Psyken, einsemda og livskvaliteten betra seg etter to år med pandemitiltak
Forskningsfunn
|Publisert
Under dei to åra med pandemi og restriksjonar var det først ein nedgang, så ei betring i psykiske plager, einsemd og livskvalitet blant vaksne i Vestland, men betringa sjåast ikkje i same grad for dei unge. Det viser folkehelseundersøkingar som Folkehelseinstituttet gjennomførte på vegne av fylkeskommunen
Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022 blei gjennomført av Folkehelseinstituttet (FHI) på vegne av Vestland fylkeskommune mellom 20. april og 8. mai 2022. Deltakarane blei mellom anna spurt om tilgang til tenester og fasilitetar lokalt, fysisk og psykisk helse, helserelatert åtferd, sosialt miljø og livskvalitet.
Blant dei 53 216 som deltok, svarte 85 prosent at dei er fornøgde med livet. Dette er ei klar betring samanlikna med ei tilsvarande undersøking som FHI gjorde i fylket under koronapandemien i november–desember 2020. Då svarte 74 prosent det same.
Utvalde funn:
- 3 av 4 trivast godt eller svært godt i nærmiljøet
- 7 av 10 oppgir at helsa er god eller svært god
- 1 av 10 opplever einsemd
Mange er einsame
– Undersøkinga viser at innbyggjarane i fylket jamt over meiner dei lever gode liv. At 11 prosent av deltakarane rapporterer om einsemd, svarar til nær 56 000 innbyggjarar i fylket som heilheit, påpeikar seniorforskar Marit Knapstad ved avdeling for helsefremmande arbeid (FHI).
Blant dei yngste (18–29 år) er det nesten ein av fire som rapporterer om einsemd. Det er også fleire einsame blant dei med lågare utdanning samanlikna med dei med høgare.
Mot normalisering etter lette av pandemitiltak
Det har vore mykje bekymring knytt til korleis koronapandemien og dei periodevis omfattande smittevernstiltaka, og følgene av desse på mellom anna arbeidsplassar og økonomi, har verka inn på den psykiske helsa og livskvaliteten i befolkninga. Med Folkehelseundersøkingane er det gjennomført ei rekke datainnsamlingar i Vestland fylke, både før og på ulike tidspunkt gjennom pandemien, som gjer det mogeleg å peike på enkelte endringar over tid.
Basert på desse målingane kan det sjå ut til at den psykiske helsa, einsemda og livskvaliteten blant vaksne i Vestland fylke forverra seg under dei første åra med pandemi, særleg ved måling i november/desember 2020 og dels i desember 2021. Tala nærma seg eit meir «normalt» nivå etter at smittevernstiltaka letta, målt i april/mai 2022. Nivået av psykiske plager og andelen einsame målt i inneverande undersøking, er likevel framleis litt høgare enn det som var målt i undersøkingane i fylket våren 2018/2019.
Verst for dei unge
Unge skil seg ut med dårlegast skår på tvers av målingar, ei meir uttalt forverring under pandemien (2020) og mindre betring att til 2022-målinga i nivå av psykiske plager og andel einsame.
– I kva grad desse endringane skuldast pandemien og smitterverntiltaka, er eit uttrykk for ein meir generell trend, har samanheng med andre forhold i samfunnet eller skuldast metoden som er brukt i undersøkingane, veit vi ikkje sikkert. Sett saman med annan litteratur, ser det likevel ut til at nivået av plager har lege høgare under pandemien enn det tidstrenden tilseier, særleg blant dei unge, påpeiker Knapstad.
Mykje blir betre med stigande alder og utdanningsnivå
Forskjellar i resultat etter kjønn, aldersgrupper og utdanningsnivå fell for det meste inn i mønster frå dei førre folkehelseundersøkingane i Hordaland (2018) og Sogn og Fjordane (2019), tilsvarande undersøkingar i andre fylke og forsking både i Noreg og andre land.
Generelt er det ein samanheng mellom stigande alder (heilt opp til pensjonsalder) og høgare utdanningsnivå på den eine sida, og mindre psykiske plager og einsemd og betring i dei fleste mål på sosialt miljø og livskvalitet på den andre. Dei to siste faktorane kan til dømes handle om trivsel i nærmiljøet og kor fornøgd ein er med livet.
Tek noko atterhald
Deltakinga i undersøkinga var på 31,1 prosent, som er lågare enn venta. Det kan vere fleire årsaker til denne relative nedgangen i deltakarraten frå andre tilsvarande undersøkingar.
– Årsaker til og konsekvensar av den fallande deltakarraten vil vi sjå nærare på for å kunne gjere tiltak for å sikre best mogeleg kvalitet på framtidige undersøkingar, seier Knapstad.