Omgangssjuke forårsaka av norovirus
Artikkel
|Sist endret
Norovirus er svært smittsamt og er den vanlegaste årsaken til omgangssjuke eller smittsam mage- og tarmsjukdom. Personar i alle aldersgrupper kan bli smitta og sjuke. Det viktigaste førebyggande tiltaket er grundig handvask med såpe og vatn. Alkoholbasert handdesinfeksjon er mindre effektivt mot norovirus. Vinteren er høgsesong for sjukdomen.
Kor lang tid tar det frå smitte til ein blir sjuk?
Det tek 12–48 timer frå ein blir smitta til ein blir sjuk.
Korleis utviklar sjukdomen seg?
Sjukdomen er vanlegvis mild og går over av seg sjølv etter 1–3 dagar hos elles friske personar
Symptoma er akutt kvalme, oppkast, magesmerter og diaré. I tillegg får mange influensaliknande symptom som feber, muskel- og leddverk og hovudpine.
Når er ein mest smittsam?
Ein smitta person er mest smittsam medan vedkommande har symptom med oppkast og diaré, men kan òg vere smitteførande etter at symptoma gir seg. Etter 48 timer skil dei fleste ut mindre smittestoff.
Kor lenge varer sjukdomen?
Hos dei aller fleste vil infeksjonen gå over av seg sjølv i løpet av eit par dagar. Det er normalt ikkje behov for å oppsøke lege ved norovirusinfeksjon.
Få i deg rikeleg med drikke
Det finnes ingen behandling mot omgangssjuke, men du kan lindre symptom og førebygge komplikasjoner. Det viktigaste er å forhindre uttørring. Det er derfor viktig å få i seg rikeleg med drikke for å erstatte væsketapet ved diaré og oppkast, gjerne i små mengder av gangen. Du bør unngå drikke med høgt sukkerinnhald.
Du kan også kjøpe ulike elektrolyttløysingar på apotek som kan bidra til å erstatte salt, sukker og væsketap.
Når bør du kontakte lege?
Du bør kontakte lege ved bekymring for eigen helsetilstand og ved langvarig diaré og oppkast. Små barn som får oppkast og diaré kan være meir utsett for dehydrering enn vaksne. Vær oppmerksam på barnets allmenntilstand og kontakt lege dersom du er bekymra for barnet.
Jo yngre barna er, desto mindre skal det til for at du bør kontakte lege.
Når kan ein vende tilbake til jobb, skule eller barnehage?
Vanlegvis kan ein vende tilbake til jobb og skule når ein kjenner seg frisk. Fordi ein kan skilje ut smittestoff også etter at symptoma gir seg, er det ekstra viktig med god handhygiene i dei første dagane etter at ein har blitt frisk.
Personar som handterer mat (for eksempel i storkjøkken eller kantine) og helsepersonell som har direkte kontakt med pasientar, bør ikkje vende tilbake til arbeidet før 48 timar etter at oppkast og diaré gir seg.
Barn i barnehage bør på same måte halde seg heime ved symptom og ikkje sendast til barnehagen igjen før det har gått 48 timar etter at oppkast og/eller diaré gir seg.
God hand- og kjøkkenhygiene er viktigast for å førebygge smitte
Dei viktigaste førebyggande tiltaka mot norovirusinfeksjon er god hand- og kjøkkenhygiene. Med god handhygiene meinast grundig handvask med såpe og rennande vatn. Alkoholbasert handdesinfeksjon er mindre effektivt mot norovirus.
Det er viktig at ein legg til rette for handvask på stader der mange er samla, til dømes på skular, i barnehagar og offentlege stader. Bruk eingongs tørkepapir til hender og ikkje handkle.
For reingjering av overflater som er tilsølte med oppkast eller avføring, bør ein tørke av overflatene med det same, gjerne med hushaldspapir. Deretter gjer ein rein flata på vanleg måte med reingjeringsmiddel og vatn. Av vanlege rengjeringsmiddel i heimen kan klorin brukast. Følg brukskonsentrasjonen som står på flaska (1,25 dl klorin i 5 liter vatn). Ta omsyn til om overflata toler klor. Alle berøringspunkt (toalett, dørhandtak, vask) kan tørkast over med tilsvarande blanding.