Hopp til innhold

Få varsel ved oppdateringer av «Rapport om svangerskapsavbrot 2020 Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret)»

Hvor ofte ønsker du å motta varsler fra fhi.no? (Gjelder alle dine varsler)
Ønsker du også varsler om:

E-postadressen du registrerer her vil kun bli brukt til å sende ut nyhetsvarsler du har bedt om. Du kan når som helst avslutte dine varsler og slette din e-post adresse ved å følge lenken i varslene du mottar.
Les mer om personvern på fhi.no

Du har meldt deg på nyhetsvarsel for:

  • Rapport om svangerskapsavbrot 2020 Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret)

Rapport

Rapport om svangerskapsavbrot 2020 Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret)

Publisert

Rapporten viser tal over begjæringar om og utførte svangerskapsavbrot i Noreg i 2020.

Forside årsrapport Abort.jpg

Rapporten viser tal over begjæringar om og utførte svangerskapsavbrot i Noreg i 2020.


Du kan laste ned heile rapporten som pdf-fil.

Forfattere

Om rapporten

  • Utgitt: 03/2021
  • Av: Folkehelseinstituttet
  • Forfattere: Løkeland M, Heiberg-Andersen R, Akerkar R, Jonasson ØA, Askeland OM, Hornæs M, Halvorsen GS, Faugstad LA, Juliusson PB.
  • ISBN elektronisk: ISSN 1891-6392

I 2020 vart det sendt inn 12 150 begjæringar om svangerskapsavbrot og utført 11 081 svangerskapsavbrot i Noreg. Dette er 654 (5,6 %) færre utførte svangerskapsavbrot enn i 2019. Ein såg ein tilsvarande nedgang frå 2018 til 2019.

Avbrotsraten har ein nedgang frå 9,7 i 2019 til 9,2 per 1 000 kvinner i fertil alder (15-49 år) i 2020 og er såleis ein vidare nedgang i abortraten for alle kvinner i fertil alder (15-49 år). Troms og Finnmark, Oslo og Innlandet er dei fylka med flest svangerskapsavbrot per 1 000 kvinner; 11,6 i Troms og Finnmark, 11,1 i Oslo og 10,0 i Innlandet. Innlandet er det einaste fylket som har hatt ein auke i abortraten sin frå 9,0 til 10,0 per 1000 kvinner i alderen 15-49 år frå 2019 til 2020.  Dersom ein ser på avbrotsratene i dei store universitetsbyane så har Tromsø den høgste avbrotsraten på 11,2 per 1000 kvinner. Møre og Romsdal, Rogaland og Agder hadde dei lågaste ratene for svangerskapsavbrot; med 7,0 per 1 000 kvinner i Møre og Romsdal, 7,1 i Rogaland og 7,8 i Agder. Det er per i dag tre av 11 fylke som har ein avbrotsrate på 10 eller meir per 1000 kvinner (15-49 år).

Sidan 2009 har det samtidig vore ein nedgang i talet på fødslar per 1000 kvinner i fertil alder (15-49 år).