Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Helsa i 2022 ikkje like god som før pandemien»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Helsa i 2022 ikkje like god som før pandemien

Nyhet

Helsa i 2022 ikkje like god som før pandemien

Den psykiske og fysiske helsa i Vestland fylke gjekk ned under pandemien. Helsa blir framleis oppfatta som dårlegare av befolkninga enn før koronapandemien, viser ei ny undersøking frå Folkehelseinstituttet.

Den psykiske og fysiske helsa i Vestland fylke gjekk ned under pandemien. Helsa blir framleis oppfatta som dårlegare av befolkninga enn før koronapandemien, viser ei ny undersøking frå Folkehelseinstituttet.


Denne nyheten er eldre enn 30 dager og informasjonen kan være utdatert
Ta meg til forsiden

Den nye rapporten Koronaundersøkinga i Vestland 2021: Framgangsmåte og utvalde resultat presenterer reaksjonar og opplevingar av koronapandemien i Vestland. Rapporten dekker også eigenrapportert psykisk og fysisk helse og livskvalitet. 

–  Resultata frå denne undersøkinga viser at den helsemessige tilstanden i Vestland framleis ikkje var på same nivå våren 2022 som før koronapandemien, sjølv etter at befolkninga hadde levd med pandemi og smitteverntiltak i nesten to år, seier forskar Tony Leino i Folkehelseinstituttet. 

Hovudfunna

Dette er blant hovudfunna:

  • Andelen som oppgav god helse var om lag seks prosentpoeng lågare våren 2022 enn målingane både før og under koronapandemien (frå om lag 76 prosent til 70  prosent).
  • Nivået på psykiske plager og einsemd var noko høgare både vintrane 2020 og 2021 og våren 2022, enn før pandemien.
  • Stengte butikkar, det å unngå heimebesøk og karantene etter nærkontakt med ein smitta, er dei tre enkelttiltaka som blei oppfatta som mest belastande.

Forskjellar i resultat etter kjønn, aldersgrupper og utdanningsnivå fell for det meste inn i mønster frå andre folkehelseundersøkingar både innan dette fylket og i andre fylke. Til dømes rapporterte unge vaksne (18–29 år) høgare nivå av psykiske plager og einsemd og lågare livstilfredsheit enn dei eldre aldersgruppene.

Dette meiner folk flest

Over 65 prosent rapporterte at dei ønsker å fortsetje med heimekontor. Likevel rapporterte berre ein tredel av dei yngste kvinnene (18–24 år) og omlag halvparten av dei som budde aleine at dei ønska å fortsetje med heimekontor.

Smitteverntiltak som avgrensa sosial omgang blei opplevd som ei større belastning enn tiltak som avgrensa service, fritid, og reising samt andre påbod (til dømes munnbind og å halde meteren). 

– Informasjon om tiltaksbelastning er viktig dersom ein må vege mellom tiltak og forventa nytte av dei, sier forskar Tony Leino.

Oppdrag frå fylkeskommunen

Rapporten er eit oppdrag frå Vestland fylkeskommune. Rapporten summerer opp utvalde resultat frå Koronaundersøkelsen i Vestland i 2021. Den presenterer også endringar over tid basert på ordinære Fylkeshelseundersøkingar som er gjennomført i Vestland frå 2018 til 2022 – og viser resultata av koronaundersøkingane som blei gjennomført 2020 og 2021.

Koronaundersøkinga i Vestland 2021 blei gjennomført i tidsrommet frå 6. til 20. desember 2021. Undersøkinga blei også gjennomført i Agder, Nordland og Oslo fylke. Deltakarane blei mellom anna spurt om reaksjonar på og opplevingar av koronapandemien, psykisk helse og livskvalitet. I alt 5.042 personar frå Vestland svarte på undersøkinga, som gav ei deltaking på 31,9 prosent.