Om Dødsårsaksregisteret
Artikkel
|Sist endret
Med data frå Dødsårsaksregisteret kan ein følgje med på dødsårsaker over tid. Ein kan til dømes sjå på utviklinga i dødelegheit for hjarteinfarkt, kreft, ulykker og sjølvmord. Ved bruk av desse dataa kan ein òg kvalitetssikre helsetenester og forske på årsaker til sjukdom.
Opplysningar i Dødsårsaksregisteret
Dødsårsaksregisteret inneheld informasjon om personar som på dødstidspunktet oppheld seg i Noreg, og personar som på dødstidspunktet er registrerte som busette i Noreg men døyr i utlandet. Registeret gir grunnlag for den årlege dødsårsaksstatistikken som Folkehelseinstituttet publiserer.
Informasjonen i Dødsårsaksregisteret er basert på dødsattestar frå legar og obduksjonsrapportar. Ofte rapporterer legen fleire dødsårsaker som har medverka til dødsfallet. Alle desse blir registrerte i Dødsårsaksregisteret. I offisiell statistikk kan kvart dødsfall berre teljast éin gong og det må difor veljast ei underliggjande dødsårsak, altså den som har betydd mest for dødsfallet. Det er denne dødsårsaka som blir vist i statistikkbanken til Dødsårsaksregisteret.
Dødsårsaksregisteret inneheld digitaliserte data frå 1951. Data frå Dødsårsaksregisteret blir gjort tilgjengelege når dei er ferdig koda og kvalitetssikra for eit heilt år, vanlegvis rundt 6 månader etter årsskiftet.
For å sikre eit nasjonalt og internasjonalt samanlikningsgrunnlag, vert det brukt eit internasjonalt kodesystem og reglar frå WHO for dødsårsakskoding.
Personvern og informasjonssikkerheit i helseregister
Dødsårsaksregisteret er eit lovpålagt helseregister. Det tyder at ein ikkje kan reservere seg mot at data blir registrerte. Opplysningane blir behandla i samsvar med krav til informasjonssikkerheit.
Fagrådet for Dødsårsaksregisteret
Fagrådet er breitt sett saman av fagfolk som representerer ulike brukargrupper i Dødsårsaksregisteret: Sjukehus, allmenn- og sjukehusmedisin, andre helseregister, helsestyresmaktene og Legeforeningen.
Organisasjon
Organisatorisk er registeret plassert i området for helsedata og digitalisering, avdeling for helseregister i Folkehelseinstituttet.
Fram til 2001 var Statistisk sentralbyrå (SSB) datahandsamar for Dødsårsaksregisteret. Frå 1. januar 2014 overtok FHI drifta av registeret heilt.
Ulike tal i Folkeregisteret og Dødsårsaksregisteret
Nordmenn i utlandet
Folkeregisteret har informasjon om alle busette som døyr, både dei som døyr i Noreg og dei som døyr i utlandet. I tillegg får Folkeregisteret ofte også opplysningar om nordmenn som har utvandra og som seinare døyr i utlandet. Dødsårsaksregisteret får derimot sjeldan inn opplysningar om dødsårsaka for nordmenn som døyr i utlandet.
Utlendingar i Noreg
Folkeregisteret registrerer ikkje opplysningar om utlendingar som døyr under opphald i Noreg. Dette kan for eksempel vere turistar, korttidsarbeidarar eller asylsøkjarar. Desse skal likevel registrerast i Dødsårsaksregisteret.
Dette gjer at tala på døde ikkje alltid vil vere heilt like i dei to registrera.