Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Dødsårsaker i Sverige og Noreg 2010–2020»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Dødsårsaker i Sverige og Noreg 2010–2020

Artikkel

Dødsårsaksregisteret

Dødsårsaker i Sverige og Noreg 2010–2020

Den 10. juni 2020 la både Noreg og Sverige for første gang fram dødsårsaksstatistikken for eit år på same dag. I denne artikkelen presenterer vi utviklinga frå 2010 til 2020 i totaldødelighet og for enkelte store dødsårsaksgrupper i dei to landa.

Den 10. juni 2020 la både Noreg og Sverige for første gang fram dødsårsaksstatistikken for eit år på same dag. I denne artikkelen presenterer vi utviklinga frå 2010 til 2020 i totaldødelighet og for enkelte store dødsårsaksgrupper i dei to landa.


Av Guttorm Raknes og Marianne Sørlie Strøm, Dødsårsaksregisteret

Koronapandemien har råka dei to landa svært ulikt, og det er velkjend at talet på covid-19-relaterte dødsfall har vore mykje høgare i Sverige enn i Noreg. Det har vore tydelege skilnader i kor strenge smitteverntiltak styresmaktene har sett i verk, og samfunnet har i større grad vore stengt ned i Noreg enn i Sverige. I Noreg var det færre enn forventa dødsfall av lungesjukdommar, noko som sannsynlegvis har samanheng med at smittevernstiltak har gitt færre luftvegsinfeksjonar. Les meir om dødsårsaksstatistikken i Norge for 2020 her. Vi vil her undersøke om det er liknande effektar i Sverige, og vi vil samanlikne korleis utviklinga har vore for dei viktigaste dødsårsaksgruppene.

Kan vi samanlikne dødsratene i Noreg og Sverige?

Fleire høve gjer at ein ikkje utan vidare kan samanlikne dødelighet mellom Noreg og Sverige. Ulik alderssamansetnad i befolkninga er ein viktig faktor. Ulike tradisjonar når det gjeld korleis dødsårsaksregistra presenterer tala sine er ein annan. For å gjere tala så samanliknbare som mogeleg, har vi måtta ta ut data frå både den norske og den svenske statistikkbanken og gjort ein aldersstandardisering som er heilt lik. Dødsratene i denne artikkelen vil derfor avvike noko frå det du vil finne ved søk i statistikkbankane.

Levealderen går opp i både Noreg og Sverige, og det vore ein langvarig trend med stadig færre døde for mange dødsårsaker som hjarteinfarkt og enkelte kreftformer. Når ein skal vurdere om tala for 2020 er unormalt høge eller låge, må ein ta omsyn til denne trenden. Ein kan ikkje samanlikne med gjennomsnittet av åra før, men heller til dømes ut frå at ein nedgåande trend frå åra før normalt sett ville fortsette i 2020 og.

I det norske dødsårsaksregisteret bruker vi ein metode der vi ut frå tala dei ti føregåande åra reknar ut kva for ein dødsrate ein kan forvente det neste året. I tillegg brukar vi tilsvarande data til å rekne ut forventa variasjon, nærare bestemt eit området som med 95 prosent sannsyn vil innehalde den verdien dersom trenden held seg. Dette kallar vi 95% prediksjonsintervall. Dersom dødsraten for 2020 ligg over eller under dette intervallet, reknar vi dødsraten som høgare eller lågare enn forventa. Les meir om metodane vi har nytta mot slutten av denne artikkelen.

Alle dødsårsaker i pandemiåret 2020

Figur 1 syner tal på døde per 100.000 innbyggjarar i perioden 2010-2020, utan at vi justerer for ulik alderssamansetnad. Sverige har ein høgare dødsrate enn Noreg i hele perioden, men nedgangen i dødelighet frå 2010-2019 er lik (10,5 %). For 2020 er dødsraten som forventa i Noreg, men i Sverige ligg verdien klart høgare enn øvre grense for prediksjonsintervallet. Dødsraten i Sverige for 2020 er 6,8 prosent høgare enn den forventa verdien. Covid-19-utløyste dødsfall er den viktigaste forklåringa på den høge totalraten i Sverige.

Figur 1: Tal på døde per 100.000 (ikkje aldersstandardisert) i Sverige og Noreg 2010-2020. Prediksjonsintervall (basert på dødsratene for 2010-2019) viser øvre og nedre grense for kva ein med 95 prosent sannsyn forventar for 2020..
Figur 1: Tal på døde per 100.000 (ikkje aldersstandardisert) i Sverige og Noreg 2010-2020. Prediksjonsintervall (basert på dødsratene for 2010-2019) viser øvre og nedre grense for kva ein med 95 prosent sannsyn forventar for 2020..

Delen personar 70 år og eldre var 18 prosent større i Sverige enn i Noreg i 2020. Når vi veit at rundt åtte av ti som dør i Noreg er i denne aldersgruppa, kan ein høgare del personar i «dødeleg alder» i Sverige forklare mykje av skilnaden mellom landa. Folkesetnadsmønsteret i begge land vil dessutan endre seg etter kvart som gjennomsnittsalderen går opp. For å betre kunne samanlikne dødsratene over tid og mellom land, er det vanleg å aldersstandardisere dødsratene.

I Figur 2 og tabell 1 er dødsratene standardisert etter EU sin standardpopulasjon for 2013. Dødsratene blir då like i perioden 2010-2019, men den aldersstandardiserte raten i Sverige var 9,5 prosent høgare enn i Noreg i 2020. Dette er signifikant (6,8 %) høgare enn forventa, og svarer til nesten sju tusen fleire enn det trenden frå 2010-2019 skulle tilseie for 2020. Blant svenskar >65 år var det fleire enn seks og eit halv tusen fleire dødsfall enn forventa.

I historisk samanheng kan det sjå ut til at Noreg er i ferd med å gå frå ein høgare aldersstandardisert total dødsrate enn Sverige til ein lågare. Når ein aldersstandardiserer, er gjennomsnittleg fall i dødelighet mellom 2010 og 2019 større i Noreg (-13,3 %) enn i Sverige (-12,5 %). Begge land har klår nedgang, men det årlege fallet i dødsrate er likevel ikkje statistisk signifikant større i Noreg enn i Sverige (tabell 2) mellom 2010 og 2019.

Figur 2: Dødsrate per 100.000 standardisert etter EU sin standardpopulasjon for 2013 i Sverige og Noreg 2010-2020. Prediksjonsintervall (basert på dødsratene for 2010-2019) viser øvre og nedre grense kva som med 95 prosent sannsyn var forventa for 2020. .
Figur 2: Dødsrate per 100.000 standardisert etter EU sin standardpopulasjon for 2013 i Sverige og Noreg 2010-2020. Prediksjonsintervall (basert på dødsratene for 2010-2019) viser øvre og nedre grense kva som med 95 prosent sannsyn var forventa for 2020. .

 

Tabell 1: Observerte og forventa (predikert) aldersstandardiserte dødsratar med 95 % prediksjonsintervall for alle dødsårsaker i 2020. Avvik mellom observert og predikert rate i prosent og tal på døde, og for dei eldste innbyggjarane.

 

 

 

Aldersstandardisert dødsrate (per 100.000)

Avvik mellom observert og predikert dødsrate

Avvik frå forventa tal på dødsfall

 

 

Tal på døde

Predikert

Observert

95 % prediksjonsintervall

Alle

>65 år

Alle dødsårsaker

 

Noreg

40534

845,8

842,5

826 til 865,5

-0,38 %

189

69

Sverige

97811

863,4

922,3

825,7 til 901,2

6,82 %

6 888

6 570

 

Tabell 2: Stigningstal for observerte aldersstandardiserte dødsratar (endring i døde per 100.000 per år) med 95 % konfidensintervall for alle dødsårsaker mellom 2010 og 2019 (lineær regresjon).

 

 

Stigningstal (endring i dødsrate per år)

95 % konfidensintervall

Årleg endring som % av rate 2019

R2

p

Alle dødsårsaker

Noreg

-14,8

-16,6 til -13,1

-1,7

0,98

<0,001

 

Sverige

-8,6

-14,0 til -3,2

-1,0

0,88

0,006

I det svenske dødsårsaksregisteret er talet på døde av COVID-19 i Sverige 9441 i 2020, medan i Noreg var COVID-19 underliggande dødsårsak hos 412 personar. Pandemien og omstenda rundt kan ha ført til endringar i førekomsten av andre dødsårsaker. Gjennomsnittsalderen for døde med covid-19 som underliggande dødsårsak var høg, i Noreg 81,6 år (menn 78,5, kvinner 84,9).  Sannsynlegvis ville ein del av desse uansett døy i av andre årsaker i løpet av året, særleg i Sverige kan dette ha gjeve utslag i lågare ratar for enkelte dødsårsaker.

Andre dødsårsaker enn covid-19

Tiltak for å hindre spreiing av SARS-COV-2-viruset har ført til færre infeksjonar med andre bakteriar og virus. Ved ulike kroniske sjukdommar kan infeksjon føre til livstrugande forverringar, og det er mogeleg at betra handhygiene, bruk av munnbind og sosial distansering kan ha bidrege til at færre har døydd av til dømes kroniske hjarte- og lungesjukdommar. Influensa har vore nærast eliminert i Noreg etter at dei strenge smitteverntiltaka vart innførde i mars. Variasjonen i total dødelighet ein ser frå år til år skuldast ofte variasjon i utbreiing og virulens av den dominerande influensastamma.

Mange har frykta at dei negative effektane sosial isolering i verste fall kan føre til auka sjølvmordsrate, og endringar i arbeidsliv og reisemønster kan ha endra talet på ulukker i trafikken og i arbeidslivet. Atter andre har vore bekymra for at pasientar ikkje har teke kontakt med lege av fare for smitte, noko som blant anna kan ha ført til at kreft ikkje har blitt oppdaga og at pasientar med hjerneslag ikkje har fått tilstrekkeleg rask og god behandling.

Tabell 3 viser observerte og predikerte aldersstandardiserte dødsratar for enkelte store dødsårsaksgrupper i 2020. Det einaste som skil seg ut er færre lungesjukdommar enn forventa i 2020 i både Noreg og Sverige. Smitteverntiltak under pandemien kan vere forklaringa på dette. I Sverige har nok fleire av dei som elles ville fått lungesjukdom som underliggande dødsårsak blitt registrert med covid-19 i 2020, og dødsraten har dermed blitt lågare.

Tala i tabell 3 kan brukast til å samanlikne nivået av dødsratane mellom Noreg og Sverige. For å vurdere korleis dødeligheta har utvikla seg, viser tabell 4 endring i dødsrate per år i perioden 2010-2019.

Tabell 3: Observerte og forventa (predikert) aldersstandardiserte dødsratar for 2020 med 95 % prediksjonsintervall for enkelte dødsårsaksgrupper. Avvik mellom observert og predikert rate i prosent.
     

Aldersstandardisert dødsrate 2020 (per 100.000)

Avvik frå predikert dødsrate 2020

   

Tal på døde

Predikert

Observert

95 % prediksjonsintervall

Kreft

 

Noreg

10809

230,9

229,8

227,2 til 234,5

-0,5 %

Sverige

22510

219,2

214,8

212,2 til 226,2

-2,0 %

Hjarte- og karsjuksommar

Noreg

9513

200,6

206,4

187,6 til 213,6

2,9 %

Sverige

27973

268,0

266,1

253,8 til 282,2

-0,7 %

Akutt hjarteinfarkt

Noreg

1581

33,7

34,1

29,9 til 37,4

1,3 %

Sverige

3733

35,0

35,7

29,9 til 40,1

1,9 %

Karsjukdommar i hjernen

Noreg

2154

42,3

46,8

37,7 til 46,9

10,8 %

 

Sverige

5132

47,0

48,6

43,8 til 50,2

3,5 %

Lungesjukdommar

Noreg

3754

100,0

81,5*

87,8 til 112,2

-18,5 %

Sverige

5530

66,0

52,2*

54,4 til 77,5

-20,8 %

Lungebetennelse

Noreg

1060

31,7

23,2*

24,7 til 38,7

-26,7 %

 

Sverige

1868

18

18

12 til 24

-0,5 %

KOLS og liknande

Noreg

2037

50,0

44,0*

46,0 til 54,0

-12,0 %

Sverige

2872

30,3

27,0

26,7 til 34,0

-10,9 %

Demens inkl. Alzheimers

Noreg

4035

94,8

88,8

88,6 til 101

-6,3 %

 

Sverige

9690

97,3

91,6

90,2 til 104,5

-5,9 %

Ytre årsak

Noreg

2622

53,7

54,2

48,7 til 58,6

1,1 %

 

Sverige

4830

50,3

47,0

46,3 til 54,3

-6,6 %

Sjølvmord og villa eigenskade

Noreg

639

12,6

12,5

10,6 til 14,6

-1,2 %

Sverige

1168

12,5

11,6

11,4 til 13,6

-6,9 %

*Signifikant lågare enn forventa ut frå trend 2010-2019

Tabell 4: Endring i døde per 100.000 per år (stigningstal) med 95 % konfidensintervall for utvalde dødsårsaker mellom 2010 og 2019 (lineær regresjon). Kor stor prosentdel den årlege endringa utgjorde av raten for 2019 er også vist.

 

 

Stigningstal

95  % konfidensintervall

%-del av 2019

Alle dødsårsaker

Noreg

-14,8

-16,6 til -13,1

-1,7

 

Sverige

-8,6

-14,0 til -3,2

-1,0

Kreft

Noreg

-4,1

-4,4 til -3,7

-1,7

 

Sverige

-2,7

-3,3 til -2,1

-1,2

Hjarte- karsjukdommar

Noreg

-12,43

-13,59 til -11,27

-5,80

 

Sverige

-11,94

-13,21 til -10,67

-4,39

Akutt hjarteinfarkt

Noreg

-4,76

-5,1 til -4,43

-12,03

 

Sverige

-4,51

-4,97 til -4,05

-11,08

Hjerneslag

Noreg

-3,67

-4,08 til -3,25

-7,69

 

Sverige

-3,59

-3,87 til -3,31

-7,11

Lungesjukdommar

Noreg

0,31

-0,78 til 1,4

0,32

 

Sverige

0,55

-0,48 til 1,58

0,93

Lungebetennelse

Noreg

-0,44

-1,06 til 0,18

-1,38

 

Sverige

-0,20

-0,72 til 0,32

-1,20

Kols og liknande

Noreg

0,02

-0,34 til 0,38

0,04

 

Sverige

0,02

-0,31 til 0,34

0,07

Demens inkl Alzheimers

Noreg

3,93

3,38 til 4,48

4,39

 

Sverige

2,62

1,99 til 3,26

2,90

Ytre årsak

Noreg

-0,26

-0,7 til 0,18

-0,48

 

Sverige

-0,02

-0,37 til 0,34

-0,04

Sjølvmord

Noreg

0,11

-0,06 til 0,29

0,89

 

Sverige

0,01

-0,09 til 0,11

0,07

Kreft

Sverige hadde lågare aldersstandardisert dødsrate for kreft mellom 2010 og 2019. Begge landa har tydeleg nedgang i kreftdødeligheta, men reduksjonen er statistisk signifikant større i Noreg. Forventa dødsrate for kreft i Sverige i 2020 er 5,2 prosent lågare enn i Noreg. Dersom Noreg hadde hatt same forventa dødsraten for kreft som Sverige i 2020, ville det bety om lag 5-600 færre kreftdødsfall. Observert rate er heilt som forventa i både Noreg og Sverige i 2020, så det ser ikkje ut til at pandemien har hatt vesentleg betydning for kreftdødelighet i 2020.

Figur 3: Aldersstandardiserte dødsratar for kreft i Noreg og Sverige mellom 2010 og 2020. Verdiar mellom 95% prediksjonsintervall viser forventa variasjon basert på trenden mellom 2010 og 2019. .
Figur 3: Aldersstandardiserte dødsratar for kreft i Noreg og Sverige mellom 2010 og 2020. Verdiar mellom 95% prediksjonsintervall viser forventa variasjon basert på trenden mellom 2010 og 2019. .

Hjarte- og karsjukdommar

For hjarte- og karsjukdommar samla, ligg dei aldersstandardiserte ratane mellom 2010 og 2019 høgare i Sverige enn i Noreg. Den predikerte dødsraten for 2020 var ein tredel høgare i Sverige enn i Norge. For akutt hjarteinfarkt og karsjukdommar i hjernen, tilstandar som ofte er prega av akutt sjukdom, var forventa rate lik i dei to landa.  Fallet i aldersstandardisert dødsrate er likt i Noreg og Sverige, både når det gjeld alle hjarte- karsjukdommar, akutt hjarteinfarkt og karsjukdommar i hjernen (mellom anna hjerneslag og -bløding). Det er ikkje teikn til at pandemien i 2020 har påverka dødsratene for hjarte- og karsjukdommar samla sett.  

Figur 4: Aldersstandardiserte dødsratar for sjukdommar i sirkulasjonsorgana (hjarte- og karsjukdommar)  i Noreg og Sverige mellom 2010 og 2020. Verdiar mellom 95% prediksjonsintervall viser forventa variasjon basert på trenden mellom 2010 og 2019. .
Figur 4: Aldersstandardiserte dødsratar for sjukdommar i sirkulasjonsorgana (hjarte- og karsjukdommar) i Noreg og Sverige mellom 2010 og 2020. Verdiar mellom 95% prediksjonsintervall viser forventa variasjon basert på trenden mellom 2010 og 2019. .

Lungesjukdommar

I 2020 er dødsratene for lungesjukdommar i Noreg tydeleg lågare enn det trenden frå 2010-2019 tilseier i både Sverige og Noreg. For undergruppene lungebetennelse KOLS er det signifikant lågare rater enn forventa i Noren, mens dødsraten for lungebetennelse er som forventa i Sverige.

Verken i Noreg eller Sverige er det teikn til endring i dødsraten på grunn av lungesjukdommar mellom 2010 og 2019.

Det er påfallande at lungesjukdommar er vanlegare som underliggande dødsårsak i Noreg enn i Sverige Forventa dødsrate i 2020 for alle lungesjukdommar er 34 prosen  høgare for lungebetennelse, 39 prosen høgare for KOLS og 43 prosent høgare for lungebetennelse i Noreg samanlikna med Sverige.

Figur 5: Aldersstandardiserte dødsratar for sjukdommar i respirasjonsorgana (lungesjukdommar)  i Noreg og Sverige mellom 2010 og 2020. Verdiar mellom 95% prediksjonsintervall viser forventa variasjon basert på trenden mellom 2010 og 2019. .
Figur 5: Aldersstandardiserte dødsratar for sjukdommar i respirasjonsorgana (lungesjukdommar) i Noreg og Sverige mellom 2010 og 2020. Verdiar mellom 95% prediksjonsintervall viser forventa variasjon basert på trenden mellom 2010 og 2019. .

Demens

Økningen i demens som underliggande dødsårsak har vore større i Noreg enn i Sverige mellom 2010 og 2019, til ein lik forventa aldersstandardisert dødsrate i 2020.

Figur 6: Aldersstandardiserte dødsratar for demens inkludert Alzheimers i Noreg og Sverige mellom 2010 og 2020. Verdiar mellom 95% prediksjonsintervall viser forventa variasjon basert på trenden mellom 2010 og 2019. .
Figur 6: Aldersstandardiserte dødsratar for demens inkludert Alzheimers i Noreg og Sverige mellom 2010 og 2020. Verdiar mellom 95% prediksjonsintervall viser forventa variasjon basert på trenden mellom 2010 og 2019. .

Ytre årsak og sjølvmord

For ytre årsak og sjølvmord er dødsratene tilnærma like i Noreg og Sverige i heile perioden 2010-2020.  Korkje i Noreg eller Sverige ser det ut til at pandemien har ført til ei frykta auke i sjølvmord. I Noreg var det 13 og i Sverige 101 færre sjølvmord i 2020 enn i 2019, men begge dei alderstandardiserte ratane var innan forventa variasjon basert på trenden 2010-2019.

Diskusjon

Når ein standardiserer dødsratene med tanke på alder, er det svært små skilnader mellom Noreg og Sverige for dødsfall av alle årsaker. I både Noreg og Sverige var det tydeleg færre lungedødsfall enn venta, dette kan tyde på at oppmodingar om god handhygiene, bruk av munnbind og å halde avstand har hatt god effekt på smittsame sjukdommar generelt.

Sverige hadde i underkant av sju tusen fleire døde enn predikert, om ein legg til reduksjonen i lungedødsfall blir det om lag same tal som tal på COVID-19-døde. I Noreg var dødsraten heilt tilsvarande det ein kunne forvente ut frå utviklinga mellom 2010 og 2019.

Det er klåre skilnader i dødsratene for dei store dødsårsaksgruppene kreft, hjarte- karsjukdommar og lungesjukdommar mellom landa. Vi kan ikkje utan vidare slå fast at fleire dør av kreft og lungesjukdommar, og færre av hjarte- karsjukdommar i Noreg. Ein av fleire mogelege forklaringar er ulik praksis og tradisjon for kva for diagnosar som blir rapporterte inn i dødsmeldingane. Totaldødeligheta, det vil seie summen av alle dei ulike dødsårsakene, er omtrent lik. Det kan vere eit teikn på at det er systematiske skilnader i kva som blir innrapportert meir enn faktiske skilnader i dødsårsaker. Ein annan indikasjon er at akutte og ganske veldefinerte hjarte- kartilsjukdommar som akutt hjarteinfarkt og karsjukdommar i hjernen er lik i Noreg og Sverige, medan meir diffuse dødsårsaker i hjarte-karsystemet er meir vanlege i Sverige.

Om lag 80 prosent av dei som døde i Noreg i 2020 var 75 år eller eldre. Blant desse er det  mange skrøpelege personar med fleire kroniske sjukdommar (for eksempel i sjukeheimar) der det kan vere vanskeleg for legen å slå fast kva sjukdom personen døde av. Tala kan tyde på at kreft og lungesjukdommar er meir vanleg å føre opp som dødsårsak i dødsmeldinga i Noreg. Det er altså sannsynleg at mange av dei med lungedød i Noreg ville fått ein dødsårsak under hjarte- og karsjukdommar i Sverige.

Likevel kan vi ikkje heilt utelukke at det kan vere reelle skilnader i kva folk dør av i Noreg og Sverige. Eit raskare fall i dødsraten for kreft i Noreg kan vere ein indikasjon på dette. Fleire studiar, gjerne der tal frå Danmark og Finland og blir inkludert, bør gjennomførast for å undersøke skilnadene i dødsårsaker nærare.

Metodar og kjelder

For totaldødeligheta (ikkje aldersstandardisert) er kjelda dei statistiske sentralbyråa i Noreg og Sverige (SSB og SCB).

For aldersjusterte ratar er kjelda Dødsårsaksregistra. Du finn tala i den norske og den svenske statistikkbanken. Vi har nytta EUROSTAT sin standardpopulasjon frå 2013 for å aldersstandardisere dødsratene. Vi brukte 5-årige aldersgrupper, med 85+ som den eldste aldersgruppa i standardiseringa..

Ein liten del av dødsfalla har ukjend årsak, dette kan variere frå år til år. I 2020 hadde 3,4 prosent av dødsfalla i Noreg og 0,9 prosent i Sverige ukjend årsak. For å sikre meir samanliknbare tal frå år til år, har vi for aldersjusterte dødsårsaksratar justert opp tala for kvart år til ei antatt 100 prosent dekning. Vi føreset at dei manglande dødsårsakene er jamt fordelt utover, men det er sannsynleg at underrapporteringa er større for enkelte dødsårsaker. For totaldødelighet er det ikkje gjort slik justering.

Den predikerte verdiane for 2020 i tabellane er ei ekstrapolering av lineær regresjon for dødsratene justert for manglande dødsårsaker for 2010-2019. Prediksjonsintervalla er også ekstrapolert ut frå dødsratene 2010-2019.

Anslaget for avvik frå forventa/predikert aldersstandardisert tal på dødsfall for 2020, er basert på ekstrapolering av lineær regresjon av talet på døde mellom 2010-2019 i Noreg og Sverige. Desse tala er berre relevante å vurdere dersom den aldersstandardiserte dødsraten var høgare enn øvre grense, eller lågare enn lågaste grense for 95 % prediksjonsintervall.