Eldre i Norge: Forekomst av psykiske plager og lidelser
Rapport
|Oppdatert
Rapporten er skrevet på oppdrag fra Helse- og omsorgsdepartementet. Målsettingen har vært å gi en kortfattet oversikt over omfanget av psykiske plager og lidelser blant eldre i Norge. Rapporten er derfor først og fremst basert på en gjennomgang av nordiske vitenskapelige publikasjoner om forekomsten av psykiske plager og lidelser blant eldre.
Last ned
Hovedbudskap
Einrapport frå Folkehelseinstituttet avdekkjer mangelfull kunnskap om den psykiske helsa hos menneske over 65 år. Undersøkingane som er gjennomgått, viser stor spreiing i omfanget av psykiske plager og lidingar blant eldre. Eldre i 60-70-årsalderen som bur heime, ser ut til å ha mindre psykiske plager og lidingar enn den øvrige vaksne befolkninga. Nokre studiar blant eldre som bur i institusjon, viser derimot høg førekomst av psykiske plager og lidingar.
Rapporten Eldre i Norge: Forekomst av psykiske plager og lidelser er skriven på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Målsettinga med rapporten har vore å gi eit kortfatta oversyn over omfanget av psykiske plager og lidingar blant eldre i Noreg.
Rapporten er derfor først og fremst basert på ein gjennomgang av nordiske vitenskaplege publikasjonar om førekomsten av psykiske plagar og lidingar blant eldre.
Hovudkonklusjonen i rapporten er at vi har mangelfull kunnskap om førekomsten av psykiske plager og lidingar blant eldre i Noreg over 65 år.
Undersøkingane som er gjennomgått, viser stor spreiing i omfanget av psykiske plager og lidingar blant eldre avhengig av kva utval som har blitt undersøkt, kva for data som har blitt samla inn og korleis datainnsamlinga har skjedd. Yngre eldre i 60-70-årsalderen som bur heime, har truleg relativt låg førekomst av psykiske plager og lidingar samanlikna med den øvrige vaksne befolkninga. Likevel finn studiar blant eldre som bur på ulike former for institusjonar, høg førekomst av psykiske plager og lidingar.
Medan mykje tyder på ein lågare førekomst av angst- og depresjonslidingar rundt 65-årsalderen enn i yngre aldersgrupper, tyder nokre av resultata på ein høgare førekomst i dei aller eldste aldersgruppene. Dette er ikkje unaturleg, då somatisk sjukdom og smerter, funksjonsnedsetjing og tap av nære personar utan tvil vil gjere den sisten delen av livet til ein vanskeleg periode for mange.