Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «EØS – Romania: Status for utvelging av helseprosjekt»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • EØS – Romania: Status for utvelging av helseprosjekt

Artikkel

EØS-programmet om folkehelse

EØS – Romania: Status for utvelging av helseprosjekt

Romania blei medlem av EU og EØS i 2007 og har mottatt EØS-middel sidan da, mellom anna til folkehelse. I inneverande EØS-periode, 2014-2021, har dei hatt god respons på dei to første opne utlysingane til helseprosjekt.

Romania blei medlem av EU og EØS i 2007 og har mottatt EØS-middel sidan da, mellom anna til folkehelse. I inneverande EØS-periode, 2014-2021, har dei hatt god respons på dei to første opne utlysingane til helseprosjekt.


Innhold på denne siden

Siste nytt

Programoperatøren i Romania er særs nøgd med reponsen på dei to første opne utlysingane av prosjektmiddel:

  • Den første utlysinga, som gjaldt auka tilgang på helsetenester for sårbare grupper i utkantstrok, inkludert romfolk, gav 56 søknader, derav 20 med norsk partnar. Utvelging vil truleg skje i løpet av desember 2021.
  • Den andre utlysinga gjaldt oppsøkande helsetenester til sårbare grupper i utkantstrok, inkludert romfolk, og er retta mot friviljuge organisasjonar i Romania. Dei fekk inn 33 søknader, og utvelginga vil truleg skje i løpet av hausten 2021.

- Som programpartnar er vi glade for å sjå at 35 prosent av søknadene i den eine utlysinga har norske partnarar. Dette lover godt for styrka bilateralt helsesamarbeid mellom Romania og Noreg, seier Solfrid Johansen, seniorrådgjevar i FHI.

Historikk

Romania har tatt imot EØS-middel sidan landet blei medlem av EU og EØS i 2007. Dei første to åra vart støtta organisert i mindre prosjekt. Sidan 2009 har støtta skjedd innanfor fleire større programområde, mellom anna folkehelse. 

Romania har ei eiga nettside under eeagrants.org. Der går det fram korleis dei har brukt EØS-midla i perioden 2009–2014. I den perioden gjennomførte dei eit avgrensa program innan folkehelse.

I 2014 vedtok Romania ein nasjonal helsestrategi for 2014–2020. I den nye helsestrategien er lokalsamfunn for første gang tatt opp spesielt, og dei vil sjå sosiale og medisinske tilhøve i samanheng for å få til meir tilpassa helsetenester for folk på landsbygda. Strategien har gitt retning framover også for satsinga på eit eige folkehelseprogram med EØS-pengar. 

Programmet skal førebygge og minske ulikskap i helse

For finansieringsperioden 2014–2021 fell folkehelseprogrammet inn under hovudsektoren Sosial inkludering, ungdomsledigheit og kamp mot fattigdom.  Romania kallar folkehelseprogrammet for Europeiske folkehelseutfordringar, og det er satt av 40 millionar euro frå EØS-midla, jf. figuren under. Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet er norske programpartnarar.

grafisk figur med tall i euro

Etter ein konsultasjonsrunde med 50 rumenske interessentar i 2017 vart det avklart kva landet vil satse på innan folkehelseprogrammet i den nye perioden. Hovudstrategien er å satse meir på førebygging enn behandling og "snu" tenestepyramiden. Gradvis vil dei prioritere primærehelsetenesta høgare, og innafor sjukehusvesenet vil dei prioritere poliklinikkane og regionale akuttenester.  Slik vil dei nå fleire utsette grupper i samfunnet og minske den sosiale ulikskapen i helse.
Sjå eigen artikkel om helsetilstanden i Romania.

Dessutan har røynslene frå tidlegare prosjekt lært dei at det er viktig at moderne informasjonsteknologi er integrert i ein felles IKT-infrastruktur for å skape eit berekraftig helsesystem for framtida. Dei vil bruke fleire finansieringskjelder enn EØS-midla for å få til dette. 

Sju programområde

Romania har gått inn for sju område i sitt program Europeiske folkehelseutfordringar:

  • Førebygging av ikkje-smittsame sjukdommar
  • Førebygging og kontroll med smittsame sjukdommar i samsvar med det internasjonale helsereglementet 
  • Utvikling av helsesystemet, inkludert informasjons- og overvakingssystem
  • Helseteneste for alle (Universal access to health care)
  • Minska sosial ulikheit i helse og sjukdomsbyrde 
  • Psykisk helse, inkludert problem knytta til alkohol- og rusmisbruk 
  • Styrke systemet for primærhelsetenesta

Programmet legg vekt på å styrke primærhelsetenestene, at det er tilgang til helsetenester for alle og at den sosiale ulikskapen i helse skal minskast, særleg med omsyn til helsestatusen for romfolk. Det er gjennomført to opne utlysingar av prosjektmiddel, jf. siste nytt over. Ein tredje utlysing er venta i løpet av husten 2021. 

Åtte predefinerte prosjekt

Tre personar i samtale
Dr. Ileana Botezat (midten) leiar det predefinerte prosjektet om psykisk helse hos barn. Her saman med Solfrid Johansen og Marianne Bergsaker frå FHI. Foto: Folkehelseinstituttet

Åtte område er peika ut som mest eigna for såkalla predefinerte prosjekt. Det vil seie prosjekt der ein søker å hente inn bestemt kompetanse hos ekspertar frå givarlanda for å dekke strategiske behov i staden for å bruke ope utlysing der ein ber om framlegg til prosjekt.

Dei predefinerte prosjekta gjeld mest kvinnehelse, barnehelse og dei største ikkje-smittsame sjukdommane pluss tuberkulose:

  1. Styrke nasjonalt nettverk i primærhelsetenesta for å betre helsestatusen i befolkninga, inkludert sårbare grupper (8,8 millionar euro – 36 månader). .
  2. Styrke nasjonal kapasitet til å gjennomføre organisert kostnadseffektiv kreftscreening (2,0 millionar euro – 24 månader)
  3. Etablere eit nasjonalt helsepersonellregister for å styrke pasientplanleggingstenestene (0,5 millionar euro – 36 månader)
  4. Kvalitetsregister for akutt hjerteinfarkt (2,5 millionar euro – 24 månader)
  5. Styrke tuberkulosekontrollen: Prosjektpromotør er «Marius Nasta» Pneumology Institute, norsk prosjektpartner er LHL Internasjonal (10 millionar euro – 36 månader; avtale er signert og prosjektet startar i mai 2020) 
  6. Betre diagnostisering og behandling av barnekreft (3,8 millionar euro – 24 månader)
  7. Støtte til utvikling av lokal psykisk helseteneste for barn og unge (2,5 millionar euro – 36 månader)
  8. Profesjonell trening i å førebygge, overvake og kontrollere sjukehusinfeksjonar og forvalte antibiotikaforbruket (1,7 millionar euro – 24 månader)

Alle predefinerte prosjekt, så nær som nummer 3, er satt i gang. 

Mål og indikatorar

Romania vil bli målt på desse delmåla og tilhøyrande indikatorar under programmet Europeiske folkehelseutfordringar:

1. Betre politikk og tenester for førebygging av sjukdom

Delmål:

1.1 Analysert data med sikte på å utvikle adekvat helsepolitikk nasjonalt og lokalt

1.2 Oppdatert/utvikla rettleiingsverktøy for primærhelsetenesta

1.3 Skaffa kapasitet for og vere i gang med monitorering av tenestene

1.4 Innført ein integrert helsetenestemodell

1.5 Skaffa primærhelseteste og lokalsamfunnsteneste for sårbare grupper

1.6 Utvikla helseregister 

1.7 Utvikla primærhelseteneste og lokalsamfunnsteneste i avsides og sårbare område 

Desse indikatorane vil programmet bli målt på:

  • Tilfredsheit med nivået på mottatte helsetenester  
  • Tallet på sårbare personar som har mottatt førebyggande helsetenester (roma telt atskilt) 
  • Tallet på primærlegar som brukar PREVENT
  • Tallet på lokalsamfunn som har fått støtte i dør-til-dør-kampanjen for kreftscreening i 7 fylker
  • Tallet på personar som mottar kreftscreening og HPV-vaksinering
  • Tallet på kvinner som har mottatt oppfølgingsbehandling ved ambulerande einingar eller mobile einingar (roma telt atskilt)
  • Tallet på studiar og policynotat om livmorhalskreftscreening og kvalitetssikring (frå givarlandet)
  • Tallet på utvikla register for personellforvaltning i helsetenesta
  • Raten tidleg oppdaga hjertefeil som følge av iskemisk hjartesjukdom
  • Gjennomført studie om førekomsten av dei hyppigaste sjukdommane blant barn og unge (1.1)
  • Gjennomført studie om førekomsten av sosio-økonomiske faktorar og risikofaktorar for helsa (1.1)
  • Tallet på lokale team som brukar rettleiingsverktøyet (1.2)

2. Betre tilgang til helsetenester for sårbare grupper

Delmål:

2.1 Gjennomført hurtigdiagnosetest for tidleg diagnose av tuberkulose

2.2  Etablert ambulerande pasientretta helseteneste i samsvar med tilrådingar frå WHO

2.3 Skaffa kapasitet på diagnostikk innan hematologi og forbetringar innan barnekreft

2.4 Skaffa eigna tidlege behandlingstiltak for barn med risiko for å utvikle psykisk sjukdom

2.5 Tilbudt oppsøkande tenester og andre prosjekt til sårbare grupper

2.6 Gjennomført trening i å forvalte pasientsikker antibiotikabruk mot sjukehusinfeksjonar og antibiotikaresistens

Desse indikatorane vil programmet bli målt på:

  • Dødeligheitsraten av tuberkulose per 100 000
  • Meldingsraten av alle former for tuberkulose per 100 000 – bekrefta bakteriologisk og klinisk diagnostisert, nye og tidlegare behandla tilfelle per 100 000
  • Behandlingssuksessraten – bakteriologisk bekrefta nye TB-tilfelle
  • Auka rate behandla tilfelle av barnekreft
  • Tallet på retningsliner tilpassa behova på området psykisk helse
  • Tallet på barn med psykisk helseproblem med tilgang til tenester (roma telt atskilt)
  • Tilfredsheit med oppsøkande tenester blant folk frå sårbare grupper 
  • Tallet på nasjonale handlingsplanar for antibiotikaresistens og sjukehusassosierte infeksjonar som er utvikla og testa ut (2.6)
  • Tallet på personar testa for tuberkulose (2.1)
  • Tallet på pasientar som har fått adekvat behandling og støtte (sosialt og psykologisk) mot multi- og superresistente tuberkulosebakteriar (2.2)
  • Tallet på barn som programmet har nådd (2.3)
  • Tallet på helsepersonell trent i barneblodsjukdommar og kreft og stråleterapi (2.3)
  • Tallet på retningsliner for diagnose og behandling utvikla og i bruk på alle stader innan feltet barnekreft og blodsjukdommar  (2.3)
  • Utført nasjonal studie om tilfelle av psykiske helseforstyrringar blant barn og unge, særleg gjennomgripande utviklingsforstyrringar hos barn (2.4)
  • Tallet på standardar for lokale psykiske helsetenester som er utvikla og i bruk (2.4)
  • Tallet på barn diagnostisert med ein psykisk forstyrring (roma telt atskilt) (2.4)
  • Tallet på barn diagnostisert med ein psykisk forstyrring som får passande behandling (roma telt atskilt) (2.4)
  • Tallet på prosjekt for å betre tilgangen til helsetenester i avsides strøk eller for sårbare grupper (2.5)
  • Tallet på sårbare personar som har fått helsetenester  (roma telt atskilt) (2.5)
  • Tallet på funksjonelle verktøy utvikla for nasjonale handlingsplanar mot antibiotikaresistens og sjukehusassosierte infeksjonar (2.5)
  • Tallet på metodikkar mot antibiotikaresistens og sjukehusassosierte infeksjonar som er utvikla og testa ut i 5 sjukehus (2.5)

3. Betre samarbeid mellom mottakar- og givareiningar som er med i programmet

Delmål:

3.1 Kunnskap på helseområdet er utveksla mellom Romania og EØS-land

Desse indikatorane vil programmet bli målt på:

  • Nivå av tillit mellom samarbeidande einingar i mottakar- og givarland 
  • Nivå av tilfredsheit med samarbeidet
  • Kor stor del av samarbeidande personar som brukar kunnskapen oppnådd gjennom bilateralt partnarskap (i prosent)
  • Raten prosjekt gjennomført i partnarskap med einingar frå EØS-land (3.1)
  • Tallet på bilaterale initiativ i Romania eller EØS-land for å styrke bilateralt samarbeid, utveksling av gode rutinar og kunnskap på helseområdet (3.1)

Bilaterale ambisjonar

Programmet ønsker seg auka gjensidig kunnskap og forståing mellom givarlanda (Island, Liechtenstein og Noreg) og Romania innanfor folkehelse.

programnivå har dei to donorprogrampartnarane – Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet – blitt inviterte til å ta del i utvelginga av prosjekt. Det var ikkje tilfelle i førre periode, og Romania vil bruke konferansar og fellesseminar for å spreie kunnskap om EØS-midla og skape interesse for bilateralt samarbeid.

Bilateralt samarbeid på prosjektnivå er ønskjeleg og oppfordra til.  Ei kjelde til å dele kunnskap og erfaringar er fondet for bilaterale relasjonar, som gir støtte til studiebesøk, fellesseminar og ekspertbesøk eller konsultasjonar.   

Arbeidsprosessen vidare

Programmet vil bli gjennomført ved hjelp av tre ordningar:

  1. Dei åtte predefinerte prosjekta omtalt over 
  2. Dei to utlysingsrundane av prosjektmiddel omtalt under Siste nytt,
  3. Ei eiga ordning med småbeløp (Small Grant Schemes) til oppsøkande tiltak for å sikre tenester til avsides bygder og sårbare grupper. Den tredje utlysinga er venta i løpet av hausten 2021. Vi vil legge ut informasjon her så snart det ligg føre nytt om denne siste utlysinga,

Det er berre rumenske organisasjonar og verksemder som kan søke om prosjektmiddel. Dei som får innvilga søknaden, kan invitere norske organisasjonar eller verksemder med i prosjektet. Det bilaterale fondet kan finansiere seminar og konferansar, og såleis lette prosessen med å finne gode norske prosjektpartnarar og hente ekspertråd undervegs.

Nyheitsvarsel frå Folkehelseinstituttet

Du kan abonnere på nyheitsvarsel og få melding om utlysingar og andre nyheiter om EØS-midla på e-post ved å klikke på "Få siste nytt" øverst på temasida

Historikk

22.06.2021: Oppdatert statusen for opne utlysingar av prosjektmiddel og for predefinerte prosjekt. Oppdatert informasjonen om nyhetsvarsling.

01.02.21:  Ny, forlenga søknadsfrist for første opne utlysing.

24.01.21: Lagt inn informasjon med lenker til den andre opne utlysinga av prosjektmiddel.

08.12.20: Ny, forlenga søknadsfrist for første opne utlysing.

02.10.20: Lagt inn informasjon med lenke til den første opne utlysinga av prosjektmiddel. Oppdatert status for predefinerte prosjekt.

30.04.20: Endra datoar for åpne utlysingar av prosjektmiddel på grunn av covid-19. Oppdatert status for predefinerte prosjekt.