Graviditetsplanlegging med ADHD-medisinering: Ny innsikt om risiko for spontanabort
Forskningsfunn
|Publisert
Ei nyleg gjennomført studie har undersøkt korleis bruk av medisin mot ADHD under svangerskap kan påverke risikoen for spontanabort. Resultata viser at risikoen for spontanabort er høgare hos kvinner med ADHD som nyttar medisinar, enn dei som ikkje brukar medisinar i svangerskapet.
I studien har ein undersøkt samanhengen mellom bruk av ADHD-medisinar og spontanabort, definert som svangerskapstap før veke 20. Ved bruk av nasjonale registerdata frå Noreg har forskarar samanlikna nær 3 000 svangerskap som enda i spontanabort med over 10 000 som resulterte i levande fødslar blant personar med ADHD.
Risiko for spontanabort ved bruk av ADHD-medisin
Det har tidlegare vore estimert at risikoen for spontanabort i den generelle befolkninga er om lag 17 %, og at kvinner med ADHD har litt høgare risiko, med om lag 3 ekstra tilfelle per 100 svangerskap. Resultat frå denne studien viser at blant kvinner som brukar ADHD-medisinar under svangerskapet aukar risikoen moderat med opp til 9 ekstra spontanabortar per 100 svangerskap. Tala er justerte for faktorar som andre psykiske lidingar og bruk av andre medisinar som kan påverke risikoen for spontanabort.
Studien viste ein auka risiko for spontanabort med ADHD-medisinar generelt, med dei vanlegaste medisinane som metylfenidat, lisdexamfetamin og atomoksetin. I studien peiker òg forskarane på behovet for vidare forsking for betre å forstå den auka risikoen for spontanabort blant kvinner som nyttar ADHD-medisinar under svangerskap.
– Vi veit framleis lite om dei biologiske mekanismane bak denne risikoen, spesielt korleis medisinar verkar inn på blodtrykk og blodtilførsel til livmora, seier Jacqueline Cohen, prosjektleiar og seniorforskar ved FHI.
Å utforske korleis ulike dosar påverkar risikoen, samanlikne ulike typar ADHD-medisinar, og vurdere andre faktorar som livsstil og kosthald vil gje verdifull innsikt. Slik forsking kan bidra til tryggare behandlingsalternativ for gravide med ADHD.
Gir gravide meir informerte val
Desse funna viser kompleksiteten i avgjerder om medisinbruk for gravide med ADHD. Nokre kvinner kan handtere å slutte med medisinar, medan det for andre kan vere avgjerande for kvardagen deira.
– Å ha opne samtalar med helsepersonell er essensielt når det gjeld medisinbruk under graviditet. Kvinner med ADHD bør ha tilgang til informasjon som gir dei moglegheit til å ta trygge val i samråd med helsepersonell, understrekar Cohen.
Forskarane håpar at resultata vil bidra til eit betre beslutningsgrunnlag for kvinner med ADHD og deirahelsepersonell. Målet er tryggare og meir informerte val, støtta på kunnskapsbasert rettleiing.
– ADHD varierer mykje frå person til person, og behandling bør reflektere dette mangfaldet. Målet med slike studiar er at kvinner med ADHD kan ta velinformerte val med støtte frå helsepersonell, avsluttar Cohen.
Om studien
Det finst ingen kliniske studiar der gravide tilfeldig er fordelte til å bruke ADHD-medisinar eller ikkje, da slike studiar ville vore uetiske. Informasjon om tryggleiken ved ADHD-medisinering under graviditet må derfor kome frå verkelegheitsstudiar og observasjonsdata.
Studien nytta ein nasjonal registerbasert case-control design med kopla data frå fleire norske register om fødslar, reseptar og spesialist- og primære helsetenester. Blant gravide kvinner med ADHD vart dei med spontanabort (n = 2993) matcha med opp til fire svangerskap som resulterte i levande fødslar (n = 10 305), basert på mors alder og år for unnfanging.
Tidlegare studiar har hatt utfordringar med å avgjere om risikoen for spontanabort skuldast sjølve ADHD-diagnosen eller medisinering, fordi det har vore vanskelig å skilje mellom effektane. Den noverande studien tek tak i dette ved å samanlikne kvinner med ADHD som brukar medisinar med dei som har ADHD, men ikkje nyttar medisinar. Dette hjelper forskarane med å sjå resultata meir tydeleg og gir eit betre bilete av risikoen ved bruk av ADHD-medisinar under graviditet. Forfattarane påpeiker likevel at det kan vere andre faktorar som ikkje er målte, som skil dei som brukar medisinar frå dei som ikkje gjer det, og desse faktorane kan heilt eller delvis forklare det studien viser.