Hjerte- og karregisteret. Rapport for 2013
Rapport
|Oppdatert
Årsrapporten fra Hjerte- og karregisteret viser at 327 845 pasienter ble registrert med en hjerte- og karrelatert lidelse i forbindelse med innleggelse eller poliklinikkoppmøte på sykehus i 2013. Hjerte- og karregisteret ble opprettet i 2012 og gir oversikt over alle som er i kontakt med spesialisthelsetjenesten for hjerte- og karsykdommer. Formålet med registeret er å bidra til bedre kvalitet på helsehjelpen til personer med hjerte- og karsykdommer.
Sammendrag
Årsstatistikken for 2013 viser følgjande tal
- 327 845 pasientar var i kontakt med sjukehus og poliklinikkar for ein hjarte- og karrelatert sjukdom i 2013.
- Av desse pasientane var 133 780 (41 prosent) òg i kontakt med sjukehus og poliklinikkar for slik sjukdom i 2012, medan 194 065 (59 prosent) vart registrerte for første gong i Hjarte- og karregisteret i 2013.
Data frå avtalespesialistar er ikkje med i statistikken for 2012 og 2013. Når desse vert tekne med, reknar ein med at talet på pasientar i Hjarte- og karregisteret vert noko større.
Nesten 120 000 vart innlagde i sjukehus i 2013.
Desse fordeler seg slik:
- 9 730 pasientar med hovuddiagnosen akutt hjerneslag
- 11 749 pasientar med hovuddiagnosen akutt hjarteinfarkt
- 8 003 pasientar med hovuddiagnosen hjartesvikt
Finn fleire tal i statistikkbanken til Hjarte- og karregisteret. I statistikkbanken kan du finne tal for ulike aldersgrupper, og du kan skilje mellom pasientar som har hatt ein tilstand som hovuddiagnose eller bidiagnose.