Hopp til innhold

Valgte elementer er lagt i handlekurven

Gå til handlekurv
Artikkel

Om Abortregisteret og melding av svangerskapsavbrot

Abortregisteret er eit landsomfattande, avidentifisert helseregister over alle svangerskapsavbrot i Noreg. Folkehelseinstituttet forvaltar Abortregisteret og er ansvarleg for å handsame registerdata.

Skjema_fødsel_svangerskapsavbrudd.JPG.
Skjema_fødsel_svangerskapsavbrudd.JPG.

Samandrag

Opplysningar som blir registrerte: I Noreg sender sjukehus og spesialistar melding om svangerskapsavbrot til Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet. Meldinga gir administrative og medisinske opplysningar om kvinna og svangerskapet, og om inngrepet. Verken namnet, adressa eller fødselsnummeret til kvinna blir registrert.

Personvern og informasjonstrygging: Dataa i Abortregisteret blir handsama i tråd med føresegnene i helseregisterlova og i abortregisterforskrifta. Alle opplysningane i registeret blir handsama strengt fortruleg. Berre autorisert personell som treng det i arbeidet sitt med registeret, har tilgang til opplysningane.

Kva opplysningane blir brukte til: Føremålet med Abortregisteret er først og fremst å gi grunnlag for statistikk om praktisering av abortlova, bidra til å evaluere tiltak mot uønskte svangerskap og svangerskapsavbrot samt bidra til at ressursane blir utnytta godt, og til kvalitet i behandlinga av den reproduktive kvinnehelsa. Vidare kan data i registeret brukast til å styre, planleggje og kvalitetssikre helse- og omsorgstenestene og til forsking.

Slik blir meldingar om svangerskapsavbrot sende

Alle sjukehus som utfører svangerskapsavbrot, skal melde inn opplysningar om behandling av krav om svangerskapsavbrot til Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet, avdeling for helseregister. 

  • Melding om svangerskapsavbrudd til Abortregisteret   
  • Lovpålagt skjema: Begjæring om svangerskapsavbrudd, IS-1142 -skjemaet kan ikkje lenger bestillast som trykksak hos Helsedirektoratet, men kan lastast ned. 
    Nytt i skjemaet er at legen ikkje lenger skal skrive under kravet. Dette trer i kraft 01.01.2015. For sjukehus som melder inn til Abortregisteret, kan dette by på nokre praktiske utfordringar. Ein skal framleis krysse av JA for «Begjæringen er signert av kvinnen og legen» sjølv om leieteksten no er feil. Feltet for namnet på legen skal stå tomt.

Konfidensialitet

Abortregisteret er avidentifisert, det vil seie at helseopplysningar som namn, fødselsnummer og andre personeintydige kjenneteikn er fjerna. Opplysningane kan ikkje lenger knytast til ein enkeltperson. Opplysningar som gjer det mogleg å identifisere personar, blir berre registrerte i Medisinsk fødselsregister dersom avbrotet skjer som følgje av alvorleg sjukdom i svangerskapet og misdanningar ved fosteret.

Statistikk

Sjå artikkel om statistikk og søknad om tilgang til data.

Abortstatistikken gir:

  • kunnskap om utviklinga og trendar for svangerskapsavbrot over tid, om mogleg førebygging, samt kan bidra til å evaluere tiltak mot uønskte svangerskap
  • grunnlag for tilsyn med praktiseringa av abortlova og bidrar til god ressursutnytting og kvalitet i behandlinga av den reproduktive kvinnehelsa

Abortregisteret lagar statistikk over alle svangerskapsavbrot i Noreg og om forhold ved sjukehusa si sakshandsaming av kvinna sitt krav om svangerskapsavbrot. 

Relaterte dokumenter