Stabil førekomst av fleire skadedyrartar, lita nedgang for skjeggkre
Nyhet
|Publisert
Kvart år samlar Folkehelseinstituttet inn oversikt over talet på bekjempelser av viktige skadedyr frå skadedyrbransjen. No er statistikken for 2025 klar.
Skadedyrstatistikken skildrar utviklinga av 11 viktige, urbane skadedyr i Noreg. Dette er eit vellukka samarbeid mellom skadedyrbransjen som gjennomfører bekjempelsene, og FHI som samlar inn tala.
Skadedyra blir haldne under kontroll
Skadedyrstatistikken for 2025 viser ei stabil førekomst eller nedgang av fleire skadedyrartar. Dette kan vere eit resultat av god bekjempelse som held dei fleste skadedyra under kontroll.
Stripa borkbille, hussnegle, tysk kakerlakk og faraomaur har framleis låge tal på bekjempelser samanlikna med tidlegare år. Kle- og pelsmøll hadde i 2025 ein betydeleg nedgang etter tre år med høgare tal på bekjempelser. Brun pelsbille har hatt ein nedgang fleire år på rad.
– Det er likevel viktig å understreke at det kan vere nokre svingingar i talet på oppdrag per år av fleire årsaker, og vi må derfor fortsetje å sjå på desse tala over lengre tid for å kunne seie noko om faktiske trendar, seier Anders Aak, seniorforskar ved avdeling for skadedyrkontroll ved FHI.
FHI følgjer med på førekomsten av skadedyr og forskar på spesielt utfordrande skadedyr, og utviklar metodar for å kontrollere dei.
– Vi har eit tett samarbeid med skadedyrfirma, som sørger for at nye metodar ofte raskt blir tekne i bruk. Dette er sannsynlegvis med på å redusere utfordringane med skadedyr, seier seniorforskar Aak.
Liten auke i veggedyrbekjempelser
Statistikken for 2025 viser at talet på veggedyroppdrag aukar litt frå 2024, frå 2421 til 2650. Tal for 2025 er likevel lågare enn tala for den høgaste perioden i 2016–2019, då det var rundt 3000 bekjempingelser årleg.
– Det vert interessant å sjå i åra framover om det blir ein auke tilbake til nivået me hadde i åra før pandemien, eller om vi klarar å stabilisere talet på bekjempelser på eit lågare nivå, seier Bjørn Arne Rukke, seniorforskar ved FHI.
Den vanlegaste måten å få veggedyr inn i bustaden på, er at veggedyr blir med i bagasjen etter at ein har overnatta på stader med veggedyr.
– Å vere oppmerksam ved reise, så vi ikkje får med oss veggedyr heim i bagasjen, og effektiv bekjempelse når uhellet er ute, er viktige tiltak for å halde førekomsten nede, held Rukke fram.
Har vi nådd toppen på talet på skjeggkrebekjempelser?
Skjeggkre var i 2025 det insektet med flest bekjempelser (8161), følgd av svart jordmaur (3068) og veggedyr (2650). Tallet på skjeggkrebekjempelser auka kraftig frå 2016 til 2020 før vi fekk ei utflating fram til 2024, då det igjen var ein betydeleg auke. Den vesle reduksjonen i 2025 gir håp om at ein vidare auke har stoppa opp.
FHI har utvikla effektive metodar ved bruk av forgifta åte, som er godt innført hos skadedyrfirma i landet. Ei viktig utfordring for skjeggkreproblematikken er å hindre at skjeggkre spreier seg til og etablerer seg på nye stader.
– Det er framover rom for å gjere fleire tiltak for å redusere talet på tilfelle. Ei auka innsats med kontroll av skjeggkre der ein distribuerer varer til sluttbrukar, kan truleg vere ein viktig faktor for å redusere risikoen for spreiing, seier Bjørn Arne Rukke, seniorforskar ved FHI.