Psykiske problem kombinert med høgt alkoholinntak aukar risikoen for tidleg død
Forskningsfunn
|Publisert
Risikoen for tidleg død doblar seg dersom ein har psykiske problem og drikk meir enn to glas vin per dag i gjennomsnitt. Det viser ein studie som Folkehelseinstituttet har leidd.
– Konklusjonen vår er at høg alkoholbruk og psykiske problem er sterkare knytt til negative helseutfall når dei opptrer saman enn kvar for seg, seier forskar Eirik Degerud.
Ei gruppe forskarar frå Folkehelseinstituttet, Universitetet i Oslo og University of Bristol har talfesta sjansen for å døy blant personar som rapporterer ulike kombinasjonsnivå av alkoholbruk og mentale helseproblem.
Forskarane studerte rundt 200 000 nordmenn i 40-åra ved bruk av helseundersøkingar og Dødsårsaksregisteret. Dei undersøkte dødelegheita blant desse personane gjennom to tiår.
I løpet av omlag 20 år døydde rundt 20 000 av dei 200 000 som vart studerte, altså rundt 10 prosent. Blant dei 400 som oppga at dei hadde psykiske problem kombinert med høgt alkoholinntak, døydde rundt 100 personar, meir enn 20 prosent. Sjansen for å døy var altså dobbelt så høg i denne gruppa samanlikna med forventa dødelegheit i heile gruppa.
Degerud fortel at dei målte psykiske problem gjennom sju spørsmål om korleis ein har hatt det i løpet av dei siste 14 dagane, til dømes om ein i stor grad hadde vore trist eller deprimert. Høgt alkoholinntak definerte dei som å drikke meir enn 24 gram alkohol per dag i gjennomsnitt, det vil seie rundt to glas vin.
Bør vurdere å avstå frå alkohol
Forskaren fortel at forskingslitteraturen viser ein klar samanheng mellom psykiske problem og bruk av alkohol. Nokre studiar antydar at psykiske problem kan føre til eit høgare alkoholinntak, ofte omtalt som «sjølvmedisineringsteorien», medan andre studiar antydar at eit høgare alkoholinntak kan føre til eller forverre mentale helseproblem.
– Alkoholbruk og psykiske problem kvar for seg bidreg til mange, og dels dei same, negative helsekonsekvensane. Konsekvensane for helsa på kort og lang sikt kan vere ekstra stor om ein blir utsett for begge to. Det er dette vi finn i studien vår, seier Degerud.
Han seier dei ikkje veit nøyaktig kva som er årsaka til auka dødelegheit, fordi dei berre målte alkoholinntak og mentale helseproblem på eitt tidspunkt i livet til deltakarane. Ei mogleg forklaring er at høg alkoholbruk og psykiske problem saman kan føre til ei negativ utvikling over tid. Denne negative utviklinga kan innebere eit høgare eller meir ekstremt inntak av alkohol, meir alvorlege psykiske problem, auka bruk av psykoaktive legemiddel og andre rusmiddel, eit mindre vernande sosialt og sosioøkonomisk miljø, og redusert evne til å ta vare på seg sjølv og helsa si.
Degerud fortel at fleire land tilrår at personar med psykiske problem bør vurdere å avstå frå alkohol. Funna i studien understøttar desse tilrådingane.