Vaksne sitt for mykje stille og er for lite fysisk aktive
Forskningsfunn
|Publisert
80 prosent av oss sitt stille åtte timar eller meir kvar dag, og av dei er det berre tre av ti som oppfyller dei nye anbefalingane for fysisk aktivitet. Det viser nye tal frå Noregs idrettshøgskole og Folkehelseinstituttet.
–Fysisk aktivitet er bra for helse og livskvalitet gjennom heile livet, og er sentralt for å førebygge sjukdom. Resultata frå denne nye kartlegginga av fysisk aktivitet og tid i ro (Kan3) viser at det framleis er eit betydeleg potensial for å auke tid brukt til fysisk aktivitet i den norske befolkninga. Særleg blant dei eldste, seier Ulf Ekelund, professor ved NIH og forskar ved FHI.
Stillesitting kan og bør bli kompensert med fysisk aktivitet
Sidan førre gong vi målte, som var i 2014/15, har anbefalingane blitt justert. Anbefalingane til Helsedirektoratet
– Den største skilnaden er at kravet til fysisk aktivitet i veka er høgare for dei som til vanleg sitt stille åtte timar eller meir i løpet av dagen. Dei blir nå anbefalt å vere i aktivitet minst fem timar i veka, seier Ekelund og legg til:
– At så få som tre av ti oppfyller denne anbefalinga gjev grunn til bekymring. Å sitte mykje stille er ikkje bra for helsa. Fysisk inaktivitet er ein viktig risikofaktor for å utvikle sjukdommar som kreft, diabetes, hjarte- og karsjukdom, men det positive er at dersom du er bevisst på stillesittinga di og er nok fysisk aktiv, vil dei uheldige konsekvensane bli eliminert, understrekar Ekelund.
Kvart minutt tel
Ein annan justering i anbefalingane er at kvart minutt du er aktiv tel. Du treng ikkje sette av ein time til ei treningsøkt. Nå tel alt du gjer anten det er å springe etter bussen, gjere husarbeid eller å gå i trapper.
– Men ein real treningsøkt der pulsen aukar og du må puste litt ekstra er sjølvsagt veldig bra. Da kan du halvere tida som er anbefalt, seier Jostein Steene-Johannesen, professor ved NIH.
Store forskjellar i aktivitet
I snitt gjekk deltakarane i undersøkinga 8000 skritt kvar dag.
– Det er bra, men forskjellen på dei som er veldig aktive og lite aktive er stor. Dei som beveger seg lite går i gjennomsnitt 2000 skritt om dagen, mens dei som beveger seg mykje, tikkar inn over 16 000 skritt om dagen, seier Steene-Johannesen.
Han meiner det er viktig å fylgje med på dette og ikkje berre sjå på gjennomsnittet.
–Vi veit at dei med lågare utdanning er mindre fysisk aktive og er ei gruppe som kan ha dårlegare helse. Derfor må vi nå gruppa som har det lågaste aktivitetsnivået med gode tiltak, slik at også denne gruppa kan oppleve dei positive gevinstane av auka fysisk aktivitet, presiserer Ulf Ekelund.
Tips om korleis du kan følge anbefalingane (Helsenorge)
Aktivitetsnivået fell med alderen
I aldersgruppa over 65 år er det ein tydeleg trend at aktivitetsnivået fell med aukande alder. Dei over 80 år går i snitt halvparten så mange skritt samanlikna med dei mellom 20-64 år.
– Det er både naturleg og forståeleg at 80-åringar er mindre fysisk aktive enn 25-åringar, men helsegevinsten ved fysisk aktivitet er stor i alle aldersgrupper. Derfor er det viktig at det blir lagt til rette slik at alle eldre får moglegheit til å vere fysisk aktive, meiner Ekelund.
For lite styrketrening
Vi er betre på å gå på tur enn å drive med styrketrening. Å trene styrke er viktig for alle vaksne og ikkje minst dei eldre. Sjølv dei aller eldste kan halde seg mykje friskare, meir i aktivitet og klare seg betre og lengre på eiga hand med regelmessig styrketrening.
Mange helseproblem og plager kan både bli førebygd og behandla ved hjelp av styrketrening.
–Det er fleire måtar å trene styrke på. Du treng ikkje å gå på treningssenter, men du kan også gjere mykje heime eller ute med eigen kroppsvekt, forklarer Ekelund.
Stabilt sidan førre måling
Kartlegging av fysisk aktivitet i befolkninga er viktig for å kunne fylgje trendar og utviklingstrekk, og for å identifisere område der innsatsen må aukast.
– Resultata frå denne undersøkinga viser oss mellom anna at pandemien ikkje ser ut til å ha påverka vaksne sin fysiske aktivitet, seier Ekelund.
Sidan målingane begynte i 2008 var det ei auke i fysisk aktivitet fram til 2014. Denne auka ser nå ut til å ha flata ut. Det vi seie at vi framleis har et stykke igjen til vi når Verdas helseorganisasjon (WHO) sitt mål. Dei har sett seg mål om å redusere delen av befolkninga som ikkje når dei nasjonale anbefalingane om fysisk aktivitet med 15 prosent innan 2030.
Kven har delteke i Kan3?
Totalt har 3006 personar delteke i alderen 20-80 år. Eit atterhald er at utvalet som har takka ja til å vere med er noko selektert, sidan fleire har høgare sosioøkonomisk status samanlikna med resten av befolkninga. Det betyr at måling av aktivitetsnivå truleg vil vere noko overestimert.
For dei som ikkje sitt stille så lenge kvar dag er Helsedirektoratet si anbefaling om fysisk aktivitet halvparten, som vil seie 2,5 time i veka.