Helsetenester og covid-19: Kunnskapssammendrag frå Cochrane EPOC
Artikkel
|Publisert
|Sammendrag av Cochrane-oversikter som kan være relevante ved planlegging av tiltak for å styrke helsetjenesten ved pandemier. Sammendragene er sortert tematisk.
Om helsepersonell og smittevern
Når nye smittsame sjukdommar blir utbreidde, som under covid-19-pandemien, blir helsearbeidarars bruk av smitteverntiltak endå viktigare. Smitteverntiltak omfattar mellom anna å bruke verneutstyr (til dømes masker, augevern, hanskar og smittefrakkar), å skilje pasientar med luftvegsinfeksjonar frå andre og ha strengare reinhaldsrutinar. Desse tiltaka kan vere vanskelege og tidkrevjande å følgje. Styresmakter og helseinstitusjonar må vurdere korleis desse rutinane best kan implementerast. Her er lenkje til norsk samandrag av oversikta:

Om bruk av m-helse
Helsearbeidarar og helsetenester bruker i aukande grad mobiltelefonar og nettbrett for å organisere helsehjelp, tilby tenester og kommunisere med klientar, pasientar og publikum (ofte kalla m-helse). Nokre av desse strategiane kan vere spesielt relevante i situasjonar der det er vanskeleg å møte anna helsepersonell, pasientar og publikum ansikt til ansikt, til dømes under pandemiar. Cochrane har utarbeidd ein serie oversikter om m-helsestrategiar for å støtte WHOs nylig utgitte retningslinjer for digital helse. Nokre av desse oversiktene er presenterte i to samandrag nedanfor. Fleire samandrag vil bli inkluderte når nye oversikter blir offentleg tilgjengelege.

Om oppgaveforskyving
Under pandemiar aukar behovet for helsepersonell etter kvart som fleire vert sjuke og treng pleie. Samstundes kan helsepersonell sjølv verte sjuke eller sett i karantene. I tillegg må helsesystemet halde fram med å levere rutinemessige tenester. Regjeringar over heile verda prøver ut forskjellige løysingar for å løyse desse problema. Ein mogleg løsning er å flytte omsorga for nokre pasientgrupper frå helsearbeidarar med høgare utdanningsnivå til helsearbeidarar med lågare utdanningsnivå, ofte omtalt som ‘oppgåveforskyving’. Cochrane EPOC har utarbeidd fleire kunnskapsoversikter som utforskar dette emnet. Her er fire samandrag:

