Covid-19 i svangerskapet gir ikkje auka risiko for dei fleste nevroutviklingsforstyrringar og nevrologiske lidingar
Nyhet
|Publisert
Ei ny studie frå Folkehelseinstituttet av alle barn fødde i Noreg mellom 1. mars 2020 og desember 2023 har undersøkt risikoen for nevroutviklingsforstyrringar og nevrologiske lidingar blant barn som har vore utsette for covid-19 i fosterlivet.
Studien fann ikkje auka risiko for dei fleste nevroutviklingsforstyrringar (som autisme, motoriske eller intellektuelle forstyrringar), nevrologiske lidingar (som epilepsi), eller sensoriske svekkingar hos barn utsette for COVID-19 i fosterlivet.
Dette galdt uavhengig av kva trimester mor var smitta, eller kva virusvariant som dominerte. Funn frå studien var såleis stort sett betryggande, seier seniorforskar Maria C. Magnus ved Folkehelseinstituttet.
– Funna våre viser hovudsakleg at det ikkje er nokon auka risiko for alvorlege tilstandar som autisme og epilepsi blant barn av mødrer som hadde COVID-19 medan dei var gravide. Vi meiner dette er betryggande for kvinner som har hatt covid-19-infeksjon medan dei var gravide, seier Magnus.
Unntak for språkforstyrringar
Ein sensitivitetsanalyse, som berre inkluderte barn fødde før mars 2022 (då testregimet var mest påliteleg), viste auka risiko for tale- eller språkforstyrringar blant barn utsette for covid-19 i fosterlivet. Denne sensitivitetsanalysen vart gjort fordi det var vanskelegare å identifisere barn som hadde gått gjennom covid-19 i svangerskapet fødde etter denne perioden.
Sensitivitetsanalysen viste at medan risikoen for tale- og språkforstyrringar var 22 per 10 000 år med oppfølging blant eksponerte barn, var risikoen blant dei ueksponerte berre 11 per 10 000 år med oppfølging. Dette svarar til risikoen dersom ein følgde 10 000 barn over eitt år. Dette funnet kom ikkje fram i hovudanalyse, og forfattarane understreker at det bør undersøkjast nærare.
– Då vi avgrensa oss til barn fødde i perioden der det var generelt tilrådd å teste seg ved symptom, fann vi auka risiko for utviklingsmessige tale- eller språkforstyrringar, seier Magnus. Desse analysane vart gjorde for å minimere risikoen for feilklassifisering av infeksjonsstatus grunna endringar i testregimet. Resultata må prøvast ut i andre studiar/land før vi kan vere sikre på at dei stemmer.
Om studien
Studien omfattar 204 663 barn fødde i Noreg mellom mars 2020 og desember 2023. Studien brukar data frå fleire nasjonale register for å kople informasjon om mors COVID-19-status under svangerskap med helsetilstandane til barna. Totalt var det 16 325 barn av mødrer som hadde COVID-19 medan dei var gravide. Studien vart nyleg publisert i JAMA Network Open.
Moglege avgrensingar ved funna
Studien har avgrensa oppfølgingstid. Barna blei følgde i gjennomsnitt 3,6 år, noko som kan vere for kort til å fange opp alle tilfelle av nevroutvikling og nevrologiske tilstandar som ofte vert diagnostisert seinare i barneåra.
I tillegg kan endringar i testregimet ha påverka i kor stor grad forskarane fanga opp kvinner som var utsette for covid-19 medan dei var gravide. Etter mars 2022 vart det ikkje lenger tilrådd rutinemessig testing for COVID-19 ved symptom, noko som kan ha ført til ei underestimering av talet på barn som har vore utsette for COVID-19 i fosterlivet. Dette var grunnen til at forskarane gjennomførte ein subanalyse av barn fødde før mars 2022.