Hopp til hovedinnhold
FHI logo
utsnitt_drammen_page1.PNG

Folkehelseprofilar for kommunar, bydelar og fylke 2019

Statistikk

|

Sist endret

Folkehelseprofilane inneheld statistikk og vurdering av temaområda befolkning, oppvekst og levekår, miljø, skader og ulykker, helserelatert åtferd og helsetilstand. Det er i 2019 utarbeidd ein profil for kvar kommune og fylke og for bydelane i fire byar, til saman 474 profilar på bokmål og nynorsk.

Hovedbudskap

Profilen er på fire sider med ein felles temaartikkel og i tillegg statistikk som er spesifikk for den enkelte kommune, bydel og fylke.

Byane som kan hente bydelsprofilar er Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim. Folkehelseprofilar for kommunar og fylke er utgjevne på bokmål og nynorsk frå og med 2012. Bydelsprofilar kom med i 2015.

Alle profilane tilbake til 2012 kan lastast ned frå nettsida Hent folkehelseprofil Sjå relaterte dokument, her finn du eksempel på 2019-profilane.

Temaartikkelen for 2019 handlar om tryggleik og trivsel i oppveksten. Statistikken som blir vist i profilen, er tilpassa dette temaet. I tillegg kan kommunar og fylke hente statistikk frå Kommunehelsa statistikkbank  og Norgeshelsa statistikkbank.

Ifølgje lov om folkehelsearbeid skal kommunane skaffe seg oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar folkehelsa. Folkehelseprofilane og statistikkbankane er viktige hjelpemiddel i dette arbeidet. I tillegg må kommunane bruke lokalkunnskap og andre relevante kjelder.

 

Publisert |Sist endret