Munnbind - råd til befolkninga
Artikkel
|Sist endret
Artikkelen gir råd om bruk av munnbind i periodar med mykje luftvegsinfeksjonar i samfunnet, korleis munnbind skal brukast på rett måte, kva for ulike typar som finst og kva forsking seier om effekten av bruk av munnbind.
Bruk av munnbind
Bruk av munnbind kan vere med på å redusere spreiing av luftvegsinfeksjonar:
- Har du luftvegssymptom, kan bruk av munnbind og/eller å halde avstand redusere risikoen for at du smittar andre.
- Risikoen for å bli smitta sjølv kan bli litt mindre dersom du brukar munnbind/held avstand. Dette kan særleg vurderast for folk i risikogruppene, ved opphald på folksame plassar innandørs i periodar med mykje smitte.
Sjå òg:
For nærare skildring om munnbind i helse- og omsorgstenesta, sjå:
Grupper som ikkje blir tilrådde munnbind
Desse gruppene blir ikkje tilrådde bruk av munnbind:
- Born under 2 år blir frårådd å bruke munnbind sidan det kan hindre fri pust/frie luftvegar.
- Personar som har nedsett medvit, eller av andre grunnar ikkje klarer å ta av munnbindet sjølve.
- Born under 12 år blir ikkje tilrådde å bruke munnbind.
Andre grupper som ofte ikkje blir tilrådde å bruke munnbind er til dømes personar som:
- har kronisk hjarte- og/eller lungesjukdom
- sjukdom eller tilstand som gir nedsett kognitiv funksjon, eller der bruk av munnbind er ei stor psykisk belastning
- samhandlar med høyrselshemma
Munnbind ved høyrselshemma
Munnbind gjer det vanskelegare å samhandle med personar med høyrselshemming. Du kan alternativt halde avstand om mogleg.
Medisinske munnbind og tøymunnbind
Vi skil mellom medisinske munnbind og tøymunnbind:
- Medisinske munnbind er eingongsmunnbind.
- Tøymunnbind er heimelaga eller fabrikkproduserte. Dei er laga av tekstil eller andre vaskbare materiale.
Medisinske munnbind
Medisinske munnbind er definerte som medisinsk utstyr. Nasjonale og europeiske reglar gir krav til slike munnbind. Krava handlar mellom anna om filtrering, pusteevne, sprutmotstand, prøvingsmetodar og korleis det skal dokumenterast at krava er oppfylte.
Tøymunnbind
Tøymunnbind er ikkje medisinsk utstyr og er derfor heller ikkje omfatta av eit formelt regelverk. Likevel har den europeiske standardiseringsorganisasjonen (CEN) laga rettleiing om minstekrav, testmetodar og korleis munnbind kan brukast. Det er krav til filtreringsevne og pustemotstand, utforming, storleik og om dei kan vaskast. Det finst to klassar for tøymunnbind basert på filtrering: minst 70 eller 90 prosent av partiklar på rundt 3 mikrometer. Til samanlikning skal medisinske munnbind type II og IIR ha filtreringsevne på minst 98 prosent.
Til bruk utanfor helsetenesta tilrår FHI medisinske munnbind framfor tøymunnbind. Tøymunnbind bør oppfylle krava til CEN. Munnbindet skal ikkje ha inn- eller utandingsventil sidan ventilar reduserer effekten. Dersom det er mangel på medisinske munnbind, bør desse vere forbeholdt helsetenesta. Tøymunnbind blir ikkje tilrådd brukt i helsetenesta.
Andedrettsvern
Andedrettsvern blir først og fremst brukt i helsetenesta. Det gjev betre vern enn vanlege munnbind mot ørsmå dropar med smittestoff (aerosol) og sit tettare rundt ansiktet.
I samfunnet blir medisinske munnbind likevel tilrådde framfor andedrettsvern for vern mot akutte luftvegsinfeksjonar. Studier viser at forskjellen i beskyttelse mot luftvegsvirus som influensa- og koronavirus vanlegvis er lita, med mindre ein er i situasjonar med særleg stor eksponering, til dømes ved visse medisinske prosedyrar i luftvegane på smitta pasientar. Andedrettsvern kan vere tungt å puste gjennom over tid, og det kan vere vanskeleg å finne eit andedrettsvern som passar godt til ansiktet. Dette kan føre til lekkasje og redusert effekt. Bruk over lengre tid kan også gje ubehag som anstrengt pust, svimmelheit, hovudverk og hudproblem. Folk med underliggande sjukdomar som kroniske hjarte- og lungesjukdomar bør unngå å bruke andedrettsvern.
Viss du vel å bruke andedrettsvern, er det viktig at det sit tett rundt nase og munn. Følg med på eiga helse, og slutt å bruke det ved symptom som tungpust, svimmelheit og hovudverk. Merk at det finst ulike typar andedrettsvern som vernar mot ulike risikofaktorar. Nokre vernar mot partiklar (som bakteriar og virus), andre mot gass og atter andre mot begge delar. Andedrettsvern som vernar mot gass, vernar ikkje mot partiklar – og motsett.
Slik brukar du munnbind rett
For at munnbindet skal ha god effekt, må det sitje tett rundt kantane og dekkje godt over munn og nase. Då sikrar du at mest mogleg av lufta du pustar ut og inn blir filtrert gjennom munnbindet og ikkje lekk ut på sidene.
Innsida av munnbindet kan bli forureina under bruk dersom du sjølv er smitta. Utsida kan bli forureina med smittestoff frå andre. Rør munnbindet minst mogleg.
Slik tek du på deg munnbind:
- Vask hendene eller bruk handsprit først.
- Hald munnbindet med den lyse sida mot ansiktet.
- Fest strikkane rundt øyrene eller knyt banda bak hovudet.
- Klem nasebøylen godt rundt naseryggen.
- Dra munnbindet godt ned under haka slik at det dekkjer både nase og munn.
- Brukar du briller, plasser dei oppå munnbindet.
- Unngå å ta på munnbindet under bruk.
Etter bruk:
- Ta av munnbindet, rør helst berre strikkane/knytebanda.
- Kast munnbindet som vanleg avfall (tøymunnbind oppbevarast i pose til vask).
- Vask hendene eller bruk handsprit.
Medisinske munnbind skal ikkje brukast om att. Dei er laga for eingongsbruk og skal kastast etter bruk.
Informasjonsmateriell
Plakatar
- Riktig bruk av medisinsk munnbind og tøymunnbind – plakater med tegninger, bokmål, nynorsk
- Slik bruker du munnbind – plakat med foto og tekst, bokmål, nynorsk og engelsk
Gjenbruk av tøymunnbind
Tøymunnbind kan brukast fleire gongar, men må vaskast godt mellom kvar gong. Vask i vaskemaskin på minst 60°C med vanlege vaskemiddel. Ikkje bruk tøymjuknar.
Reine og brukte tøymunnbind må oppbevarast kvar for seg.
Viss du må bruke munnbind fleire gongar på kort tid, bør du bytte til nytt munnbind kvar gong.
Reingjering av tøymunnbind
Nokre reingjeringsmetodar blir ikkje tilrådde fordi dei anten ikkje fjernar virus effektivt eller kan svekke filtereffekten til tekstilet:
Frysing: Bakteriar og virus kan overleve svært låge temperaturar.
Koking: Kan svekkje evna til tekstilet til å filtrere luft.
Tørr-rensing: Prosessen kan etterlate helseskadelege stoff i tekstilet.
Kviletid: Det er uvisst kor lenge bakteriar og virus kan overleve på tøymunnbind. Overlevingstida kan variere med temperatur, luftfukt og materiale. Ein kan derfor ikkje angi nøyaktig tid for kor lenge munnbindet må liggje før det kan bli brukt på ny.
Kunnskapsgrunnlag
Det finst avgrensa med studiar om smitteførebyggjande effekt for akutte luftvegsinfeksjonar ved bruk av munnbind i samfunnet. Samla sett tyder forsking på at det har ein viss effekt. Riktig bruk, mellom anna at munnbindet dekkjer munn og nase og sit tett på ansiktet, er viktig for at munnbindet skal verke.
Den beste effekten er dokumentert når smitteførande personar brukar munnbind. Det hindrar spreiing av store og små dropar frå den som er smitteførande. Dei heilt små dropane (aerosol) vil likevel kunne lekke ut på sida av munnbindet, og du kan bli smitta dersom du er tett på ein smitteførande person.
Munnbindet gjev også vern mot smitte for den som brukar det ved å hindre dropar frå å treffe munn og nase. Men aerosol kan komme inn langs kanten av munnbindet dersom du er nær ein smitteførande person.
Folkehelseinstituttet utarbeidde i juni 2020 ei rask oppsummering av kunnskapen om effekten av munnbind. Oppsummeringa gjaldt bruk av munnbind blant personar utan symptom, der formålet var å førebyggje spreiing av covid-19. Denne rapporten vart oppdatert i november 2020:
- Bør personer i samfunnet uten luftveissymptomer bruke munnbind for å redusere spredning av covid-19?
Folkehelseinstituttet har også gitt ut ein rapport med råd om bruk av munnbind i folket (august 2020). Rapporten skildrar situasjonar der det kan vere aktuelt å tilrå munnbind, og fordelar og ulemper med å tilrå bruk i ulike situasjonar:
I juni 2021 laga Forsvarets forskingsinstitutt ein stor litteraturstudie om effekten av medisinske og ikkje-medisinske munnbind brukt både som kjeldekontroll og andedrettsvern:
- Efficacy of face masks as source control and respiratory protection against transmission of SARS-CoV-2 (Forsvarets forskingsinstitutt)
I september 2021 vart det publisert ein stor studie frå Bangladesh om effekten av bruk av munnbind i samfunnet:
- The Impact of Community Masking on COVID-19: A Cluster-Randomized Trial in Bangladesh (Innovation of Poverty Actions)