Hopp til innhold

Forskningsfunn

Forventa levealder og sjukdomsbyrde varierer mellom nordiske land

Publisert

Finske og danske menn og danske kvinner har lågast forventa levealder i Norden. Dei har også større sjukdomsbyrde frå fleire viktige sjukdommar og risikofaktorar. Røyking og alkoholbruk varierer betydeleg mellom dei nordiske landa.

folkemengde.jpg

Finske og danske menn og danske kvinner har lågast forventa levealder i Norden. Dei har også større sjukdomsbyrde frå fleire viktige sjukdommar og risikofaktorar. Røyking og alkoholbruk varierer betydeleg mellom dei nordiske landa.


Dette går fram av nye sjukdomsbyrdeberekningar som blei publiserte 20. november i tidsskriftet The Lancet Public Health.

Tidlegare er sjukdomsbyrderesultat for dei nordiske landa publisert som ein del av store, oppsummerande artiklar. For første gong er det no gjort ein grundig analyse der sjukdomsbyrda i dei ulike nordiske landa og Grønland er samanlikna.

Kva er sjukdomsbyrde?

Sjukdomsbyrden i ei befolkning gir eit tal for forskjellen mellom faktisk helsetilstand og ein idealsituasjon der alle lever til maksimal forventa levealder i fullstendig god helse.

Sjukdomsbyrden blir ofte målt i helsetapsjusterte leveår, ofte forkorta til DALY som står for disability-adjusted life-year. DALY er ei samlemål som inkluderer både dødelegheit i form av tapte leveår og redusert helse forbunde med ein sjukdom.

Berekningsmetodane kan du lese meir om her 

Dei nye resultata for Norden viser at:

  • Blant menn er det svenske menn som har minst sjukdomsbyrde.
  • Blant kvinnene kjem Island best ut.
  • Finske og danske menn, og danske kvinner, har kortare forventa levealder enn sine nordiske naboar.

– Forskjellane mellom dei nordiske landa er elles forholdsvis små, sett i internasjonal samanheng. Dette gjeld både i forventa levealder og samla sjukdomsbyrde, seier førsteforfattar for den nordiske forskergruppa Ann Kristin Knudsen ved Folkehelseinstituttet sitt senter for ssjukdomsbyrde.

Forskjellar i sjukdomsbyrde knytte til røyking og alkohol

Samanlikna med Norden generelt har danskane meir sjukdomsbyrde frå kols og lungekreft, mens finske menn har høg sjukdomsbyrde frå blant anna hjartesjukdom, sjølvmord og alkoholskader. Dette er sjukdommar og skader som er forbunde med auka dødelegheit, spesielt i Danmark og Finland.

Det er også nokre forskjellar mellom landa når det gjeld sjukdomsbyrde som er knytt til kjende risikofaktorar. 

– Risikofaktorane røyking og alkoholbruk er blant dei faktorane der vi ser mest variasjon i sjukdomsbyrda mellom dei nordiske landa, seier Knudsen .

Ho legg til at det er verd å merke seg den høge sjukdomsbyrda blant grønlendarar.

Figuren nederst i artikkelen viser kva for sjukdommar som gir størst sjukdomsbyrde for menn og kvinner i dei ulike landa.

Globalt sett: Høg levealder i Norden

Forventa levealder auka i alle dei nordiske landa og blant begge kjønn frå 1990 til 2017. Samtidig vart også forskjellane i forventa levealder mindre både mellom land og mellom kjønn i denne perioden.

Samanlikna med forventa levealder globalt, hadde nordiske menn 9,3 og nordiske kvinner 8,3 fleire forventa leveår i 2017. 

  • Forventa levealder for norske kvinner var 84,2 år og for menn 80,5 år i 2017. Dette var 0,3 og 0,7 år over den samla forventa levealderen i Norden.
  • Islandske kvinner hadde høgast forventa levealder i Norden med 85,9 år. Danske kvinner hadde lågast forventa levealder blant kvinner, om lag 3 år kortare enn islandske kvinner.
  • Blant menn hadde svenske menn høgast forventa levealder med 80,8 år. Finske og danske menn hadde lågast forventa levealder, med høvesvis 78,6 og 78,8 år, altså om lag 2,0 år kortare enn svenske menn.
  • På Grønland har forventa levealder auka betydeleg sidan 1990, men levealderen er framleis vesentleg kortare enn i dei nordiske landa. For menn er levealderen om lag 10 år kortare enn i Sverige.

Kva for sjukdommar betyr mest?

Menn:

  • Hjartesjukdom og ryggplager var dei to viktigaste årsakene til sjukdomsbyrde blant menn i dei nordiske landa.
  • Danske menn hadde større sjukdomsbyrde knytt til lungekreft, kols og skadeleg alkoholbruk enn nordiske menn generelt.
  • Finske menn hadde større sjukdomsbyrde enn menn generelt i Norden for ei rekke årsaker, mellom anna hjartesjukdom, sjølvmord og skadeleg alkoholbruk.

Kvinner:

  • Ryggplager, hovudverk, depresjon og angst var dei viktigaste årsakene til sjukdomsbyrde blant kvinner i Norden. Det var liten variasjon mellom landa.
  • Islandske og danske kvinner hadde større sjukdomsbyrde på grunn av lungekreft og kols enn generelt for Norden.

Kva for risikofaktorar betyr mest?

  • Røyking, alkoholbruk og metabolske faktorar bidrar til ei rekke sjukdommar og betyr derfor òg mykje for sjukdomsbyrda i Norden. Som metabolske faktorar reknar vi blant anna høgt blodtrykk, blodsukker og kolesterol og dessutan høg kroppsmasseindeks (KMI).
  • I Danmark var sjukdomsbyrda som følgje av røyking 40 prosent større enn for Norden samla sett.
  • Alkoholbruk var blant topp ti-risikofaktorane blant begge kjønn i alle dei nordiske landa. Sjukdomsbyrde knytt til alkoholbruk var særleg høg blant danske og finske menn.

Om analysen

I denne analysen vart sjukdomsbyrda analysert for 167 sjukdomsårsaker og 39 risikofaktorar blant begge kjønn i dei nordiske landa og dessutan Grønland i perioden 1990–2017.

Analysane er baserte på data frå nesten 4000 datakjelder. Der data manglar, har forskarane estimert verdiane ved hjelp av data frå naboland.

Det internasjonale sjukdomsbyrdeprosjektet

Det internasjonale sjukdomsbyrdeprosjektet, the Global Burden of Disease Study (GBD), er verdas største samanstilling av forventa levealder og sjukdomsbyrde. GBD bereknar kvart år sjukdomsbyrden for 195 land og geografiske område etter kjønn og alder.

I tillegg til tapte leveår og redusert helse blir det også berekna sjukdomsbyrde knytt til eit utval kjente risikofaktorar som røyking, alkoholbruk, høgt blodtrykk og luftforureining.

Les meir om det internasjonale sjukdomsbyrdeprosjektet og berekningsmetodane på healtdata.org (engelsk)

Les artikkel om nytte og utfordringar ved sjukdomsbyrdeanalysar i Noreg 

Referanse

Life expectancy and disease burden in the Nordic countries: Results from the Global Burden of Diseases,  Injuries, and Risk Factors Study 2017. Publisert online i The Lancet Public Health 20. november 2019. https://doi.org/10.1016/S2468-2667(19)30224-5 

Studien er støtta av Bill and Melinda Gates Fourdation.

diagram
Sykdomsbyrden fra de 10 viktigste sykdommene i de ulike nordiske landene og Grønland i 2017. Sykdomsbyrden er angitt i DALY-rater per 100 000 for hvert kjønn. Figuren viser også forskjeller fra estimatet for Norden. For eksempel viser en forskjell fra Norden-estimatet på 1,17 at estimatet er 17 prosent høyere enn estimatet for Norden samlet. Se full forklaring i artikkelen i The Lancet Public Health (se referansen).. The Lancet Public Health/FHI