Forskningsstudier om legemiddelbruk og kreft
Artikkel
|Sist endret
Kreftregisteret gjennomfører fleire forskingsstudiar som fokuserer på korleis bruken av ulike legemiddel påverkar kreftrisikoen i befolkninga.
Legemiddel spelar ei sentral rolle i medisinen, inkludert behandling og førebygging av kreft. Vi veit at nokre legemiddel som blir brukt mot andre sjukdomar enn kreft kan gi auka risiko for å utvikle kreft, medan andre kan beskytte mot kreft.
I legemiddelepidemiologi studerer ein bruk, tryggleik og effekt (positiv og negativ) av legemiddel etter at dei er teke i bruk i befolkninga.
Legemiddelstudier ved Kreftregisteret
Kreftregisteret gjennomfører fleire legemiddelepidemiologiske forskingsstudiar. Nokre av forskarane våre undersøker tryggleiken til legemiddel som blir brukt i kreftbehandling. Eit døme er ei studie av biverknader av eit medikament som blir brukt ved spreiing av kreft til skjelettet.
Nokre forskarar undersøkjer korleis vanlege reseptpliktige legemiddel påverkar risikoen for kreft, medan andre undersøker spesifikt for eksempel korleis enkelte legemiddel kan påverke immunforsvaret eller sensitiviteten for UV-stråling, som igjen kan påverke risikoen for føflekkreft.
Kreftregisteret har også ei eiga forskingsgruppe som fokuserer på vaksinar mot Humant Papillomavirus (HPV), eit virus som blant anna fører til livmorhalskreft.
Forskningssamarbeid
Dei fleste legemiddelstudier som blir gjennomført ved Kreftregisteret er initiert av våre forskarar og er offentleg finansierte. Kreftregisteret samarbeider både med klinikarar, akademia og legemiddelindustrien om denne typen studier.
Forskningssamarbeid med legemiddelindustrien kan ha bakgrunn i at produsenten av legemiddelet har fått godkjenning frå det europeiske (European Medicines Agency, EMA) eller det amerikanske (U.S. Food & Drug Administration, FDA) godkjenningsorganet, med krav om at effekt og/eller biverknader blir følgt opp etter at legemiddelet er teke i bruk.
Pågåande prosjekt
Kostnader og behandling for pasientar med lungekreft
Ved hjelp av data samla frå fleire norske register skal denne studien undersøkje helsetenestekostnader og behandlingsmønster hos pasientar med lokalt avansert og metastatisk ikkje-småcellet lungekreft.
Ny kreftbehandling og overleving
Talet på kreftoverlevarar aukar, og det kjem av mellom anna betre kreftbehandling. I denne studien undersøker vi om nye, dyre kreftbehandlingar reduserer behovet for andre palliative behandlingar og kor mykje nye kreftlegemiddel aukar totaloverlevinga i befolkninga.
Genaktivitet ved testikkelkreft
Testikkelkreft er den vanlegaste kreftforma blant unge menn. Sjukdomsårsaka er stort sett ukjend, men arvelege faktorar og forhold under svangerskapet har betydning. Innsikt i genaktivitet ved testikkelkreft kan gi betre biomarkørar og meir presis diagnostikk.
Kartlegging av legemiddelbruk og kreft
Dette store registerbaserte prosjektet skal undersøkje om medikament er assosiert med kreftførekomst. Prosjektet skal også utvikle eit statistisk verktøy for monitorering av reseptpliktige legemiddel med omsyn til kreftrisiko.
Reseptpliktige legemiddel og risiko for melanom
Melanom er den kreftforma som aukar raskast i Noreg, og Noreg har høgast dødelegheit i Europa. I denne studien undersøkjer vi om enkelte legemiddel kan påverke immunforsvaret og sensitivitet for UV-stråling, som igjen kan påverke utvikling av føflekkreft.
Legemiddel og prognose ved melanom
Melanom er den kreftforma som aukar raskast i Noreg, og Noreg har den høgaste dødelegheita i Europa. I denne studien undersøkjer vi om blodtrykksregulerande legemiddel kan bremse melanomutviklinga og vere gunstig med tanke på prognose (tilbakefall, utvikling av metastasar og dødelegheit).
Legemiddel og kreft hos kvinner og menn
Legemiddel kan påverke kreftrisiko, til dømes fleire studier har vist at hormonpreparat påverkar risikoen for bryst- og eggstokkreft. Målet med prosjektet er å studere samanhengen mellom legemiddelbruk og risiko for å utvikle ulike krefttypar, samt prognose etter kreftdiagnose.
Inspire-prosjektet
Kreftregisteret har no informasjon om medikamentell kreftbehandling, takka vere prosjektet INSPIRE. Det finst data frå både medikamentell kreftbehandling på sjukehus og legemiddel som blir gitt på H-resept.