Hopp til innhold

Forskningskartlegging

Behandlingsmetodar for flyktningar med alvorlege psykiske helseproblem

Ei vurdering av systematiske oversikter og randomisert kontrollerte studiar (RCTar) om behandling av flyktningar med alvorlege psykiske helseproblem. Sosial- og helsedirektoratet bestilte notatet.

Ei vurdering av systematiske oversikter og randomisert kontrollerte studiar (RCTar) om behandling av flyktningar med alvorlege psykiske helseproblem. Sosial- og helsedirektoratet bestilte notatet.


Sammendrag

Om notatet
Føremålet med dette arbeidet var å vurdere systematiske oversikter og randomisert kontrollerte studiar (RCTar) om behandling av flyktningar med alvorlege psykiske helseproblem. Sosial- og helsedirektoratet bestilte notatet.

Den vanlegaste diagnosen ved alvorlege psykiske helseproblem hjå flyktningar er posttraumatisk stressliding (PTSD).

Behandlinga er oftast basert på kognitiv åtferdsterapi (CBT).  Eksponeringsterapi og medisinering blir òg brukt, til dels i kombinasjon med CBT.

Frå 204 identifiserte referansar inkluderte me ei systematisk oversikt som omhandla behandling av psykiske lidingar hjå vaksne. Denne oppsummerte resultat frå ni studiar (ein liten RCT og åtte pasientseriar). Behandlingstiltaka var eksponeringsbehandling, kognitive behandlingar, gruppeterapi og stressmestring: 

- Resultata frå studiane i denne oversikten gir ikkje grunnlag for å konkludere om nytten av behandlingsmetodar for flyktningar. 

- Oversikten konkluderer med at ei kulturell tilpassing av tiltaka er viktig, utan at det visest til dokumentasjon for dette

I tillegg søkte me etter RCTar for å vurdere om det er grunnlag for ein systematisk gjennomgang. CBT var tiltak i sju av studiane, anten aleine eller i kombinasjon med medisinering eller eksponeringsterapi.

Desse studiane har få deltakarar og ulik tilnærming. Det er derfor usikkert om ei vurdering av desse aleine vil kunne gi ny substansiell kunnskap.

Konklusjon
Gjennomgangen av dokumentasjonen gir ikkje klart svar på kva for behandlingsmetodar som er effektive ved behandling av psykiske lidingar hjå flyktningar.

Det er gjennomført enkelte randomiserte kontrollerte studiar om denne problemstillinga, men dei fleste rapporteringar er frå ikkje-kontrollerte studiar.

Sjølv om me har lite spesifikk informasjon om behandling av psykiske helseproblem hjå flyktningar, så har me eit kunnskapsgrunnlag for behandling av posttraumatisk stressliding generelt.

Det er ei utfordring at diagnosekriteriene og behandlingstiltak for PTSD er utvikla og validert i vestlege populasjonar, og eit relevant spørsmål om dette er overførbart til flyktningar.

    Om publikasjonen

  • Utgitt: 2006
  • Av: Innvær S, Ormstad SS, Paulsen EJ, Norderhaug IN
  • Forfattere: Innvær S, Ormstad SS, Paulsen EJ, Norderhaug IN.
  • ISBN elektronisk: 82-8121-109-1