Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Smittestopp»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Smittestopp

Prosjekt

Smittestopp - prosjektbeskrivelse

Publisert Oppdatert

Vi ynskjer å finna ut meir om kor godt Smittestopp fungerer og startar difor ei evaluering av appen.


Sammendrag

Evaluering av Smittestopp-appen 

Vi ynskjer å finna ut meir om kor godt Smittestopp fungerer og startar difor ei evaluering av appen. Dersom du er over 16 år, og har blitt testa for covid-19 i år er du velkomen til å delta i studiena 

Om Smittestopp 

I desember 2020 vart den nye Smittestopp-appen lansert i Noreg. Så langt har over 1 millionar brukarar lasta ned appen her i landet, og neste 3500 har meldt seg positive via appen. Målet med appen er å effektivisera smittesporinga ved å vera eit supplement til ordinære (manuell) smittesporing. Smittesporing er ein sentral del i den norske strategien med å teste, isolere, smittespore og karantenesette (den såkalla TISK-strategien) personar som oppheld seg i landet.  

Smittestopp brukar blåtannteknologi for å fanga opp signal frå andre telefonar og om du eventuelt har vore i kontakt med nokon som har fått påvist covid-19. Du kan lesa meir om teknologien her: https://www.fhi.no/om/smittestopp/teknologien-bak-smittestopp/ 

Om spørjeundersøkinga 

I denne spørjeundersøkinga vil me finna ut meir om kor effektiv den nye Smittestopp-appen er og i kor stor grad den hjelper til med å stoppa smitte. Av personvernomsyn er det avgrensa kva informasjon me kan hente ut via appen. Me håpar derfor du er villig til å svara på nokre spørsmål om deg, testing, nedlasting og bruk av appen, og om kor mange personar du bur og vanlegvis er saman med i løpet av ei veke.  

Svara er ikkje anonyme då me vil bruka fødselsnummeret ditt til å henta informasjon om testresultat og sannsynleg smittestad (ved positivt testresultat) registrert i Meldingssystem for smittsomme sykdommer (MSIS). Alle personopplysningar blir anonymisert før analyse og publisering. Denne spørjeundersøkinga blir utført i regi av FHI. Du kan lesa meir om Smittestopp her:  https://www.fhi.no/om/smittestopp/  

Alle personar som er 16 år eller eldre, og som har blitt testa for covid-19 minst éin gong i 2021, kan delta i undersøkinga. NB: Du trenger ikkje å ha lasta ned appen for å delta.  

Dersom du kunne tenka deg å vera med på denne evalueringa går du inn via denne leinken. Du vil fyrst bli bedt om å samtykke til å delta. Etter at du har gitt ditt samtykke, blir du sendt vidare til sjølve spørjeundersøking, den finn du her:

Bokmål: https://nettskjema.no/a/195329
Nynorsk: https://nettskjema.no/a/197874
Engelsk: https://nettskjema.no/a/197991

 

Se fullstendig prosjektbeskrivelse på Cristin for mer informasjon om resultater, deltakere, kontakter med mer

Prosjektdeltakere

Prosjektleder

Hinta Meijerink, Avdeling for smittevern og vaksine, Folkehelseinstituttet

Prosjektdeltakere

Elisabeth Henie Madslien, Avdeling for smittevern og beredskap, Folkehelseinstituttet

Start

01.06.2021

Slutt

31.12.2021

Status

Pågående

Prosjekteier/ prosjektansvarlig

Folkehelseinstituttet

Prosjektleder

Hinta Meijerink

Prosjektdeltakere ved FHI

Elisabeth Henie Madslien