Fleire eldre i trafikken – behov for ny kunnskap
Forskningsfunn
|Publisert
Veksten i talet på eldre i befolkninga kan føre til fleire trafikantar med helseutfordringar. Det viser ein rapport frå FHI.
Rapporten er utarbeidd av FHI på oppdrag frå Statens vegvesen. Vegstyresmaktene har teke initiativ til å få fram meir kunnskap om kva aldringa i befolkninga betyr for framtidas trafikktryggleiksarbeid.
– Det er viktig å få belyst korleis endringar i helse og funksjonsevne i ei veksande eldre befolkning kan påverke trafikktryggleiken i åra som kjem, seier Kari Alver, ein av forfattarane bak rapporten.
Aldrande befolkning kan påverke trafikktryggleiken
Noreg får stadig fleire eldre innbyggjarar.
– Risikoen for kroniske sjukdommar og funksjonsnedsetjingar aukar med alderen, og det er venta ei større sjukdomsbyrde blant eldre i framtida. Til dømes viser berekningar at talet på personar med demens vil auke mykje fram mot 2050, seier Siri Marie Solbakken, forskar ved FHI.
Rapporten tek utgangspunkt i framskrivingar av befolkninga og omtaler forventa utvikling i helsetilstand, sjukdomsbyrde og funksjonsevne blant eldre.
Formålet med rapporten har vore å belyse korleis desse utviklingstrekka kan påverke trafikktryggleik og mobilitet, og er meint som eit grunnlag for arbeidet med effektive og målretta trafikktryggingstiltak i framtida.
– Rapporten peikar også på eit behov for meir kunnskap, mellom anna om korleis multisjuklegheit, skrøpelegheit og behandling med fleire legemiddel samtidig kan påverke trafikktryggleiken, seier Solbakken.
Tverrsektoriell tilnærming
Eldre trafikantar er ei heterogen gruppe og trafikktryggleik for eldre rommar samansette problemstillingar. Trafikkskadar krev ofte kostbar medisinsk behandling, redusert mobilitet kan medføre fysiske og psykiske helseutfordringar, og helsetilstand har direkte konsekvens for trafikantrolle og rett til førarkort. Ein innsats på tvers av sektorar kan bidra til løysingar der mobilitet, trafikktryggleik og effektar på helse sest i samanheng.
Om rapporten
Rapporten viser til nasjonal statistikk, registerdata, spørjeundersøkingar og befolkningsframskrivingar fram mot 2050. Den er basert på data frå mellom anna Vegvesenet, Transportøkonomisk institutt, Statistisk sentralbyrå og Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag, og dessutan relevante nasjonale og internasjonale rapportar og forskingsarbeid. Arbeidet er gjennomført av Folkehelseinstituttet på oppdrag frå Statens vegvesen.