Auka risiko for nedsett funksjon hos barn som er fødde ekstremt tidleg
Forskningsfunn
|Publisert
Barn som er fødde før 25. svangerskapsveke har langt dårlegare prognose enn barn som er fødde seinare, det gjeld både overleving og risiko for å overleve med nedsett funksjon.
Forskarane fann at:
- Sju prosent av alle barn som blir fødde i svangerskapsveke 22, overlever, mot heile 90 prosent av alle som blir fødde i veke 27.
- Risikoen for å få alvorleg nedsett funksjon er 36 prosent hos barn som er fødde i veke 22, mot berre 4 prosent av barn som er fødde i veke 27.
Desse estimata er henta frå ein systematisk oversikt som er gjennomført av forskarar ved Folkehelseinstituttet og publisert i tidsskriftet Pediatrics. Eit fullgått svangerskap er ca. 40 veker.
Forskarane samanlikna tilgjengelege studiar og fann store variasjonar i resultata for andelen barn som overlevde fødselen i svangerskapsvekene 22 til 24. Årsakene til variasjonane kan vere at ulike studiar nytta ulike metodar for å berekne terminen og alderen til fosteret, ulike kjelder for å innhente data og ulik tilnærming til livreddande behandling.
Det er publisert mange enkeltstudiar som tar for seg utsiktene for overleving og risikoen for nedsett funksjon hos barn som veks opp etter ekstremt tidleg fødsel, men det er få andre systematiske oversikter.
– Vi har tillit til prognoseestimata som vi kom fram til når det gjeld overleving. Det vil seie at vi har tillit til at estimata ligg nær den verkelege verdien. Når det gjeld risikoen for å få nedsett funksjon, er kunnskapsgrunnlaget langt meir usikkert. Det trengst fleire gode kohortstudiar om nedsett funksjon hos barn som er fødde ekstremt tidleg, seier forskar Hilde Tinderholt Myrhaug ved Folkehelseinstituttet.
Forskarane søkte i ni databasar etter kohortstudiar som har rapportert prognose for overleving og risiko for nedsett funksjon blant barn som er fødde i svangerskapsveke 22-27. Oversikta inneheld 65 ulike kohortstudiar av tidleg fødde barn frå høginntektsland. Alle studiane er publiserte i perioden 2000 til 2017. Artikkelen er ei oppdatering av ein systematisk oversikt (FHI rapport) frå 2017.
Barn med høg risiko for alvorleg nedsett funksjon treng tverrfagleg oppfølging og individuelt tilpassa støtte slik at dei kan utvikle funksjons- og meistringsevne.
For barn som har låg risiko for alvorleg nedsett funksjon, er det viktig at foreldre og andre omsorgspersonar i barnehagen og på skulen veit at barnet er fødd for tidleg, og at dei kjenner til vanlege seinfølger, slik som auka risiko for konsentrasjons- og lærevanskar og problem med sosial interaksjon.
Artikkelen i Pediatrics er og omtala av nyheitsbyrået Reuters, med intervju av Trond Markestad.