Rapport 2008:8
Levekårsundersøkelsen 2005. Utsatte grupper og psykisk helse
Rapport
|Oppdatert
Rapporten utgis av Folkehelseinstituttet på oppdrag fra Helsedirektoratet.
Last ned
Sammendrag
Rapporten ”Utsatte grupper og psykisk helse” frå Folkehelseinstituttet er basert på data frå levekårsundersøkinga som Statistisk Sentralbyrå gjennomførde i 2005. Resultata viser at blant personar som har inntekt under fattigdomsgrensa, personar som korkje er i arbeid eller under utdanning, einslege og skilde er det prosentvist dobbelt så mange som har store psykiske plager som i befolkninga elles.
og skilde er det prosentvist dobbelt så mange som har store psykiske plager som i befolkninga elles. Blant personar som lever på trygd eller sosialhjelp, er det om lag fire gonger fleire med store psykiske plager enn i resten av befolkninga.
Datamaterialet er henta frå Levekårsundersøkinga, og det er først og fremst symptom på angst og depresjon som er målt. Med psykiske plager meiner ein blant anna lettare former for angst og depresjon. Plagene kan vere store, men ikkje så store at dei fyller krava til ein psykiatrisk diagnose.
Å både vere utan jobb og leve utan ein partner aukar risikoen
Undersøkinga viser at å vere utan arbeid, leve av trygd eller sosialhjelp og bu utan ein partner, er dei faktorane som har størst betyding for psykiske helseproblem. Tilhøyrer ein to utsette grupper har ein fire gonger så høg risiko for psykiske plager. - Vi fann at dei som tilhøyrde fleire utsette grupper hadde ein større risiko for psykiske plager- spesielt det å både vere utan jobb eller skole og samtidig leve utan ein partner - var ein betydeleg risiko for psykiske plager, seier Ingri Myklestad, forskar ved Folkehelseinstituttet.
Om lag 8,7 prosent av befolkninga hadde psykiske plager i 2005. Det viser rapporten ”Utvikling i psykisk helse”, som Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet nyleg gav ut. Den nye rapporten viser at rekna i prosent er det flest med psykiske plager blant dei som får trygd eller sosialhjelp. I desse gruppene er det også flest som har hatt tidlegare depresjonar og flest som har brukt medisin mot slike plager. Dessutan er det flest i desse gruppene som er lite tilfredse med livet sitt.
Usunne levevanar hos utsette grupper
Det vart i denne undersøkinga funne ein klar samanheng mellom psykiske plager og helseskadeleg åtferd, og ein fann ei opphoping av helseskadeleg åtferd som røyking, bruk av rusmidlar og lite mosjon hos dei utsette gruppene.
Eit mål for psykisk helse er kor tilfreds ein er med livet. Det å ha ein partnar og jobb/skole å gå til har størst betyding for kor tilfreds ein er, i tillegg til økonomi og sosial støtte.
Dei som er mest tilfredse, opplever oftare enn andre at dei meistrar sin livssituasjon. Med meistring meinar ein at individet er i stand til å handtere ein vanskeleg livssituasjon, enten ved å løyse problemet eller ved ein kjenslemessig tilpassing til situasjonen.
Undersøkinga viser også at det er:
- flest som brukar narkotika blant fattige og blant dei som får sosialhjelp.
- flest som er avhengige av alkohol blant skilde/separerte og blant dei som får sosialhjelp.
- flest som er overvektige, røykjer dagleg og trimmar lite blant dei med lav utdanning, blant dei som korkje har arbeid eller skole å gå til, og blant trygda. Flest daglegrøykjarar er det blant dei som får sosialhjelp.
Om datamaterialet
Datamaterialet er henta frå Statistisk sentralbyrås (SSBs) levekårsundersøking med tema helse, frå 2005. Dette er ein befolkningsrepresentativ utvalgsundersøking av individ over 15 år som er kopla til SSBs befolkningsregistre. Forskarane har avgrensa deltakarane i denne undersøkinga til aldersgruppa 25-64 år.
Hopkins System Check List med 25 spørsmål (HSCL-25) ble nytta til å måle graden av psykiske plagar. Skalaen fangar først og fremst opp vanlige symptomar på depresjon og angst, og skårar på over 1,75 blir regnet som betydelege psykiske plagar.
Svarprosenten på spørsmåla om psykisk helse er lav (57 %), og datamaterialet er truleg ikkje representativt for den norske befolkninga. Mykje tydar på at førekomsten av psykiske plager og delen som bruker medisinar mot angst og depresjon er noko lågare i dette materialet enn i den norske befolkninga fordi folk med store psykiske problem er mindre tilbøyelege til å ville delta i slike undersøkingar.
- Dei utsette gruppene er underrepresentert i undersøkinga, og det er derfor sannsynleg at førekomsten av psykiske plager er noko høgare i dei utsette gruppene enn det tala i denne undersøkinga viser. Når vi likevel finn at dei utsette gruppene har ein høgare førekomst av psykiske plager enn resten av befolkning er det eit viktig funn, og ein kan gå ut frå at dette er ein reell tendens, seier Ingri Myklestad.