Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Oljebad førebygger ikkje atopisk eksem hos spedbarn»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Oljebad førebygger ikkje atopisk eksem hos spedbarn

Forskningsfunn

Oljebad førebygger ikkje atopisk eksem hos spedbarn

Regelmessige oljebad eller tidleg introduksjon av fast føde i tillegg til amming førebygger ikkje atopisk eksem i det første leveåret til barn.

lite barn som har eksem
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Regelmessige oljebad eller tidleg introduksjon av fast føde i tillegg til amming førebygger ikkje atopisk eksem i det første leveåret til barn.


Det viser PreventADALL-studien, som er eit samarbeidsprosjekt mellom forskarar ved mellom anna Oslo universitetssykehus, Sykehuset Østfold, Karolinska Institutet, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet og Folkehelseinstituttet. Resultata vart nyleg publiserte i det prestisjetunge tidsskriftet The Lancet1.

Tilbakeviser funn frå tidlegare studiar

To mindre studiar publiserte i 2014 i Japan2 og USA/Storbritannia3 med vel 100 barn i kvar studie med høg risiko for atopisk eksem, viste at dagleg fuktkrem frå tidleg spedbarnsalder reduserte eksem med 30–50 prosent ved 6–12 månaders alder. 

PreventADALL-studien med 2400 mor-barn-par viser imidlertid at verken dagleg oljebad frå to vekers alder eller tidleg introduksjon av fast føde reduserer førekomsten av atopisk eksem hos barn på eitt år. Resultata for fuktbehandling blir støtta av BEEP-studien frå University of Nottingham i Storbritannia, som viste at behandling med fuktkrem hos rundt 1400 babyar heller ikkje reduserte førekomsten av atopisk eksem4.

– PreventADALL-studien viser per i dag at vi derfor ikkje kan tilrå regelmessig oljebad eller tidleg introduksjon av fast føde som tiltak for å førebygge atopisk eksem, seier seniorforskar Berit Granum ved seksjon for toksikologi og risiko ved Folkehelseinstituttet.

Om studien

  • PreventADALL (Preventing Atopic Dermatitis and ALLergies) er ein stor internasjonal studie som starta i desember 2014.
  • Dette er formålet:
    • Undersøke om enkle tiltak i første leveår kan redusere utviklinga av allergiske sjukdommar
    • Identifisere om miljø- og livsstilsfaktorer gjennom svangerskap, fødsel og barndom påverkar utvikling av allergiske sjukdom og andre folkesjukdommar, også seinare i livet
    • Omsetje ny kunnskap om risikofaktorar til tiltak for å redusere utvikling av folkesjukdommar, og gi betre allmennhelse
  • Studien inkluderer omlag 2400 mor-barn-par frå ei generell frisk befolkning, altså deltakarar uten auka risiko for allergisk sjukdom.
  • Deltakarane vart rekrutterte ved Oslo universitetsykehus, Sjukehuset Østfold og Karolinska Universitetssjukhus i Stockholm.
  • Barna vart tilfeldig trekt til ein av fire grupper:
    • ingen spesielle tiltak
    • hudpleie i form av regelmessig bading med badeolje frem til 9 månaders alder
    • tidleg introduksjon av tilleggsføde ved sida av amming
    • begge tiltak
  • Barna har vorte følgde tett opp med kliniske undersøkingar ved 3-, 6-, 12-, 24- og 36-månaders alder.

Referanser

  1. Håvard Ove Skjerven, Eva Maria Rehbinder, Riyas Vettukattil, Marissa LeBlanc, Berit Granum et al. Skin emollient and early complementary feeding to prevent infant atopic dermatitis (PreventADALL): a factorial, multicentre, cluster-randomised trial. Lancet 2020. Online publication. https://doi.org/10.1016/S0140-6736(19)32983-6
  2. Horimukai K, Morita K, Narita M, et al. Application of moisturizer to neonates prevents development of atopic dermatitis. J Allergy Clin Immunol 2014; 134: 824–30.e6.
  3. Simpson EL, Chalmers JR, Hanifin JM, et al. Emollient enhancement of the skin barrier from birth offers effective atopic dermatitis prevention. J Allergy Clin Immunol 2014; 134: 818–23.
  4. Joanne R Chalmers, Rachel H Haines et al. Daily emollient during infancy for prevention of eczema: the BEEP randomised controlled trial. Lancet 2020. Online publication. https://doi.org/10.1016/S0140-6736(19)32984-8