Reseptregisteret:
Om Reseptregisteret
Artikkel
|Oppdatert
Reseptregisteret inneheld opplysningar om alle legemiddel som er utlevert etter resept på apotek i perioden 2004- 2021. Reseptregisteret er no erstatta av Legemiddelregisteret.
Innheld i registeret
Reseptregisteret inneheld opplysningar om alle legemiddel som er utlevert etter resept på apotek i perioden 2004- 2021. Legemiddel til sjukehus/sjukeheim inngår også i registeret, men ikkje på individnivå. Registeret inneheld òg opplysningar om utlevering av legemiddel til dyr i perioden 2004-2021.
Opplysningane i Reseptregisteret er registrert i pseudonymisert form. Dette inneber at fødselsnummer er erstatta med eit unikt pseudonym for kvar person i registeret. Dette gjer det mogleg å knyte legemiddelbruk til enkeltindivid utan å vite kven dei er.
Rett til innsyn
Du har rett til å vite kva opplysningar som er registrerte om deg
Reseptregisteret er eit pseudonymt register, og det er ingen andre utover deg sjølv som har tilgang til eller som får utlevert helseopplysningar som er knytt til ditt fødselsnummer eller namn. Du har rett til innsyn i kva opplysningar som er registrerte om deg i Reseptregisteret.
Du har rett til å vite kva opplysningar som er registrerte om barna dine
Foreldre/føresette har rett til å vite kva opplysningar som er registrerte om eigne barn fram til barnet er 16 år. Dersom barnet er mellom 12 – 16 år skal barnet likevel få uttale seg før innsyn eventuelt kan givast. Ta kontakt med Reseptregisteret for nærare rettleiing rundt dette.
Forskrift
Registeret er regulert i forskrift av 17. oktober 2003 om innsamling og behandling av helseopplysninger i Reseptbasert legemiddelregister.