Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Uklart kva effektar gratis skulemat kan ha i den norske skulen»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Uklart kva effektar gratis skulemat kan ha i den norske skulen

Forskningsfunn

Uklart kva effektar gratis skulemat kan ha i den norske skulen

Senter for evaluering av folkehelsetiltak ved FHI har gjort ei ny utgreiing om effekten av å tilby eit gratis skulemåltid. Gjennomgangen av forskingslitteratur viser at tiltaket kan ha ein effekt, men det er usikkert om resultat av internasjonale studiar er overførbare til ein norsk skulekontekst.

Illustrasjonsfoto: Colourbox
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Senter for evaluering av folkehelsetiltak ved FHI har gjort ei ny utgreiing om effekten av å tilby eit gratis skulemåltid. Gjennomgangen av forskingslitteratur viser at tiltaket kan ha ein effekt, men det er usikkert om resultat av internasjonale studiar er overførbare til ein norsk skulekontekst.


I samband med den varsla satsinga på ei nasjonal skulematordning har FHI på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet vurdert dei internasjonale og nordiske forskingsresultata om effekten av å tilby eit gratis skulemåltid.

– I utgreiinga har vi sett etter ulike utfallsmål slik som til dømes deltaking i skulemåltidet, vektstatus, kosthald, akademiske resultat, fråvær og sosial ulikskap. Kunnskapsoppsummeringa tek også føre seg skulemåltidet sett opp mot berekraft, forklarar senterleiar Arnfinn Helleve.

Lunsj positivt, usikkert om frukost

Forskarane fann at dei fleste internasjonale studiane rapporterte at dei fann samanhengar mellom å tilby gratis skulemat, særskilt lunsj, og auka deltaking i skulemåltidet og betra kosthald. Resultata for frukost var meir usikre.

Resultata frå den nordiske litteraturen, som lettare kan overførast til ein norsk kontekst, var av meir sprikande art. Det er likevel einskilde nordiske studiar som syner ein positiv effekt av å tilby gratis skulemat på enkelte kostutfall og utjamne i sosiale skilnader i kosten, men dette er ofte mindre studiar, forklarar Helleve vidare.

Ein studie frå Danmark som undersøkte effekten av matsvinn viste at et varmt skolemåltid førte til meir matsvinn samanlikna med matpakke.

Behov for meir kunnskap

– Sjølv om det finnes ei rekke studier som ser på effekt av skulemåltid, er det viktig at ein ved ei eventuell innføring av ei ny nasjonal ordning for skulemat bør leggje til rette for forsking på effekten av dette. Det er behov for meir kunnskap om kva effektar eit gratis skulemåltid kan ha i ein norsk skulekontekst, avsluttar senterleiar Arnfinn Helleve.