94 prosent av vestlendingane seier at tilgjengelegheita til natur- og friluftsområde er god eller svært god. Foto: Mostphotos/Gry Thunes

Store forskjellar i korleis vestlendingane har det

Forskningsfunn

|

Publisert

Dei fleste vaksne i Vestland fylke vurderer helsa og nærmiljøet positivt. Samstundes er det store sosiale forskjellar, og fleire mål på psykisk helse og livskvalitet har utvikla seg i mindre gunstig retning sidan 2022. Det viser ei undersøking frå Folkehelseinstituttet.

– Dei største forskjellane kjem til syne mellom grupper med ulik økonomi. Nesten 68 prosent vurderer helsa si som god eller svært god. Men blant dei som opplever økonomien som svært vanskeleg, gjeld dette berre om lag tre av ti. Blant dei som har svært lett økonomi, er delen rundt åtte av ti, seier forskar Gunnhild Johnsen Hjetland ved Folkehelseinstituttet.

Folkehelseundersøkinga i Vestland 2026 kartlegg korleis vaksne innbyggjarar i Vestland fylke har det. Ho omfattar mellom anna helse, livskvalitet, levevanar, sosiale forhold og synet på nærmiljøet. Resultata skal gi kommunane og fylkeskommunen eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for folkehelsearbeidet.

Forskjellar i alder og mellom kommunar

Aldersforskjellane i Vestland er tydelegast for psykisk helse, livskvalitet og levevanar. Dei yngste deltakarane rapporterer mest psykiske plager, einsemd og økonomiske utfordringar, medan eldre oftare rapporterer betre livskvalitet, mindre einsemd og sunnare kosthaldsvanar.

Forskjellane mellom kommunane gjeld først og fremst tilgang til tenester og infrastruktur, som offentleg transport, kultur- og idrettstilbod og gang- og sykkelvegar. Her kan delen som rapporterer god eller svært god tilgjengelegheit variere med over 50 prosentpoeng mellom kommunane. Forskjellane i helsa og livskvaliteten mellom kommunane er langt mindre.

Dei fleste oppgir god helse og tannhelse

Folkehelseundersøkinga viser både styrkar og utfordringar ved folkehelsa i Vestland. Dei fleste innbyggjarane oppgir å ha god helse og tannhelse, og mange vurderer nærmiljøet sitt som godt og trygt. Heile 94 prosent seier at tilgjengelegheita til natur- og friluftsområde er god eller svært god. Undersøkinga viser òg at den sosiale deltakinga har auka, og at fleire mål på alkoholbruk har utvikla seg i gunstig retning sidan førre undersøking i 2022.

Samstundes rapporterer om lag kvar sjuande innbyggjar søvnproblem, nesten like mange oppgir at helseproblem påverkar kvardagen i stor grad, og nær kvar femte har fedme. Samanlikna med 2022 viser resultata frå 2026 lågare livstilfredsheit, nedgang i positive kjensler, mindre sosial støtte og lågare tillit til andre. I tillegg er nivået av psykiske plager høgare, og fleire rapporterer søvnproblem og at helseplager i stor grad påverkar kvardagen.

– Desse utviklignstrekka speglar i stor grad det vi har sett i andre fylke dei seinare åra, seier Hjetland.

Fleire opplever økonomiske vanskar

Delen som opplever at økonomien er vanskeleg, auka frå 19 prosent i 2022 til 23 prosent i 2026. Vanskeleg økonomi heng saman med mindre gunstige resultat for mellom anna helse, tannhelse, søvn, einsemd, sosial støtte og livstilfredsheit.

– Den økonomiske gradienten går igjen på svært mange område. Resultata viser kor viktig det er at folkehelsearbeidet òg tek omsyn til levekår og sosiale forskjellar, seier Hjetland.

Om undersøkinga

Undersøkinga kan ikkje fastslå om økonomiske vanskar fører til dårlegare helse, om helseproblem bidreg til økonomiske vanskar, eller om samanhengane skuldast andre underliggjande forhold. Auken i økonomiske vanskar er basert på deltakarane sine eigne vurderingar av kor lett eller vanskeleg det er å få hushaldsøkonomien til å strekke til i kvardagen, ikkje faktiske inntekts- eller formuesendringar.

Folkehelseundersøkinga blei gjennomført av Folkehelseinstituttet i samarbeid med Vestland fylkeskommune våren 2026. Totalt deltok nær 69 000 personar frå 18 år og oppover, og svarprosenten var 30,9 prosent. Resultata er vekta for å ta omsyn til utval og fråfall, og presenterast for 35 enkeltkommunar og fire grupper med to kommunar i kvar.

Publisert