EØS – Tsjekkia: Status for helseprogrammet
Artikkel
|Oppdatert
Tsjekkia blei medlem av EU og EØS i 2004 og har motteke EØS-middel sidan da. I inneverande EØS-periode, 2014-2021, har dei igjen hatt god respons på alle opne utlysingar til helseprosjekt.
Nytt om status for programmet
Framdrifta i programmet er særs god. Det har vore god respons på alle dei opne utlysingane av prosjektmiddel:
- Den første utlysinga, som gjaldt psykisk helse for barn og unge, førte til 13 utvalde prosjekt som er i gjenge.
- Den andre utlysinga, som gjaldt førebygging av smittsomme og ikkje-smittsame sjukdommar, førte til to utvalde prosjekt som òg går godt.
- Den tredje utlysinga, som gjaldt små prosjekt om psykisk helse for barn og unge, retta mot friviljuge organisasjonar, gav 64 søknader der 13 har norsk partnarskap. Men det trange budsjettet tillot berre fem prosjekt, og kontraktar for desse vart signert i desember 2021. Desse prosjekta er òg godt i gang.
- Den fjerde utlysinga, som gjaldt små prosjekt om nevrodegenerative sjukdommar, også retta mot friviljuge organisasjonar, gav ti søknader. Tre prosjekt vart valde ut og kontraktar signerte i desember 2021, og dei er i gjenge.
- Den femte utlysinga gjaldt styrking av pasientorganisasjonar. Det kom inn 48 søknader, av dei var 11 med islandsk eller norsk partnar. Det var berre rom for 15 prosjekt, og kontraktar for desse vart signerte i tida frå desember 2021 til januar 2022.
Historikk
Tsjekkia har motteke EØS-middel sidan landet blei medlem av EU og EØS i 2004. Dei første åra vart støtta organisert i mindre prosjekt, og sidan 2009 har støtta skjedd innanfor større programområde. I ein annan artikkel har vi sett tilbake på samarbeidet om folkehelse i budsjettperioden 2009─2014.
Tsjekkias folkehelseprogram har ei eiga nettside under eeagrants.org. Der går det fram korleis dei har brukt EØS-midla i perioden 2009–2014. Dessutan er nettsida nå utvida med eksempel på god praksis. Nettsida blir stadig oppdatert med nye eksempel.
«Eg er imponert over det som tsjekkarane har oppnådd og engasjementet på sjukehusa, og ser at midla har gått til viktige område som vil komme mange pasientar til gode.» Det sa dåverande statssekretær Anne Grethe Erlandsen etter å ha besøkt to sjukehus i Praha 19. september 2019 og sett kva som er oppnådd innan behandling og diagnostisering av for tidleg fødte barn og barn med sjeldne lidingar.
Tsjekkias nasjonale strategi, Helse 2020, har òg gitt føringar for EØS-programmet. Dei legg særleg vekt på å:
- utvikle folkehelsesystemet vidare
- stabilisere systemet for sjukdomsførebygging, helsevern og helsefremming
- få i gang effektive og berekraftige mekanismar for å betre folkehelsa
- gi offentleg sektor meir kraft ved å involvere samfunnet, lokalmiljø og personar meir i avgjerdsprosessane
I samarbeid med Verdas helseorganisasjon har dei jobba for å få til ein samanheng mellom sine eigne målindikatorar for Helse 2020 og FNs berekraftsmål for helse.
Lanseringskonferansen i Praha i 2019
Tsjekkia lanserte helseprogrammet sitt for EØS-middel 19. september 2019. Deltakarane fekk vite korleis dei kan finansiere prosjektplanane sine og få til partnarskap.
Anne Grethe Erlandsen, dåverande statssekretær, helste forsamlinga:
«Helse har vore eit viktig område for EØS-midla heilt frå starten av. Eg er veldig glad for at vi har blitt samde med tsjekkarane om viktige satsingar, som psykisk helse hos barn og ungdom, tiltak mot antibiotikaresistens, brukarmedverknad og styrking av pasientrollen.»
Programmet skal førebygge og minske ulikskap i helse
For EØS-perioden 2014–2021 fell folkehelseprogrammet inn under hovudsektoren Sosial inkludering, ungdomsledigheit og kamp mot fattigdom. Det er sett av 14 millionar euro frå EØS-midla til det tsjekkiske programmet. I tillegg har Tsjekkia sjølv satt av 2,43 mill. euro slik at samla sum er på 16,47 mill. euro. Prosjekta må vere avslutta innan 30. april 2024.
Programmet kallast berre for Helse og tar utgangspunkt i helseutfordringane Tsjekkia har. Det overordna siktemålet er betre førebygging og redusert ulikskap i helse.
Sjå eigen artikkel om helsetilstanden i Tsjekkia.
Seks programområde
Etter konsultasjonar med nasjonale interessentar valde Tsjekkia ut desse seks arbeidsområda for programmet:
- Psykisk helse, inkludert problem knytta til alkohol- og rusmisbruk
- Førebygging av ikkje-smittsame sjukdommar
- Førebygging og kontroll med smittsame sjukdommar i samsvar med det internasjonale helsereglementet
- Minska sosial ulikheit i helse og sjukdomsbyrde
- Utvikling av helsesystemet, inkludert informasjons- og overvakingssystem
- Helseteneste for alle (Universal access to health care)
Det er det tsjekkiske helsedepartementet som har ansvaret for å sette i verk og følge opp programmet. Dei understrekar at:
- ein skal legge særleg vekt på barns psykiske helse og trivsel
- sjukdomsførebygging omfattar òg antibiotikaresistens
- brukarmedverknad og pasientrollen skal styrkast
- ulikheit i helse skal òg omfatte romfolket, og programmet skal spesifisere kva tiltak og ressursar som gjeld romfolket
Mål
Tsjekkia vil bli målt på desse delmåla under hovudmålet betre førebygging og redusert ulikskap i helse:
Delmål 1: Betre støtte til psykisk helse og trivsel for barn
1.0 Auka trivsel for barn og unge
1.1 Foreldreomsorg / handlingar for betre psykisk helse
1.2 Tiltak om psykisk helse som er utført for barn og unge og familiane deira
1.3 Opplæring i psykisk helse / kompetansekurs tilbydt
1.4 Bevisstgjeringsaktivitetar for psykisk helse utført
Delmål 2: Styrka tiltak for sjukdomsførebygging
2.1 Etablert rammeverk for ein forvaltningsmodell mot antibiotikaresistens
2.2 Utvikla/tatt i bruk verktøy for betre førebygging / tidleg diagnose av sjukdom blant marginaliserte grupper, inkludert romfolk
2.3 Tilbydt trening/opplæring i å oppdage/behandle sjukdom
2.4 Bevisstgjeringstiltak utført
Delmål 3: Sterkare rolle for sivilsamfunnet i helsesektoren
3.1 Utført tiltak for å styrke kapasiteten blant pasientorganisasjonane
3.2 Etablert pasientsenter
3.3 Utført bevisstgjeringstiltak
Bilateralt mål: Betre samarbeid mellom mottakar- og givarlandsorganisasjonar som er med i programmet
4.1 Gjere samarbeidet enklare mellom givar- og mottakarlandseiningar
Tre predefinerte prosjekt
Det er peikt ut tre såkalla predefinerte prosjekt. Det vil seie prosjekt der ein søker å hente inn bestemt kompetanse hos ekspertar frå givarlanda for å dekke behova i staden for å bruke ope utlysing.
Dei predefinerte prosjekta er:
- Implementere programmet "The Triple P – Positive Parenting Program" som gjeld psykisk helse: Motol University Hospital er prosjektleiar, i samarbeid med National Institute for Education og med Universitetet i Tromsø (RKBU Nord som norsk prosjektpartnar) (1,8 millionar euro; tidsperiode 48 månader, starta sommaren 2020).
Status: Elleve sentre er valde ut etter ope utlysing. Alt opplæringsmateriell for foreldre og lærarar er omsett, og det er gjennomført to rundar med trening av lokale Triple P-ekspertar slik at dei no har i alt 32 slike ekspertar (det skal vere minst to av dei i kvart senter). Ein koordinatorstilling vil bli oppretta for kommunikasjon mellom sentra og Triple P International. - Førebygging av antibiotikaresistens: Det tsjekkiske folkehelseinstituttet er prosjektleiar og FHIs avdeling for resistens og informasjonsforebygging norsk prosjektpartnar (2,5 millionar euro; tidsperiode 48 månader, kom i gang i januar 2020).
Status: Retningsline for antibiotikaføreskriving er klar og publisert på det tsjekkiske folkehelseinstituttets nettstad. Ein analyse av føreskrivingspraksis i samarbeid med lækjarar er starta, og to nettseminar er gjennomførte. Første PR-kampanje, lansert i september 2021, vann gullmedalje i 2022 i ein konkurranse om den mest suksessfulle marknadsføringskampanjen. Kampanje nummer to vil bli gjennomført hausten 2022. - Etablere eit pasientsenter: Det tsjekkiske helsedepartementet er prosjektleiar og Norsk Revmatikerforbund norsk prosjektpartnar (0,95 millionar euro; tidsperiode 48 månader, kom i gang i 2019).
Status: Senteret har vore tilgjengeleg for publikum sidan mai 2021, og opplæring er i godt gjenge mens kampanjar for å styrke pasientrettane er under planlegging og vil bli lansert i 2023. Da pandemien kom, valde dei klokeleg å prioritere arbeidet med digitale løysingar, og desse har vorte nyttige verktøy i kommunikasjonsarbeid for pasientorganisasjonane.
Bilaterale ambisjonar
Programmet skal styrke dei bilaterale tilhøva mellom Tsjekkia og givarlanda. Gjennom programaktivitetane vil ein knyte kontaktar og leggje grunnlag for partnarskap og seinare aktivitetar. Folkehelseinstituttet hjelper til med å få i stand desse kontaktane.
Til dømes vart eit studiebesøk ved FHI om smittevernarbeidet i Noreg for medisinstudentar frå Tsjekkia arrangert 26. november 2021 med støtte frå bilaterale middel.
Eit EØS-nettverk om barns og unges helse er finansiert over fondet for bilaterale relasjonar. Nettverket skal dele kunnskap og utfordringar, gjere samarbeid over landegrensene lettare og bidra til bærekraftig og effektiv gjennomføring av folkehelseprogramma.
Arbeidsprosessen vidare
Programmet blir gjennomført ved hjelp av tre ordningar:
- Dei tre predefinerte prosjekta omtalt over
- To ope utlysingsrundar av prosjektmiddel (Calls for proposal), omtala under Nytt om sttaus for programmet
- Ei eiga ordning med såkornmiddel (Small Grant Schemes) , omtala under Nytt om sttaus for programmet
Eit matchmaking-seminar vart halde i januar 2019 i Praha for moglege prosjektsøkarar og prosjektpartnarar frå Noreg og Island.
Her er informasjon frå seminaret, på engelsk:
Oppsummering av Praha-seminaret (brosjyre, pdf)
Kva diskuterte dei på Praha-seminaret (pdf)
Kven deltok på Praha-seminaret (pdf)
Nyhetsvarsel frå Folkehelseinstituttet
Du kan abonnere på nyheitsvarsel og få melding om utlysingar og andre nyheiter om EØS-midla på e-post ved å klikke på "Få siste nytt" øverst på temasida.