Vedvarande søvnvanskar aukar risikoen for dårleg helse
Forskningsfunn
|Oppdatert
Dette innholdet er arkivert og blir ikke oppdatert.
Vedvarande søvnvanskar aukar risikoen for både psykiske lidingar og kroppslege plager, viser ein ny studie frå Folkehelseinstituttet.
I denne studien har forskarar ved Folkehelseinstituttet, i samarbeid med ei rekke andre institutt, funne at insomni er assosiert med følgjande tilstandar/sjukdommar etter 11 år:
- Mentale lidingar: angst og depresjon
- Fysiske tilstandar: fibromyalgi, leddgikt, whiplash, beinskjørheit, hovudpine, astma, og hjarteinfarkt
Konsekvensar for arbeidslivet
Resultata støttar tidlegare studiar som har funne at dårleg søvn er assosiert med redusert helse, men denne studien er ei av dei første store undersøkingane som har undersøkt konsekvensane av insomni i eit så stort utval over så lang tid.
– Resultata understrekar kor viktig det er å ta søvnplager på alvor. Vi har tidlegare påvist at dårleg søvn aukar risikoen for å falle ut av arbeidslivet. Denne studien viser at ubehandla søvnplager har store individuelle konsekvensar i tillegg til dei samfunnsøkonomiske følgjene vi tidlegare har vist, seier Børge Sivertsen ved Folkehelseinstituttet, som er hovudforfattaren bak studien.
– Nye studiar bør undersøkje i kva grad førebyggjande søvntiltak eller behandling av søvnplager kan hindre utvikling av slike tilstandar, seier Sivertsen vidare.
- Informasjon om behandlingsprogrammet SHUTi - et interaktivt nettbasert behandlingsprogram utviklet for å hjelpe folk som har problemer med å sove.
Om studien
Forskarane har her nytta data frå dei to siste helseundersøkingane i Nord-Trøndelag (HUNT2 frå 1995–1997 og HUNT3 frå 2006–2008). Her er dei same personane følgde over mange år. Utvalet bestod av rundt 25 000 deltakarar.
Studien blei utført i samarbeid med Uni Health Bergen; Helse Fonna HF Haugesund; Finnish Institute of Occupational Health; University of Finland; University of Turku (Finland); Haukeland Universitets Sykehus , Universitetet i Bergen; Levanger Sykehus; NTNU.
Referanse
Sivertsen, B.; Lallukka, T.; Salo, R.; Pallesen, S.; Hysing, M.; Krokstad, S.; Øverland, S. Insomnia as a risk factor for ill health: results from the large population-based prospective HUNT Study in Norway. J. Sleep Res. (online ahead of print: 30 OCT 2013).