Nye legemiddelgrupper publisert – spørsmål og svar om FHI Statistikk på legemidler
Melding
|Publisert
Folkehelseinstituttet får fleire førespurnader om legemiddelbruk i Norge basert på data om legemiddelutleveringer fra apotek. No er ytterlegare 20 legemiddelgrupper publisert. Under finn du nokon spørsmål og svar om legemiddelgrupper
Kva er ei legemiddelgruppe?
Ei legemiddelgruppe utgjer ei samling av legemiddel nytta ved ein tilstand, til dømes legemiddel mot allergi. Data om utlevering frå apotek innan ei legemiddelgruppe:
Kvar kan eg finne informasjon om kva legemiddel som er inkludert i legemiddelgruppa?
Når du vel ei legemiddelgruppe finn du metadata under den valde tabellen, der står det kva ATC-kodar som er inkludert og ekskludert og ei kort grunngjeving kvifor eit legemiddel er ekskludert eller ikkje. Ein ATC klassifikasjon er eit hierarkisk system for å klassifisere legemiddel med fem nivå. Det femte nivået med ein kode av sju teikn er det mest detaljerte, der ulike legemiddelprodukt blir klassifisert. Legemiddel som inneheld kun paracetamol blir til dømes klassifisert i koden N02BE01 paracetamol, der N overordna står for Nervesystemet og smertestillande blir klassifisert i N02.
Kan eg velje enkelte legemiddel innan ei legemiddelgruppe?
Nei, i ei legemiddelgruppe får du kun samla data om legemiddelgruppa. Dersom du ynskjer data om kun eit virkestoff slik som paracetamol (N02BE01 ) må du søke på etter den enkelte ATC- koden under Legemiddelstatistikk per ATC kode. Legemiddel for vektreduksjon er eit unntak der du kan dele gruppa i «GLP-1 analogar for vektreduksjon» og «Andre legemiddel enn GLP-1 analogar for vektreduksjon. I tillegg til kan du finne tal for dei enkelte virkestoffa som inngår i denne gruppa.
Er all bruk av legemiddel innan ei gruppe inkludert i data?
Data for legemiddelgruppene vert henta frå Legemiddelregisteret (LMR), det vil sei at data gjeld legemiddel utlevert etter resept frå apotek. At eit legemiddel er utlevert betyr ikkje at det nødvendigvis er brukt. Legemiddel brukt i institusjon og utlevert utan resept er ikkje inkludert i registeret. For enkelte legemiddelgrupper slik som ADHD-middel er det i dag ingen reseptfrie legemiddel i legemiddelgruppa. I andre legemiddelgrupper, slik som allergimiddel og potensmiddel er det også er sal utan resept som ikkje er inkludert her.
Dersom ein ynskjer totale data for sal, eller reseptfrie legemiddel kan du lese om grossistbasert legemiddelstatistikk.
Kva variablar kan eg hente ut?
For legemiddelgruppene kan du hente ut legemiddel utlevert etter resept i form av individ eller individ/1000 innbyggjar der det er justert for befolkning i gruppa du har valgt til dømes alle, eller kvinner 20-25 år. Du kan også hente ut data i form av den definerte daglege døgndosen (DDD), som er ein teknisk dose satt for å kvantifisere legemiddelbruken. Dersom du ynskjer å justere DDD for befolkning eller brukarar må du hente ut desse variablane også og sjølv kalkulere.
Kan eg skilje på menn, kvinner og aldersgrupper?
Ja i «filter» kan du sortere på menn, kvinner og aldersgrupper i trinn på 0-5 år, i legemiddelgruppene med anna inndeling kan inndelingane vera sett opp på ein anna måte.
Kva er ei legemiddelgruppe med anna inndeling?
Ei legemiddelgruppe med anna inndeling har ei anna inndeling i menn, kvinner og eller alder, til dømes for ADHD-middel der det er ei anna aldersinndeling.
Kan data hentast som .csv og .xlsx filer?
Ja, velg “Del” og filformatet du ynskjer.
Har eg sjølv ansvar for å tolke data?
Ja du har sjølv ansvar for bruk og tolking av data. Folkehelseinstituttet (FHI) er ikkje ansvarleg for tolkingar eller analyse av data gjort av andre, sjå metadata under kvar legemiddelgruppe.
Korleis skal eg referere til bruk av data henta frå legemiddelgrupper?
Legemiddelregisteret ved Folkehelseinstituttet skal gis som kjelde både ved skriftleg og munnleg presentasjon av data. Sjå informasjon, metadata, under kvar legemiddelgruppe.
Legemiddelgruppe |
Legemiddelgrupper med begge kjønn og 5-års aldersgrupper: |
Allergimidler, tabletter og miksturer |
Antibiotika |
Antibiotika (unntatt metenamin) |
Antidepressiva |
Astma- og KOLS-midler |
Benzodiazepiner (unntatt midazolam) |
Legemidler ved hjerte- og karsykdommer (unntatt kolesterolsenkende og antitrombotika) |
Demensmidler |
Diabetesmidler |
Kolesterolsenkende midler |
Migrenemidler |
Smertestillende midler |
Smertestillende midler, opioider |
Smertestillende midler "unntatt opioider |
Sovemidler |
Sovemidler, vanedannende |
Legemiddelgrupper med anna inndeling: |
Legemidler for vektreduksjon |
ADHD-midler |
Hormontilskudd ved overgangsalder |
Potensmidler (etter resept) |
Prevensjonsmidler (unntatt p-stav og hormonspiral) |
Prevensjonsmidler, p-stav og hormonspiral |