Helse og livskvalitet
Artikkel
|Sist endret
Kvart år får mange nordmenn kreftdiagnosen. No ønskjer vi å finne ut meir om korleis kreft påverkar livskvalitet og opplevd helse hjå dei som vert råka.
Alle kreftpasientar får ei eller anna form for behandling, anten det er kirurgi og/eller strålebehandling, cellegift eller lindrande behandling. Sjølv om desse behandlingane kan betre overleving eller livskvalitet, kan dei òg føre til skadelege komplikasjonar som påverkar livet etter behandlinga.
Vi ønskjer å forstå meir om omfanget og belastninga av slike seinverknader, slik at behandling og kreftomsorg kan bli endå betre og meir presis.
Befolkningsundersøkingane
Gjennom den befolkningsbaserte helseundersøkinga vil helse og livskvalitet til personar både med og utan kreft kartleggjast. Slik får vi kunnskap om kor vanlege dei ulike seinverknadene er, og kven som vert råka, til dømes ut frå kva behandling dei har hatt.
Det kan vere svært krevjande å leve med seinverknader etter kreftbehandling, og det er viktig for pasientgruppa at vi får ei oversikt over byrda og varigheita av seinverknader og korleis desse påverkar livskvaliteten. På denne måten kan behandling og oppfølging på sikt bli endå betre.
Forskingsprosjekta
- Befolkningsundersøking om prostatakreft
- Forskingsprosjekt om helse, tarmfunksjon og livskvalitet
- Langtidseffektar av brystkreftbehandling
- Stressmeistring etter brystkreft
- Covid-19 og kreft i dei nordiske landa
- Hjartekateterisering av barn med medfødd hjartefeil
- Genaktivitet ved testikkelkreft
- CT-undersøking av barn og kreftrisiko
- Hjernesvulst hos barn og unge
- SARS-CoV-2 hos kreftpasientar