Vil få meir kunnskap om tannhelsa i Noreg
Nyhet
|Publisert
Frå 1. januar 2026 byrjar den offentlege tannhelsetenesta å rapportera data til Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR). Rapporteringa vil bidra til meir kunnskap om kva slags prosedyrar og diagnosar som er vanlege, og kven den offentlege tannhelsetenesta når ut til.
– Tannhelsetenesta er ein viktig del av helsetilbodet i Noreg. Når data frå tannhelsetenesta blir inkludert i KPR, får vi endeleg eit nasjonalt datagrunnlag om tannhelsa. Dette gir betre oversikt over korleis den offentlege tannhelsetenesta blir brukt, fastslår Guri Rørtveit, direktør FHI.
Tanndata til felles nytte
Det er fleire fordelar med å samla inn tannhelsedata:
- Gjev sentrale og kommunale myndigheiter eit betre grunnlag for planlegging, styring og finansiering
- Bidreg til å styrka kvaliteten i tenesta
- Gjev betre data til forsking
- Gjer det mogleg å samanlikna ulike praksisar
Rapporteringa skjer dagleg og automatisk via journalsystemet
Den offentlege tannhelsetenesta i Noreg er organisert av fylkeskommunane. Den offentlege tannhelsetenesta skal rapportere opplysningar om diagnosar, prosedyrar, kven som har fått behandling og betalingsinformasjon for denne behandlinga. Informasjon om kven som har utført helsehjelpa, for eksempel verksemd og type helsepersonell, inngår òg i rapporteringa. Rapporteringa skjer dagleg og automatisk via journalsystemet.
– At vi får automatisert datainnhenting via journalsystemet gjer at vi ikkje belastar tannhelsetenesta meir enn naudsynt. Data inn dagleg gjer at vi får data tett opp mot sanntid, og det gjer dataene meir verdifulle, seier Rørtveit.
Kommunalt pasient- og brukarregister inneheld allereie data frå fleire helsetenesteområde, for eksempel takstar hos fastlegar og legevakter, måling og veging i helsestasjons- og skulehelsetenesta og bruk av heimetenester og langtidsopphald i kommunalt tildelte tenester.
Informasjon om data frå tannhelsetenesta til KPR
Spørsmål kan sendast til kpr@fhi.no