Overordna etiske retningslinjer
Artikkel
|Oppdatert
Instituttets policy for å gi medarbeidarane rettleiing i etiske spørsmål.
Desse etiske retningslinjene gjeld for alle fast og midlertidig tilsette ved Folkehelseinstituttet og andre som handlar på vegner av Folkehelseinstituttet, som studentar, vikarar, konsulentar og liknande.
Relevante dokument
- Samhandling med eksterne aktørar (næringslivet og organisasjonar) (internt dokument lagt ut på nettsida)
- ST-HS-RE-015 Retningslinjene for varsling (internt dokument)
- Habilitetsskjema (internt dokument)
Referanser
- Forvaltingslova (lovdata.no)
- Arbeidsmiljølova (lovdata.no)
- Etiske reglar for statstenestemenn (regjeringen.no)
- Staten si personalhåndbok (lovdata.no)
- Folkehelseinstituttet si personalhåndbok (internt dokument)
Fagleg uavhengigheit og objektivitet
- Alle medarbeidarar ved Folkehelseinstituttet skal utvise høg fagleg kompetanse i sitt arbeid og skal alltid legge faglege kunnskapar og fagleg skjønn til grunn i vurderingar.
- Alle skal behandle og avgjere sakar på ein upartisk måte, og utan hensyn til personlege interesser.
Interessekonfliktar (både økonomiske og ikkje-økonomiske)
- Personar som handlar på vegne for eller på vegne av Folkehelseinstituttet skal i ein kvar situasjon søke å førebygge og/eller unngå potensielle og/eller reelle interessekonfliktar.
- For nærmare utgreiing og vurdering av potensielle økonomiske interessekonfliktar, sjå lenger ned.
Tillit og habilitet
- Reglane om habilitet i forvaltingslova bidrar til upartisk og høg etisk standard i Folkehelseinstituttet si verksemd, og sikrar tillit frå ålmeinta til instituttet.
- Den enkelte medarbeidar må sjølv ta stilling til om vedkommande er eller kan vere inhabil i ein gitt sak. Dersom medarbeidaren er inhabil, skal vedkommande, i samråd med nærmaste leiar, overlate saka til andre. En medarbeidar blir inhabil når (jfr. forvaltingslova § 6):
- han eller ho er part i saka,
- familien til vedkommande er part i saka,
- vedkommande er representant for ein part i saka,
- vedkommande har ei leiande stilling eller tilsvarande hos et selskap eller lignande som er part i saka,
- eller når det ligg føre særlege forhold.
- Habilitetsreglane gjeld for alle avgjerdene som den tilsette tar i sitt arbeid.
- Der det er usikkert om inhabilitet ligg føre, skal spørsmålet takast opp og drøftast med nærmaste leiar, samt ein jurist frå avdeling for juridiske tenester dersom det er behov for det og/eller leiar ønsker det.
- Dersom det ligg føre eit tilfelle der inhabilitet ligg føre, eller ein er usikker på det, skal vedkommande fylle ut det interne Habilitetsskjema og arkivere det på saka.
- Andre reglar som bidrar til å skape tillit til Folkehelseinstituttet (for eksempel reglar om bierverv, samhandling med eksterne aktørar, deltaking på seminar og mottak av gåver og andre ytingar), er beskrive i det interne dokumentet Retningslinjer for samhandling med eksterne aktørar.
Åpenheit
- Folkehelseinstituttet sine medarbeidarar skal sikrast eit godt ytringsklima både internt og i offentlegheita.
- Medarbeidarar har ein grunnleggande rett til å uttale seg, medrekna rett til å ta del i den offentlege debatten.
Lojalitet
- Lojalitetsplikten inneber ei plikt til å opptre lojalt overfor den verksemda ein er tilsett i.
- Ytringar som på ein illojal måte er egna til å skade Folkehelseinstituttet sine interesser vil kunne vere i strid med lojalitetsplikten. Det må vurderast konkret om ei ytring er illojal.
- Alle medarbeidarar ved Folkehelseinstituttet skal følge dei reglar og retningslinjer som gjeld for instituttet si verksemd.
- Når eit brudd på god etisk praksis blir oppdaga, skal den som oppdagar dette melde fra om forholdet internt til Folkehelseinstituttet slik at det kan bli forbetra. Det er interne retningslinjer for varsling.
Økonomiske interessekonfliktar i forskingsprosjekt
1. Formål
Retningslinjene og etterlevinga av desse skal sikre uavhengigheit og ein høg etisk standard for forskinga på Folkehelseinstituttet, og ta vare på og styrke folks tillit til forskinga.
Retningslinjene skal hindre at økonomiske interessekonfliktar oppstår, samt etablere eit system for å identifisere og handsame eventuelle interessekonfliktar.
2. Kven retningslinjene gjeld for
(a) Retningslinjene gjeld for alle tilsette ved FHI, og alle som ellers handlar eller arbeider på vegner av FHI.
(b) Det stillast særleg strenge krav til FHI si øvste leiing, ledande organ og prosjektleiarar på prosjekt der FHI er forskingsansvarleg.
(c) Retningslinjene gjeld også for underleverandørar som støttar FHI i forskingsprosjekt, og dei skal inntakast som vedlegg i kontrakter med desse.
3. Generelle prinsipp
(a) Personar som handlar for eller på vegner av FHI, skal i kvar einaste situasjon søke å førebygge eller unngå potensielle eller reelle økonomiske interessekonfliktar.
(b) FHI si øvste leiing, medlem i styrande organ samt prosjektleiarar i prosjekt der FHI er forskingsansvarlig, skal opplyse om sine betydelege økonomiske interesser dersom desse har eller kan ha innverknad på eit gitt forskingsprosjekt eller forskinga på FHI som sådan.
(c) FHI si øvste leiing, medlem i styrande organ samt prosjektleiarar i prosjekt der FHI er forskingsansvarleg, skal opplyse om nærståande som har betydelege økonomiske interesser dersom desse har eller kan ha innverknad på eit gitt forskningsprosjekt eller FHI si forskning som sådan.
(d) Som betydeleg økonomisk interesse skal reknas kvar einaste betydeleg interesse, medrekna alle økonomiske interesser over 5000 NOK.
(e) Spørsmål og vurderingar om økonomiske interessekonfliktar ligg føre skal alltid adresserast før oppstart av eit forskingsprosjekt. Dersom det er usikkerheit knytt til om ei økonomisk interesse skapar eller kan skape ei interessekonflikt, skal den fremleggast for nærmaste leiar samt områdedirektør for vurdering. Dersom nærmaste leiar er områdedirektør, skal saka også leggast fram for direktør.
(f) FHI si leiing skal vurdere om dei framlagte opplysningane medfører ein økonomisk interessekonflikt sett i lys av vedkommande si tilknyting til det aktuelle prosjektet. Vurderinga skal foretakast etter ein streng norm. Dersom ein økonomisk interessekonflikt blir vurdert å ligge føre, skal vedkommande påleggast å avslutte den økonomiske aktiviteten som er årsak til interessekonflikten. Dersom dette er umogleg eller blir vurdert som urimeleg byrdefullt, skal FHI si leiing sjå til at personen si tilknyting til det aktuelle prosjektet, eller til FHI sin forskingsaktivitet som sådan, blir avslutta.