oppfølging, og at kvalifisert helsepersonell i helsetenesta saman med Nasjonalt kompetansemiljø for helsestasjons- og skulehelsetenesta får ansvaret for å sikre dette.
- FHI støtter forslaget om ein nasjonal rettleiar, utvikling av e-læringskurs for helsepersonell til bruk som informasjon, og til rettleiing og rådgjeving av kvinner, og at tenestene settast i stand til å gi likeverdige tilbod om informasjon, rettleiing og oppfølging også til minoritetsspråklege gravide.
- FHI støttar ei opning for ei meir persontilpassa abortbehandling nært den gravide med tilgang til tidlege, medikamentelle abortar utanfor sjukehus der både sertifiserte sjukepleiarar, jordmødrer og legar kan vera behandlarar.
- FHI er einig i at retten til abort skal vera gratis og tilgjengeleg for alle som oppheld seg i Noreg.
- FHI synes det er klokt at utvalet tilrår ein gjennomgang av Abortregisterforskrifta for å synkronisere den med ny abortlov. FHI peiker på at det også er nødvendig å gå gjennom Medisinsk fødselsregisterforskrifta for å synkronisere denne med ny abortlov.
- FHI meiner også at synkroniseringa av forskriftene ikkje berre bør sikre vidareføring av registrering av abortar generelt, men at den også bør sikre at ein ikkje innskrenkar dagens registrering.
- FHI meiner at myndigheitene bør stille krav til helseføretak og journalleverandørar om å ha klårt tilrettelagt programvare for ny innmelding til Abortregisteret og Medisinsk fødselsregister før lova trer i kraft.
- FHI meiner det er klokt at utvalet tilrår ei satsing på forsking om abort for eit godt grunnlag for betring av folkehelsa. FHI støttar også utvalets tilråding om å utgreie om ein bør etablere eit felles register eller felles «registerparaply» for svangerskap i Noreg der Medisinsk fødselsregister og Abortregisteret vert samla.
- FHI meiner at det ikkje bør vere nødvendig å gjennomføre ei utgreiing av om Abortregisteret skal innehalde personidentifiserande opplysingar, all den tid Norsk pasientregister allereie gjer dette. Det er samstundes viktig å presisere at instituttet meiner at det ikkje er mogeleg å erstatte Abortregisteret med Norsk pasientregister, av fleire årsaker (sjå vedlegg 5 til utvalet si utgreiing).
- For at FHI skal kunne planlegge for framtidas abortregistrering på ein god og kostnadseffektiv måte er det avgjerande at instituttet så tidleg som mogeleg får god informasjon om når og korleis departementet ser for seg å gjennomføre utgreiingane som er tilrådd knytt til Abortregisteret og Medisinsk fødselsregister.