Folkehelse er forsvarsevne: Styrker samarbeidet

Nyhet

|

Publisert

Ei frisk befolkning er grunnleggjande for totalforsvaret i Noreg. Forsvarets sanitet (FSAN) og Folkehelseinstituttet (FHI) styrker no samarbeidet gjennom ein eigen avtale.

– Vi er svært glade for å ha fått denne avtalen på plass. Folkehelseinstituttet (FHI) har det siste året styrkt arbeidet med sikkerheit og beredskap ved instituttet. Vi har òg gått gjennom våre ansvarsområde i totalforsvaret, og øver no på vår rolle under beredskapssituasjonar. Denne avtalen betyr ei betydeleg styrking av dette arbeidet, seier konstituert direktør Elisabet E. Storvoll. 

– Best mogleg folkehelse er grunnleggjande for nasjonen sin robustheit og motstandsevne. Når vi samtidig ikkje veit kva helsetruslar vi vil møte i framtida, er samarbeidet med FHI svært viktig for oss, seier sjef for Forsvarets sanitet (FSAN), brigader Petter Iversen.

Det sivil-militære samarbeidet blir styrkt

Samarbeidet mellom FSAN og FHI gjeld heile krisespekteret, det vil seie både i kvardagen slik han er no, og i krise- eller krigsliknande situasjonar. FHI har sentrale roller i den nasjonale CBRN-beredskapen, og det sivil-militære samarbeidet bidreg til å betre utnytte samla kompetanse og kapasitet ved hendingar som kan komme av naturlege forhold, uhell eller tilsikta handlingar.

Avtalen legg til rette for at det er enkelt å komme i kontakt med kvarandre sine organisasjonar i det daglege, og vil gjennom årlege møter identifisere relevante samarbeidsområde og korleis vi kan forbetre og styrkje samarbeidet.

Kva betyr avtalen i praksis?

Forsvarets sanitet og Folkehelseinstituttet har alt innleia dialog om korleis vi kan samarbeide om å styrke beredskapen mot nye biologiske helsetruslar, som spenner frå naturlege smitteutbrot til uhell og tilsikta hendingar. 

– Med ein meir krevjande sikkerheitspolitisk situasjon er samarbeidet med FHI endå viktigare. Krig er ikkje bra for helsa, og da må vi samarbeide slik at helse i minst mogleg grad avgrensar nasjonen sin motstandsevne. Den rivande teknologiutviklinga med både mogelegheiter, risiko og truslar må vi samarbeide om, seier sjef Forsvarets sanitet Petter Iversen.

God infeksjonsovervaking og evne til å fange opp og forstå signal og unormale mønster før dei utviklar seg til ei krise, er ein viktig del av beredskapen mot biologiske truslar. Tettere dialog mellom fagmiljøa vil styrke dette arbeidet. 

– Samarbeid mellom fagmiljøa er viktig for å sikre at vi har felles forståing av kva utfordringar vi må forberede oss på, samt korleis vi best dimensjonerer vår smittevernberedskap i forhold til dette, seier konstituert direktør Elisabet E. Storvoll. 

Avtalen vart signert av konstituert direktør Elisabet E. Storvoll og sjef Forsvarets sanitet Petter Iversen i byrjinga av september. 

Publisert