Opptak frå NASKO sitt lunsjwebinar om barn sine reaksjonar på foreldrekonflikt

Melding

|

Publisert

Den 14. september arrangerte NASKO, i samarbeid med avdeling for barn si helse og utvikling i FHI, eit lunsjwebinar om barn sine reaksjonar på foreldrekonflikt. Det var i overkant av 300 deltakarar som følgde webinaret live. Du finn opptak og presentasjonar nedst på sida.

Om webinaret  

Kvar veke møter tilsette i helsestasjons- og skulehelsetenesta barn og ungdom som opplever, eller har opplevd, foreldrekonflikt. I dette webinaret hadde vi med oss Silje Bårdstu og Tonje Holt frå FamilieForSK-studien, ein studie om samhald og konfliktar i familiar i Noreg. Dei presenterte oppdatert kunnskap om temaet, mellom anna korleis foreldre sjølv rapporterer si konfliktåtferd, og om dei er enige om kvarandre si  konfliktåtferd. Målgruppa for webinaret var tilsette i helsestasjons- og skulehelsetenesta, men innhaldet kan vere relevant for alle som arbeider med barn og unge som opplever foreldrekonflikt.   

Sjå opptak og presentasjonar   

Vi gjer oppmerksam på at opptaket blir liggande ute til 15. november.   

Ønsker du å vite meir?  

Publisert