Hopp til hovedinnhold
FHI logo

Omtale av Cochrane-oversikt

Kroppshår på operasjonsbordet?

Forskningsomtale

|

Sist endret

Det er vanleg å fjerne kroppshår før ein operasjon for å minske risikoen for infeksjon. Men det viser seg at risikoen for infeksjon er den same for pasientar som får fjerna hår, og dei som ikkje får det.

Hovedbudskap

Pasientar på sjukhus er utsett for infeksjonar. Dei kan få smitte frå sjukehusmiljøet, eller dei kan utvikle infeksjonar frå eigen normalflora. Målet med den nyleg publiserte Cochrane-oversikten var å sjå på om rutinemessig fjerning av hår før operasjon reduserer infeksjonsfaren. Det er det altså ikkje grunnlag for å hevde.

Klipping best
Om det er naudsynt å fjerne hår, er klipping betre enn barbering. Forskarane kunne ikkje samanlikne bruk av hårfjerningskrem og barbering på grunn av for lite dokumentasjon. Det spelar liten rolle om hårfjerninga skjer dagen før operasjon eller same dag.

Bekreftar norsk rapport
- Det blei laga ein norsk rapport om dette i 2000. Denne nye Cochrane- oversikten viser at hovudkonklusjonane i denne framleis står ved lag, seier assisterande direktør i Kunnskapssenteret, Berit Mørland.

Den norske rapporten om hårfjerning før operasjon blei etterspurt og utført på grunn av varierande praksis ved norske sjukehus. - Det var difor behov for ein systematisk gjennomgang av dokumentasjonen på området, seier Mørland.

Kartla praksis
Den norske rapporten kartla og praksis ved norske sjukehus med sentralsjukehusfunksjon. Eit fleirtal av sjukehusa rapporterte at hårfjerning skjedde ved klipping eller bruk av hårfjerningskrem. Nokre av sjukehusa brukte barbering. Det er uvisst korleis dette er i dag.

Kilder:
Tanner J, Woodings D, Moncaster K
Preoperative hair removal to reduce surgical site infection

SMM-rapport 2-2000 Preoperativ hårfjerning 

Sammendrag

Publisert |Sist endret