Skulemat
Artikkel
|Oppdatert
Senter for evaluering av folkehelsetiltak har sidan 2020 hatt ulike forskingsaktivitetar på skulemat. Senteret har gjennomført nasjonale kartleggingar, effektevalueringar og uttesting av konkrete ordningar. Forskinga har skjedd i nært samarbeid med kommunar og fylker, og andre utdanningsinstitusjonar.
Innføring av skulematordningar ved norske skular er ofte diskutert som eit moglege tiltak for å mellom anna betre kosthaldet, utjamne sosial ulikskap, betre læringsmiljø og -utbytte. Ei nasjonal skulematordning vil vera kostnadskrevjande, og det er ulike syn på om dette er ei riktig politisk prioritering. Samstundes har fleire utval og ekspertgrupper peika på skulemat som eit tiltak som bør vurderast. Senteret sin forskingsaktivitet skal bidra til å styrke kunnskapsgrunnlaget på skulematordningar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.
Kunnskapsoppsummering og nasjonal kartlegging
I 2022 gjennomførte senteret ei kunnskapsoppsummering av internasjonal forsking om effekten av å innføre ei gratis skulemåltid. Oppsummeringa viste positiv effekt av gratis skulemat på utfallsmåla deltaking, kosthald, læring, fråvær og overvekt, men samstundes er det usikkert om resultata har overføringsverdi til ein norsk kontekst.
Sjølv om kunnskapsgrunnlaget er uklart, er det likevel mange ungdomskular og vidaregåande skular som har skulematordningar i dag. Senteret gjennomførte i 2022 ei nasjonal kartlegging av skulematordningar ved alle offentlege ungdomskular og vidaregåande skular. Resultata frå kartlegginga viste at 16 % av ungdomsskulane hadde ei eller anna form for skulematordning, mens berre 6% hadde eit tilbod om eit dagleg gratis måltid. I dei vidaregåande skulane var det 70% av skulane som hadde ei eller anna form for skulematordning, mens 45% av skulane hadde tilbod om eit dagleg gratis skulemåltid, som oftast i form av frukost.
Vestland, Oslo og Viken
Vestland, Oslo og tidlegare Viken er blant dei fylkeskommunane som har hatt satsingar på skulemat og berekraftig kantinemat i den vidaregåande skulen. Senteret har gjennomført datainnsamlingar i desse skulane i 2021, 2022 og 2023. Dette vil danne grunnlag for analysar omkring deltaking i ordningar og måltidsvanar i lys av sosial ulikskap.
I 2024 publiserte senteret resultat frå studien som såg på korleis det å droppe frukostmåltidet blant vidaregåande elevar hang saman med sosial ulikskap. Studien tok for seg data samla inn i 2021 frå 10 000 vidaregåandeelevar i Viken fylkeskommune. Resultata viste at 22% av alle som svarte droppa frukosten på skuledagar. Dei mest vanlege årsakene for dette var at dei ikkje hadde tid eller ikkje hadde lyst på frukost. Å droppe frukosten var mest utbreidd blant jenter, blant dei i dei øvste kulla, blant elevar med lågare sosioøkonomisk status og blant yrkesfaglege elevar.
Oslo kommune introduserte i 2023 eit ordning med tilbod om gratis skulemat i ungdomskulane med ulik form og innhald. Senteret gjennomførte datainnsamling i desse skulane i 2022 og 2023. Dette datagrunnlaget kan brukast i analysar av eventuelle effektar av tilbodet.
Senteret gjennomførte også i 2021 utprøving av ei skulematordning med tilbod om eit dagleg, gratis grytebaserte måltid i ungdomskular i Trøndelag og Oslo. Elevane tok del i matlaginga av rettane som blei laga var i tråd med dei nasjonale kosthaldsråda og hadde ein berekraftig profil. Piloten viste at det var mogleg å servere eit enkelt, varmt måltid innanfor eksisterande infrastruktur. Elevane opplevde dette som positivt, sjølv om det var blanda tilbakemeldingar på rettane elevane fekk servert.
Samla oversikt over publikasjonar og studentoppgåver frå senteret sitt arbeid:
FHI publikasjonar:
- Hovdenak I, M., Helleve, A., Wolden I. E., Bere, E. (2024). Socioeconomic inequality in breakfast skipping among Norwegian adolescents. Nutrition Journal, vol 23.
- Hovdenak I, M., Bere, E., Helleve, A., Selstø, A. (2023) Effekten av et gratis skolemåltid. En kunnskapsoppsummering. Oslo: Folkehelseinstituttet; FHI. Rapport.
- Selstø A, Bere E, Hovdenak IM, Solheim Kolve C, Helleve A (2023). Eit dagleg, gratis skulemåltid i ungdomsskular og vidaregåande skular. Norsk Tidsskrift for ernæring, vol.21 (2)
- Solheim Kolve S, Helleve, A., Bere E. (2022) Folkehelseinstituttet. Gratis skolemat i ungdomsskolen – nasjonal kartlegging av skolematordninger og utprøving av en enkel modell med et varmt måltid. Oslo: Folkehelseinstituttet; 2022. Rapport.
Master- og bacheloroppgåver:
- Birkeland, Janne Elisabeth (2023). Impacts of Implementing Free School Meals on Dietary Habits Among Upper Secondary School Students in Viken Country. NMBU. Masteroppgåve.
- Bjørnerud, Ida Bethina Raastad (2023). Gratis skolemåltid - et virkemiddel for å nå bærekraftsmål? En kvalitativ studie av hvordan koblingen til bærekraft oppfattes av ansatte på to videregående skoler som tilbyr gratis skolemåltid, og deres erfaringer med innføring av skolemåltidsprosjektet. NMBU. Masteroppgåve.
- Blytt, Cornelia og Folkestad, Mia (2022). Sammenhengen mellom sosioøkonomisk status og frokostvaner hos elever på videregående skole: En sammenligning av to skoler med gratis skolefrokostordning. HVL. Bacheloroppgåve.
- Borø, Emil Skarpeid (2021). The Association Between School Meal Offers and Well-being, Learning Culture, Motivation, and School Performance among Norwegian Secondary School Pupils. UiA. Masteroppgåve.
- Brandvik, Caroline Løvik (2020). Hvordan opplever elever i ungdomsskoler måltidssituasjonen ved implementering av gratis, varm skolemat? OsloMet. Bacheloroppgåve.
- Frøvik, Silje (2024). Sammenheng mellom frokostvaner, gratis skolefrokost og kostholdsvaner hos elever på videregående skole i Vestland HVL. Masteroppgåve.
- Hægland, Hanna Kinn (2024). Gratis skolefrokost i videregående skole – elevenes bruk, fornøydhet, og trivsel. HVL. Masteroppgåve.
- Nilssen, Marianne (2021). Sammenhengen mellom kostvaner på skolen og sosioøkonomisk status blant videregående elever i Viken fylke. NMBU. Masteroppgåve.
- Næss, Marte (2023). Innføring av gratis skolemat ved Ål videregående skole - betydningen av kostvaner i skoletiden. NMBU. Masteroppgåve.
- Prestbakmo, Mathilde Høgh (2020). Experiences with organizing school food programs in Norwegian Lower Secondary Schools – a qualitative study. OsloMet. Masteroppgåve.
- Schwanenflugel, Caroline Sofie Telling (2022). Exploring upper secondary school students' experiences of the “Free school meals and sustainable canteens” pilot project in Viken county. NMBU. Masteroppgåve.
- Stangeland, Vilde Kværne (2020). Muligheter og barrierer ved implementering av et varmt, gratis skolemåltid i ungdomsskolen: rektorers perspektiv. NMBU: Masteroppgåve.
- Strøm, Nina Løkken (2023). Sammenhengen mellom gratis skolemat og trivsel, arbeidsro og konsentrasjon blant videregående elever i Viken Fylke. NMBU. Masteroppgåve.
- Søgaard, Karoline (2020). Free breakfast and fruit scheme at one Norwegian high school - perceptions among pupils and school staff. UiO. Masteroppgåve.
- Wolden, Ida Emilie (2021). Spiser ungdommer frokost og lunsj? OsloMet. Bacheloroppgåve.