Forskningsprosjekt om kreftbiomarkørar
Artikkel
|Sist endret
Kreftregisteret har fleire forskingsprosjekt på kreftbiomarkørar der målet er å identifisere, utvikle og validere biologiske markørar som kan brukast til tidleg diagnostikk og bidra til større innsikt i mekanismane bak utvikling av kreft.
Kreftregisteret har i ei årrekke forska på kreftbiomarkørar og har brukt ulike biologiske materiale frå Janus serumbank eller ulike screeningprogram. Målet er å identifisere, utvikle og validere biologiske markørar som kan brukast til tidleg diagnostikk og som kan gi større innsikt i mekanismane bak kreftutvikling. Nye og betre kreftbiomarkørar vil kunne brukast til å stille diagnose på eit tidlegare tidspunkt og dermed gi betre overleving og bidra til meir presis diagnostikk.
Det er viktig å forstå korleis livsstilsfaktorar som røyking, BMI og fysisk aktivitet kan påverke biomarkøren. Difor inkluderer vi livsstilsfaktorar når vi studerer biomarkørar. Vi undersøkjer mellom anna korleis miRNA blir påverka av røyking, og korleis antibiotika påverkar tarmbakteriane hos deltakarar i tarmscreeningprogrammet.
Teknologisk avanserte prosjekt som ikkje var mogleg for 10 år sidan gjer at vi no kan studere miRNA- og mRNA-ekspresjon, endringar i DNA-metylering, tarmbakteriar og HPV-variasjon og integrasjon som potensielle biomarkørar. Målet vårt er å identifisere nye biomarkørar som kan bidra til betre og meir persontilpassa screeningmetodar i framtida.
Forskningsprosjekt
Tarmbakteriar og livsstil ved tarmkreftscreening
Det er ein samanheng mellom tarmbakteriar og risiko for tarmkreft. Vi ønskjer å oppdage ein biomarkør basert på bakterieinnhald i avføringsprøvar, og undersøkja samanheng mellom forstadium til tarmkreft, livsstilsfaktorar og tarmbakteriar.
JanusRNA - identifisering av tidlege biomarkørar for kreft
RNA er involvert i tallause cellulære prosessar i samband med kreftutvikling. I dette prosjektet undersøkjer vi om RNA kan fungere i tidleg påvising og som ein potensiell screeningbiomarkør for kreft. Prosjektet har fleire delprosjekt som har produsert store mengder RNA-data for ulike krefttypar. Desse data blir snart tilgjengelege for forsking på kreft.
Betydninga av overvekt og sirkulerande små RNA i utvikling av livmorkreft
Prosjektet skal undersøkja korleis alder og livsstilsfaktorar påverkar uttrykket av sirkulerande små RNA hjå pasientar med livmorkreft som har levert prøvar til Janus serumbank.
HPV-sekvensering for biomarkørar
HPV-sekvensering er ei forskingsgruppe med fokus på 1) HPV-biomarkørar 2) HPV-evolusjon 3) HPV-metodeutvikling. Vi brukar avansert sekvenseringsteknologi for å nå måla våre.
Genaktivitet ved testikkelkreft
Testikkelkreft er den vanlegaste kreftforma blant unge menn. Årsaka til sjukdomen er stort sett ukjent, men arvelege faktorar og forhold under svangerskapet har betydning. Innsikt i genaktivitet ved testikkelkreft kan gi betre biomarkørar og meir presis diagnostikk.
Biomarkørar for HPV - studier i HPV-kreftkohortar
Prosjektet skal undersøkja biomarkørar som kan brukast til å identifisere høgare risiko for kreft i samband med smitte av humant papillomavirus. Det norske prøvematerialet er henta frå Janus serumbank og består av rundt 2400 blodprøvar frå personar som har utvikla kreft (i svelg, skjede, penis, anus) og frå kreftfrie individ.
Per- og polyfluoralkylstoff (PFAS)
Prosjektet vil bruke prøvar frå den populasjonsbaserte Janus serumbank som ei «Tidsmaskin» for å utforske samanheng mellom nyre- og testikkelkreft og eksponering for «Evighetskjemikaliar» Per- og Polyfluoralkylstoff (PFAS).
miPROC - biomarkørar for tidleg påvising av eggstokkreft
Denne studien vil validere eit panel med mikroRNA for tidleg deteksjon av eggstokkreft og for å kunne henvise kvinner med mistanke om kreft til spesialisttenesta.
Europeisk-latinamerikansk konsortium for å eliminere galleblærekreft
EULAT eliminerer galleblærekreft (GBC) og har som mål å betre førebygging, tidleg oppdaging og behandling av kreft i galleblæra. Kreftregisteret har ansvar for arbeidspakke (WP) 3: Nye biomarkørar for tidleg oppdaging av GBC.
Testikkelkreft og arv
Testikkelkreft er den vanlegaste kreftforma blant unge menn og mykje tyder på at grunnlaget for sjukdomen blir lagt allereie i fosterlivet. I dette norsk-svenske samarbeidsprosjektet skal gener som kan vere viktige for utvikling av testikkelkreft undersøkjast.
Prognostiske markørar for å skille kvinner med høg og låg risiko for utvikling av livmorhalskreft
Celleforandringar og kreft på livmorhalsen skuldast infeksjon med humant papillomavirus (HPV). Sidan vi manglar analyser som kan skilje ut dei som vil utvikle kreft, blir alle kvinner følgde opp på same måte.
Tarmbakteriar og livsstil ved tarmscreening (CRCbiome)
Det er ein samanheng mellom tarmbakteriar og risiko for tarmkreft. Vi ønskjer å finne ein biomarkør basert på bakterieinnhald i avføringsprøvar, og undersøkje samanheng mellom forstadium til tarmkreft, livsstilsfaktorar og tarmbakteriar.