Systematisk kartleggingsoversikt
Informasjon gjer barn betre rusta ved vald og overgrep
Forskningsfunn
|Publisert
Barn som har fått undervising eller annan informasjon om vald og overgrep, forstår betre at dette er feil og har lettare for å fortelje om sjølvopplevde overgrep enn andre barn. Det viser studiar i ei ny systematisk kartleggingsoversikt frå Folkehelseinstituttet.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) ga Folkehelseinstituttet i oppdrag å utføre ei kartlegging av studiar som har undersøkt effekten av og erfaringar med opplærings- og informasjonstiltak for barn og unge. Kartlegginga er meint å vere eit bidrag i arbeidet med å førebygge vald og overgrep mot barn og unge.
Sjå rapporten: Opplærings- og informasjonstiltak for barn og unge for å forebygge og avdekke vold, overgrep og krenkelser
Ein del barn veit ikkje at vald og overgrep ikkje er greitt
Forskarane inkluderte 65 studiar som enten har undersøkt effekten av informasjonstiltak om vald og overgrep, eller korleis barn og unge har opplevd slike tiltak. Studiane har undersøkt tiltak som tematiserer vald og overgrep mot barn og unge som er utført av vaksne, og overgrep utført av andre barn og unge.
– I studiane har vi funne ut at informasjon og undervisning gir barn og unge ei betre forståing av at vald og overgrep ikkje er greitt. Dette er eit viktig funn, fordi vi veit at ein del barn og unge ikkje er klar over at det dei opplever er feil, seier forskar Nora Blaasvær i Folkehelseinstituttet.
Nokre få studiar hadde undersøkt om barn og unge som hadde fått informasjon om vald og overgrep i større grad avslørte overgrep mot seg sjølv enn barn som ikkje hadde fått informasjon. Resultatet viser at dette var tilfellet.
– Desse barna opna seg i større grad og fortalde om overgrep som dei hadde opplevd, påpeiker forskaren.
Flest tiltak om vald og overgrep i skulen
Dei fleste studiane i oversikten har undersøkt effekten av informasjonstiltak i skulen.
– Vi fann berre tre studiar av informasjonstiltak i barnehage, så vi har mindre kunnskap om korleis førskulebarn tek til seg slik kunnskap, seier Blaasvær.
Ifølge oversikten er det òg få studiar om korleis barn og unge opplevde det å få informasjon eller undervisning om vald og overgrep – berre fem studiar hadde kvalitative data.
– Desse studiane kan likevel gi oss nyttig informasjon om korleis barn og unge opplever å høyre om og snakke om vald og overgrep, seier Blaasvær.
Varierande resultat om haldningar og opplevde overgrep
Mange av studiane undersøkte om tiltaka påverka barn og unge sine haldningar til vald og overgrep, og her varierte resultata noko.
Mange studiar undersøkte òg om informasjonstiltak påverka barna når det gjaldt å rapportere om eigne opplevingar av vald og overgrep.
– Også her varierte resultata noko, men vi såg at lengre og meir omfattande tiltak viste betre effekt enn kortvarige tiltak, seier Blaasvær.
Ingen studiar fann at tiltaka hadde ein negativ effekt på dei unge sine haldningar, åtferd eller opplevde overgrep.
Kartleggingsoversikten gir berre ein oversikt over forskingsfeltet
Ein kartleggingsoversikt som denne er meint å gi ei oversikt over eit forskingsfelt, ikkje å gi klare svar på til dømes effekten av tiltak.
– Vi kan med andre ord ikkje slå fast at resultata i studiane stemmer eit hundre prosent, men vi kan seie at vi fann nokre mønster – og det er desse vi har presentert i rapporten, seier Blaasvær.
Forskarane har ikkje gjort statistiske analysar av resultata i studiane. Dei rapporterer berre i kva grad barna som fekk informasjon skåra betre eller dårlegare enn barna som ikkje fekk informasjon – eller om det ikkje var nokon forskjell mellom dei som fekk informasjon og dei som ikkje fekk det.
– Basert på denne kartlegginga, kan vi ikkje seie noko om kor store dei eventuelle effektane av tiltaka er, understrekar forskaren.
Manglar forsking frå Noreg og nordiske land
I kartleggingsoversikten har forskarane inkludert studiar som er utførte på en slik måte at vi kan vurdere om tiltaket har effekt. I alle inkluderte studiar er det gjort målingar før og etter tiltaket, både i den undersøkte gruppa og i ei kontrollgruppe. I tillegg har dei inkludert kvalitative studiar. Ei overvekt av studiane dei fant var utførte i USA.
Folkehelseinstituttet sine forskarar fann ingen studiar frå Noreg eller andre nordiske land.
– Det ser ut som om vi har mangelfull kunnskap frå nordiske land om effekten av informasjonstiltak, og korleis barn og unge opplever tiltaka, seier Blaasvær.
– Har den amerikanske forskinga overføringsverdi til nordiske land?
– Dette er det nok andre enn eg som kan svare betre på, men eg ser ikkje at effekten av å gi informasjon om vald og overgrep skulle vere annleis i Noreg enn i USA når det gjeld barn og unge sin kunnskap om og forståing av slike tema, svarer Nora Blaasvær.
Korleis barn opplever at slike tema blir snakka om på skulen, trur ho kan variere mellom ulike miljø.
– Korleis slike tiltak påverkar barn og unge sine haldningar og åtferd er nok samansatt – og eg vil tru at tilpassing av tiltaka til barn og unge sin situasjon er ein nøkkel, avsluttar forskaren.