Folkehelseundersøkinga i Vestland 2026: Framgangsmåte og utvalde resultat
Rapport
|Publisert
Rapporten presenterer informasjon som er viktig for det tverrsektorielle folkehelsearbeidet i fylke og kommunar. Viktige tema som inngår er sjølv-rapportert helse, livskvalitet, skadar, helserelatert åtferd og lokale forhold som kan ha noko å seia for folkehelsa.
Sammendrag
Innleiing
Folkehelseundersøkingane i fylka gir oppdatert kunnskap om korleis vaksne innbyggjarar har det, mellom anna når det gjeld helse, livskvalitet, levevanar og opplevingar av nærmiljøet. Kunnskapen kan brukast i kommunalt og fylkeskommunalt folkehelsearbeid som eit viktig supplement til registerdata, nasjonale undersøkingar og lokal kunnskap. I Vestland blei undersøkinga gjennomført i 2026 i samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, med ein felles grunnmodul som gjer det mogleg å følgje utvikling over tid og samanlikne på tvers av fylke. Rapporten beskriv situasjonen i 2026 og ser òg på utviklinga sidan førre undersøking i 2022.
Metode
Målgruppa var alle busette i Vestland i alderen 18 år og eldre. Totalt blei eit utval på 222 063 personar inviterte til å delta. Datainnsamlinga blei gjennomført digitalt i perioden 15. april til 13. mai, med invitasjon og påminningar via Helsenorge. Totalt samtykte 68 611 personar, noko som gir ein samla svarprosent på 30,9 prosent, med noko variasjon mellom kommunane. Resultata blir presenterte for 39 geografiske område i fylket og analysane er vekta for å ta omsyn til utvalsdesign og fråfall. Ved samanlikning mellom områda er analysane justerte for kjønn, alder og utdanningsnivå, og ved samanlikning over tid (2022-2026) er det brukt ei felles tilnærming for å gjere estimata mest mogeleg samanliknbare.
Resultat
I Vestland vurderer 68 prosent helsa si som god eller svært god, og 75 prosent vurderer tannhelsa som god eller svært god. Om lag 18 prosent er klassifisert med fedme, 15 prosentsøvnproblem og 13 prosent oppgir at helseplager påverkar kvardagen i stor grad. Samtidig vurderer 94 prosent tilgangen til natur- og friluftsområde som god eller svært god, 73 prosent rapporterer stor trivsel i nærmiljøet, og 27 prosent deltek kvar veke i organisert aktivitet eller frivillig arbeid.
Dei største geografiske forskjellane finn ein for lokale tilbod og infrastruktur. Prosentdelen som vurderer tilgangen til offentleg transport som god eller svært god varierer med om lag 71 prosentpoeng mellom kommunane med høgast og lågast del. Tilsvarande store forskjellar finst for kulturtilbod (om lag 69 prosentpoeng), idrettstilbod (om lag 63 prosentpoeng), gang- og sykkelvegar (om lag 52 prosentpoeng) og servicetilbod (om lag 46 prosentpoeng). Forskjellane mellom kommunane er markert mindre for sjølvvurdert helse og psykiske plager.
Det er tydelege mønster etter utdanning og hushaldsøkonomi. Blant personar med grunnskule som høgaste utdanningsnivå vurderer om lag halvparten helsa som god eller svært god, mot nær åtte av ti blant dei med lengst utdanning på høgskule eller universitet. Økonomiske vanskar heng gjennomgåande saman med dårlegare utfall: blant dei som opplever økonomien som svært vanskeleg vurderer om lag tre av ti helsa som god eller svært god, mot over åtte av ti blant dei som opplever økonomien som svært lett. Same mønster finst for livstilfredsheit, tillit, sosial støtte og tannhelse, der dei med vanskelegast økonomi gjennomgåande skårar lågast.
Yngre vaksne rapporterer høgast nivå av psykiske plager, og oftare einsemd og vanskeleg hushaldsøkonomi. Fleire av måla på livskvalitet aukar gjennom vaksenlivet og er høgast i 60- og 70-åra, medan dei eldste skil seg ut med lågare eigenvurdert helse, mindre fysisk aktivitet og lågare forventningar til framtidig livstilfredsheit. Dagleg røyking er mest utbreidd 50- og 60-åra, medan fedme er klart mest utbreidd i gruppa 50–59-årsalderen. Kvinner rapporterer eit høgare nivå av psykiske plager, og ein høgare andel har smerter i nakke og korsrygg og teikn på søvnproblem enn menn, medan menn oftare har eit høgt episodisk alkoholforbruk og oftare har gått lenger enn to år sidan siste tannlegebesøk.
Frå 2022 til 2026 har gjennomsnittsskåren på livstilfredsheit, positive kjensler og tillit til andre gått ned, og ein lågare prosentdel rapporterer høg sosial støtte. Samstundes har nivået av psykiske plager auka, saman med at prosentdelen med teikn på søvnproblem og som opplever at helseplager i stor grad påverkar kvardagen har auka. Dagleg røyking, episodisk høgt alkoholforbruk og hyppig alkoholbruk har gått ned i same periode. Samtidig har vurderinga av offentleg transport og gang- og sykkelvegar betra seg tydeleg.
Diskusjon
Resultata teiknar eit samansett bilete av folkehelsa i Vestland. Fylket har ressursar i form av gode vurderingar av nærmiljø og tryggleik i mange kommunar, aukande sosial deltaking og fleire gunstige utviklingstrekk innan alkoholbruk, samstundes som resultata peikar på utfordringar knytt til psykisk helse, søvn og opplevd økonomi. Dei fleste breie måla på helse og livskvalitet ligg nokså likt mellom kommunane. I staden ser vi forskjellar som følger sosiale skiljelinjer: alder, utdanning og opplevd hushaldsøkonomi heng systematisk saman med livskvalitet, psykisk helse, sosial støtte, tillit til andre og helseplagar.
Dei geografiske forskjellane i fylket gjeld først og fremst tilgang til tenester og infrastruktur, som offentleg transport, kulturtilbod og gang- og sykkelvegar, der forskjellen mellom kommunane kan vere over 50 prosentpoeng. Forskjellane i sjølve helsa og livskvaliteten mellom kommunane er derimot langt mindre.
I tråd med dei andre folkehelseundersøkingane i fylka viser resultata frå Vestland at utdanning og hushaldsøkonomi heng saman med helse og livskvalitet på ein tydelegare og meir systematisk måte enn geografi og kjønn. Dette gjeld særleg eigenvurdert helse, tannhelse, fysiske plager og sosial deltaking. Personar med vanskeleg hushaldsøkonomi rapporterer mindre gunstige resultat på nesten alle indikatorane. Undersøkinga kan ikkje fastslå om økonomiske vanskar fører til dårlegare helse, om helseproblem bidreg til økonomiske vanskar, eller om samanhengane skuldast andre underliggjande forhold. Den tydelege og gjennomgåande samanhengen understrekar likevel at økonomisk sårbarheit er ein sentral faktor i folkehelsearbeidet.
Alders- og kjønnsforskjellane er meir områdespesifikke enn gjennomgåande. Kvinner rapporterer meir psykiske og kroppslege plager, medan menn har eit mønster knytt til høgare alkoholinntak og sjeldnare tannlegebesøk. Kvinner et meir frukt og grønt enn menn, og menn har eit høgare konsum av sukkerhaldig drikke. Etter alder finn ein dei klaraste mønstera i psykisk helse og sosial deltaking, der yngre og eldre skil seg frå middelaldrande på ulike vis, medan mål på nærmiljø og generell eigenvurdert helse varierer lite gjennom livsløpet.
Samanlikninga mellom 2022 og 2026 viser utvikling i fleire retningar. Livstilfredsheit, psykiske plager og søvnproblem har utvikla seg i mindre gunstig retning, og opplevd vanskeleg hushaldsøkonomi har auka, særleg blant dei yngste. Samstundes har vurderinga av gang- og sykkelvegar, offentleg transport og sosial deltaking utvikla seg i gunstig retning, og fleire alkoholrelaterte indikatorar viser nedgang i alkoholbruk. Kosthald og fysisk aktivitet viser ikkje noko eintydig mønster, og forskjellane mellom kjønn, aldersgrupper og sosiale grupper som fanst i 2022, er i hovudsak framleis til stades. Endringane speglar i stor grad endringane observert i dei andre fylka som har gjennomført folkehelseundersøkinga dei seinare åra.
Resultata må tolkast med viktige atterhald. Svarprosenten var 30,9 prosent, med lågare deltaking blant unge og menn, og vektinga kan ikkje fullt ut fjerne skeivskap dersom dei som ikkje deltok, skil seg frå deltakarane på andre måtar enn det er vekta for. Det kan til dømes tenkast at dei som deltek har ei helsemessig gunstigare åtferd enn dei som ikkje deltek. Undersøkinga byggjer på sjølvrapporterte opplysningar og gir eit bilete på eitt tidspunkt, og kan difor ikkje fastslå årsakssamanhengar. Noko endra ordlyd i spørsmåla om tilgjengelegheit til tilbod i nærmiljøet mellom 2022 og 2026 gjer at samanlikningar på desse områda bør tolkast varsamt. Generelt bør små og usikre forskjellar tolkast med varsemd, medan konsistente mønster på tvers av relaterte resultat gir eit sterkare grunnlag for tolking.
Konklusjon
Folkehelsa i Vestland i 2026 viser eit samansett bilete. Dei fleste innbyggjarane vurderer helse og tannhelse som god, og fylket har gode vurderingar av natur- og friluftstilgang, trivsel i nærmiljøet og sosial deltaking. Samtidig rapporterer ein del søvnproblem, psykiske plager og helseplager som påverkar kvardagen, og desse måla har utvikla seg i mindre gunstig retning sidan 2022.
Dei tydelegaste og mest gjennomgåande forskjellane finn ein etter utdanning og hushaldsøkonomi. Personar med kortare utdanning og vanskeleg hushaldsøkonomi rapporterer gjennomgåande dårlegare resultat på dei fleste område. Mønsteret etter kjønn og alder er i stor grad knytt til enkeltområde som psykisk helse, alkoholbruk og tannhelsevanar. Geografiske forskjellar mellom kommunane er størst når det gjeld tilgang til tenester og infrastruktur, som offentleg transport, kultur- og idrettstilbod og gang- og sykkelvegar, medan forskjellane i helse og livskvalitet mellom kommunane er langt mindre.
Samanlikninga med 2022 viser utvikling i fleire retningar. Livstilfredsheit, sosial støtte og tillit har gått noko ned, medan psykiske plager og søvnproblem har auka. Samtidig har fleire alkoholrelaterte indikatorar gått ned, og vurderinga av offentleg transport og gang- og sykkelvegar har betra seg. Samla sett peikar resultata på eit fylke med mange ressursar i nærmiljø og sosialt liv, men med vedvarande og tydelege sosiale forskjellar.